Vestre Sørvik (Sandnes gnr. 96/7)
| Vestre Sørvik | |
|---|---|
| Stad: | Usken |
| Fylke: | Rogaland |
| Kommune: | Sandnes |
| Gnr.: | 96 |
| Bnr: | 7 |
| Type: | gardsbruk |
Vestre Sørvik (Sandnes gnr. 96/7) er ein gard i Sandnes. Den låg før 1965 i Hetland med gnr. 32/7.
Brukarar
90. Sivert Knutsen,
f. 1 852, d. 1937. Son til Knut Sivertsen, husmann i Uskakalven (nr 47).
Sivert var også husmann til å begynna med (sml nr 48), men i 1892 fekk han kjøpa plassen som han og faren hadde hatt. Og i tillegg fekk han kjøpa naboplassen så han sat med heile Sørvik. Sivert hadde gardsbruket sitt til 1930, men då hadde den eldste sonen allerede drive den eine delen nokre år. I 1930 delte dei to eldste sønene gardsbruket likt mellom seg. I tillegg til å driva jorda, var Sivert også fiskar.
G.m. 1) 1 885 Rakel Persdtr., f. 1858, d. 1890, dotter til Per Thorsen Frøiland (Frøyland-51).
2) 1893 Elen Osmundsdtr., f. 1859, d.1925, dotter til Elen Jakobsdtr. og Osmund Osmundsen. Osmund blei sidan bonde på Brekke i Sauda[1] mens Elen, som var frå ein husmannsplass under den garden, flytta vekk[2]. Ho kom til Riska og budde på Merland, Frøyland, Riska og til slutt på Eltarvåg (sml Folk i bygda-333).
Barn, i fyrste ekteskap:
- Regine Maria, f. 1886, d.1905
- Taletta, f. 1887, g.m. 1908 Torstein Olsen, tømmermann, budde ei tid i Uskakalven (Folk i bygda-272)
- Knud, f. 1888, overtok halve småbruket etter faren (nr 91)
Elen si dotter: - Emelia, f. 1890, g.m. enkjemann Torstein Olsen, tømmermann, budde i Stavanger (han hadde før vore gift med Taletta oppføre)
Sivert sine barn i andre ekteskap:
- Rakel, f. 1894, d. 1895
- Sivert Elias, f. 1895, han fekk skilt ut den eine halvparten av faren sitt småbruk (nr 93). G.m. Elisa Voll
- Reinert, f. 1898, snekkar, budde i Stavanger, g.m. Berta Vestersjø
- Eilert, f. 1901, bygningssnekkar, budde i Stavanger, g.m. Marta Rosland.
91. Knud Sivertsen,
f. 1888, d.1965. Son til Sivert Knutsen (nr 90).
Knud bygde hus i "Sørvik vestre" i 1919. Han fekk skilt ut eit stykke av faren sin eigedom i 1926, og i 1930 delte han og ein yngre bror små bruket mellom seg. Knud var fiskar og gardbrukar.
G.m. Nilla Vaka, f. 1 902, dotter til Ingebret Vaka, Ølen i Sunnhordland.
Barn:
- Rut, f. 1923, g.m. Fritz Kønig, skomakar, bur i Stavanger
- Ingolf, f. 1924, møllearbeidar, budde ei tid i Uskakalven, sidan på Riska (Folk i bygda-273 og 570), g.m. Gudrun Usken
- Sigurd, f. 1926, møllearbeidar, bur i Uskakalven (Folk i bygda-274), g.m. Ada Irene Fosse
- Erling, f. 1931, maskinist, bur i Tønsberg (?), g.m. Berit Berger Nilsen
- Kari, f. 1933, bur i Stavanger, ikkje gift
- Elisabeth, f. 1936, g.m. Gunnar Frivold, Grimstad
- Jon, f. 1940, overtok småbruket.
92. Jon Sivertsen,
f. 1940. Son til Knud Sivertsen (nr 91).
Møllearbeidar, bur i Kalven. Han overtok småbruket etter foreldra.
G.m. Aud Helene Nilsen, f. 1943.
Barn:
- Helge, f. 1962
- Jan, f. 1964
- Knut, f. 1967.
Litteratur og kjelder
- Smith, Eivind. Riska. Utg. Sandnes kommune. Sandnes. 1993. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Norges bebyggelse. Utg. Norsk faglitteratur. Oslo. 1958. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Jæren sorenskriveri, AV/SAST-A-100310/01/4/41/41ABB/L0001: Panteregister nr. 41 ABB1, 1898, s. 864-865 i Digitalarkivet
- Jæren sorenskriveri, AV/SAST-A-100310/01/4/41/41ABB/L0008: Panteregister nr. 41 ABB8, 1912, s. 13-14 i Digitalarkivet