Ulvik skule
Ulvik skule var plassert på garden Ulvik på Sørebø i Hyllestad kommune.
Skulekrins
Skulehuset
Ulvik skule vart bygd i 1864, og vart lagt ned når skulehuset på Øen stod klart i 1928. I kvar kommune skulle det vere ein skulegard, og då Hyllestad vart eigen kommune vart skulegarden lagt til Ulvik. Garden på 12 dekar med skulerom, lærarbustad, fjøs og løe vart utskilt frå bruk 3 i 1864. I lærarbustaden var det to rom, gang med grue og to rom på loftet.
Skuledagen
På 1920-talet byrja elevane på skulen kl. 09.00 og slutta kl. 16.00. Første timen byrja med eit salmevers og første timen var det kristendomsundervisning. Det var undervist i kristendom, geografi, norgeshistorie, rekning, norsk og lesing. Elevane sat to og to på pulten og skreiv med blyant og med blekk og penn. Det var utedo på skulen. Skulen var delt i 3 klassar. Kvar klasse gjekk to dagar i veka. Elevane hadde ein time fri midt på dagen. Medan læraren gjekk heim og år middag var elevane ofte ute og leika. Dei slo ball, spela korgball, sprette pinnen eller leikte røvaren. I tillegg til dette hadde elevane 15 minutt fri om formiddagen og 15 minutt om ettermiddagen.
Skulevegen
Elevar kom så langt som frå Giil, Lerpoll og Drøsdal for å gå på skule i Ulvika. Dei i Drøsdalen måtte gå over Ulvikåsen, på ein gangsti.
Lærarar
Den første læraren ved Ulvik skule var Ole Sørenson Ulvik (1839-1921), kyrkjesongar og lærar. Han gifta seg med Dorothe Sofie Krohn Wiese i 1863. I ein periode var Jakob Salbu lærar, og frå 1921 Magnus Rye. Magnus Rye (1895-1971) var gift med Mary Olsdotter Bjørnestad. Dei kjøpte garden i 1932, og dotter deira, Aslaug, eigde garden frå 1973 til 1987.
Anna bruksområde
Skulegarden vart solgt til Magnus Rye i 1932. Magnus Rye og Mary Rye ga skulehuset i gåve til Øns Indremission ved gåvebrev datert 15. juli 1933. Det gamle skulehuset vart bygt om til bedehus og flytta til Sørbøvåg der det framleis fungerer som bedehus.
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Inger Hellesøe Kellmer og Finn Borgen Førsund (red), Soga om Folket (1990), s 286-287.
- Magnus Rye, Minne og juleminne. Heim og skule Nr.4 desember 1969
Digitale kjelder
- Ella Tonning fortel om då ho gjekk på skulen, Geoatlas 2008
- Hermund Kleppa (2011), Sørbøvåg bedehus. Kulturhistorisk leksikon