Ulven leir

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Ulven fangeleir»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ulven leir, òg kalla Ulven ekserserplass, er ein militær øvingsplass i Os i Hordaland. Under andre verdskrigen vart leiren nytta som fangeleir av tyskarane.

Leiren har namn etter garden Ulven. Han vart teken i bruk i 1870-åra som øvingsplass for Hordaland infanteriregiment (IR 9), og var dimensjonert for å teke imot avdelingar opp til bataljonsstorleik.

Tyskarane tok Ulven i bruk som fangeleir for Bergensområdet. Den 30. juli 1943 vart seks nordmenn og ein brite avretta der. Dei vart tekne til fange etter eit mislukka raid med MTB 345, og vart avretta i tråd med kommandoordren.

Etter krigen fekk fleire kontingenter til Tysklandsbrigaden trening på Ulven mellom 1947 og 1952.

I 1980-åra vart Brigaden på Vestlandet oppretta, og aktiviteten på Ulven auka kraftig. Dert var årlege øvingar der fram til 1993, med unntak av 1992 då landsskyttarstemnet vart arrangert i leiren. Det er fleire skytefelt for våpen opp til 7,62 mm størrelse, altså same kaliber som AG-3. For tyngre våpen vert Mjølfjell skyte- og øvingsfelt nytta.

I 1994 vart Bergenhus regiment plassert på Ulven. Det vart nedlagt i september 2002, og Haakonsvern orlogsstasjon tok då over leiren. Den vert nytta av Bergenhus Heimevernsdistrikt 09, Haakonsvern, Sjøkrigsskolen, Marinejegerkommandoen og Sivilforsvaret.

Litteratur og kjelder