Tysvær Historielag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Logoen.

Tysvær Historielag i Tysvær kommune i Rogaland vart skipa i 1988 som Tysvær historie - og ættesogelag. Laget fekk sitt noverande namn i 1993. Føremålet er «å fremja interessa for slekts- og lokalhistorie ved å samla inn og ta vare på historie og tradisjonar som kan fortelja ettertida om dei vilkår folk i Tysvær og tilstøytande bygdelag har levd under gjennom tidene. For å nå dette målet skal laget samla inn skriftleg og munnleg materiale, bilete, tradisjonar og minneoppgåver, stadnamn og ord som er eller har vore i dagleg bruk i lokalsamfunnet».

Laget hadde 60 medlemmer i 1992, og i 2019 er talet oppe i 136.

Logoen

Logoen er knytta til utvandringa til Amerika. «Restaurationen» segla frå Stavanger 4. juli 1825 med 52 menneske om bord, og mest halvparten av dei var frå Tysvær. Cleng Peerson hadde førebudd reisa og stod og tok i mot dei i New York. Tysvær er ein utvandringskommune. Frå 1866 til 1900 utvandra 627 frå dåverande Tysvær kommune og 928 frå Nedstrand.

Hovudaktivitetar og publikasjonar

  • Artikkelserie i Tysvær bygdeblad i samband med hundreårsjubileet i 2005. Artiklane er samla i eit eige nummer.
  • Gustav Skorpe sitt skrift: Saker frå Rettsapparatet, 1650 til 1675 frå nærområdet til Tysvær kommune kom ut i 2007.
  • Oppspora, henta heim og restaurerte Tysvær-fana som blei sendt over til utvandra Tysvær-buar i 1927. Fana blei gitt til ordførar Harald Stakkestad 17. mai 2009 og er no vel oppbevart i ein glasmonter ved «Reisen til Amerika» i Tysværtunet.
  • Laget var arrangør av ein studietur «i Cleng Peersons fotspor» i september 2009.
  • I slutten av november 2015 arrangerte laget tur til Clifton, Texas, også denne gongen i Peersons fotspor. Han døydde i Clifton i 1885. Formålet med turen var: 1. Åpning av Cleng Peerson farm som var kjøpt av tysværbuen Thomas Mannes. 2. Legge ned krans på Cleng Peersons grav, 150 år etter hans død. 3. Delta i den årlige Norwegian Country Christmas Tour i Clifton.
  • Boka Matkultur i Tysvær. Kvardag og fest, før og no vart den store bok-julegåva i Tysvær i 2009. Det vart seld over 800 bøker frå boklansering i bLEST-veka i november til årsskiftet.
  • Boka om Hans Rønnevik, utvandra tysværbu, farmar og forfattar, kom i november 2010.
  • Kvar midtsommarfest har laget ei samling på Hesthammar gamle skule + historiske vandringar.
  • 2011-2014: digitaliserte bildearkivet som historielaget har overteke frå Tysvær Bygdeblad i eit samarbeid med kulturkontoret.
  • 2015: Starta med å gi ut årbok kvart år med navnet Vingespenn. Har sidan komme ut årleg. Nedstrand museum- og historielag er medutgjevar.

Leiarar

  • Atle Heskja (pr. 2022, jf. heimeside)

Kjelder og litteratur

  • Opplysningar frå laget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).

Eksterne lenkjer