Uppigard Bolkesjø Hotell
Hopp til navigering
Hopp til søk
Uppigard Bolkesjø Hotell låg på Bolkesjø i Notodden kommune i Telemark.
Hotellet blei opprinneleg oppført av gardbrukar og lensmann Gunleig Hafsten i 1890-åra. Den gong blei hotellet kalla Gran Bolkesjø. Bygningen blei bygd om og modernisert i 1938 av Halvor T. Bolkesjø som seinare åtte hotellet. Hausten 1940 brann hotellet ned. Det blei bygd oppatt av Leif T. Bolkesjø i 1942.[1]
Det nye hotellet var moderne med sentralvarme, varmt og kaldt vatn på værelsa og kunne ta imot 30 gjester. Hotellet låg fint til med utsikt over Foldsjø. Herifrå kunne ein gå på fjellturar i oppmerka skiløyper tett ved Blefjell.[2]
Referansar
Kjelder
- Johs. Sætherskar, Det norske næringsliv 4: Telemark fylkesleksikon, Bergen, 1949.