Vartdal kraftverk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Vartdal kraftverk i 2015.

Vartdal kraftverk vart etablert i 1934 og vart i 1. januar 1964 slege saman med Ørsta Elverk til Ørsta Kommunale Elektrisitetverk. Alt i 1918 hadde Vartdal kommunestyre oreigna Risaskarelva på Søre Vartdal til kraftformål, men det vart ikkje noko utbygging i dei dårlege åra etter første verdskrigen. I 1930 forespurde elektrisitetsforsyningsnemna i Vartdal om å få kraft frå Ørsta, som var i gang med kraftutbygging. Avtale vart vedteke i Vartdal kommunestyre, men protestar særleg frå 35 oppsitjarar i Barstadvika fekk stoppa planane, og kommunestyret gjekk så i 1932 inn for å bygge ut kraftverket i Risaskaret.

Arbeidet starta i 1933, og 8. september 1934 vart straumen sett på og ljosfest på forsamlingshuset Soltjeld.

I 1948 vedtok kommunestyret å gå inn i det planlagde Tussa Kraft, og forsyninga frå eige kaftverk vart supplert med kraft frå Tussa fram til samanslåinga i 1964.

Bilde frå Vartdal kraftverk

Kjelde