Ungdomslaget Fram (Fidjeland i Sirdal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Huset til ungdomslaget Fram. Huset blei flytta til bygdetunet på Kvæven i 1996, og er nå ein del av Kvæven bygdetun.
Foto: Nils Seland (2014).
Interiør frå Framheim.
Foto: Nils Seland (2014).

Ungdomslaget Fram var eit ungdomslag på Fidjeland i Sirdal kommune.

Namnet går igjen på mange frilynte ungdomslag landet over og er inspirert av avisa Fram, eit blad på talemålsprega landsmål, som kom ut i Kristiania frå juli 1871 til februar 1874 og var skipa og redigert av sunnmøringen Olaus Fjørtoft. Fjørtoft var sosialist, frikyrkjemann og republikanar, som var for unionsoppløysing.

Laget hadde dei første møta sine i skolehuset. Runddans var ikkje lov den gongen, og programmet var opplesing, song, foredrag, folkeviseleik og liknande. Laget hadde eit handskrive blad, ”Hugen”, frå 1922. Huset Framheim var ferdig i 1934.

I mange år var det bygdekino i lokalet. Siste årsmøtet i ungdomslaget var i 1960. Huset blei gjenreist på bygdetunet på Kvævemoen i 1996.

Kjelder og litteratur

  • Fædrelandsvennen, 4. september 1999.