Veum stavkyrkje (Fyresdal)
Veum stavkyrkje låg på gnr. 85/1 Veum søgard i Fyresdal kommune. Denne kan vere bygd om lag år 1220 etter dendronologisk datering av bevara portalar og vart rive då ny kyrkje vart bygd på same staden år 1727. Frå denne kyrkja er det teke vare på potalplanker og eit krusifiks. Om tidlegare kyrkjer på Veum har ein ikkje noko kunnskap.
Portalplankene
Den fyrste kyrkja vi kjenner til på Veum var ei stavkyrkje som stod på Veum søgard og kan tidfestast til 1220. I 1668 kjem det fram at den var særs dårleg og den vart rive då det vart bygd ny kyrkje i 1727. Frå denne stavkyrkja er det i 2026 eit krusifiks som er i Kulturhistorisk museum nr. 3227, og ein stavkyrkjeportal som er i same museum.
Om portalen frå Veum skriv Kulturhistorisk museum:
• EMNEORD Arkeologi middelalder
• INVENTARNR. C34861.b
• EIER AV SAMLING Kulturhistorisk museum
• INSTITUSJON Kulturhistorisk museum, Universitetet i Oslo
•
• Stedfesting: 174 VEUM KIRKE, VEUM s. FYRESDAL p.k. TELEMARK. Tidligere oppbevart i Nordiska Museet, Stockholm, Nr. 26942 ab. Langtidsdeponering.
Vanger til stavkirkeportal. Beskrivelse: Vangenes utskjæringer viser en relativt sen utgave av "Stedje-Hurum"-typen. Det er umulig å avgjøre om det har vært toppdrager og om hvordan ornamentikken har startet nederst. Synes å ha vært korte halvsøyler, høye kapiteler og ovenpå liggende arkivolter. Store bladblomster. a) har nederst rester av en løve som biter om en ranke. Den oppadgående hovedranke synes å komme ut av løvens bakpart (drage?) øverst er en orm med dragehode. b) består utelukkende av rankeverk bortsett fra at det nederst synes å være rester av en eller to ormer. Hovedranken springer ut av det venstre hjørnet. Den borthugne del kan ha vist noe annet. Hovedranken slutter i en bladdusk øverst, en ny hovedranke starter i en bladdusk. Tilspissing øverst og nederst tyder på at vangene er blitt bevart som stabbursvanger. Et sort N 15 er risset inn på baksiden av vange a). Tilstandsbeskrivelse: Vangene er avhugget i bunn og topp, halvsøyler og kapitel. Avhugget mot døråpning. Notsiden sterkt skadet. På b) er en del av utskjæringen brukket bort nederst. En stor gjennomgående sprekk går opp til midten på begge vanger. Mål a): L. 163,5 cm, b. 47,3 cm, t. ca. 9 cm. b): L. 164 cm, b. 49 cm, t. 9 cm. Materiale: Furu.
Det fyrste stabburet ein kjenner til på Veum søgard var i ei høgd og stod i bakken ovanfor låvebygningen nær runesteinen som det går fram av biletet. Der må då portalane ha vore nytta i døropningen. Etter 1865 kom det nye eigarar på garden og det vart etter kvart gjort store endringar i tunet og på kyrkjestaden. Stabburet vart rive, og fyrst etter lang tid kom det opp eit tilflytta loft i søndre del av tunet. Portalplankane kom nok då til Nordiska museum saman med ein god del anna frå Fyresdal der dei var å finne i 1892. I 1972 vart så kyrkjesamlinga i Den norske avdelinga ved Nordiska museum førd attende til dåverande Oldsakssamling for det som i praksis er varig deponering. I 1978 var den kome til museet.
Krusifikset
Datera til 1275
I tilvekstkatalogen til Kulturhistorisk Museum kan ein lese:
3227. Krucifix af Egetræ. Figuren 44 høi, Benene krydsede, maadelig skaaret. Er i nyere Tid blevet overmalet med Oliefarve, men man kan under denne endnu skjelne den oprindelige Vandfarvemaling paa krideret Grund. Har tilhørt Veums Annexkirke, Molands Prestegjeld i Øvre - Thelemarken.
«Maadelig skaaret» og overmåla med oljefarge i nyare tid? Ved kontakt med fagfolk på Kulturhistorisk Museum får eg opplyst, men dette er ikkje endeleg konklusjon: Mykje tyder på at delar av Kristusfiguren ein gong er skore om og ned medan andre delar er originale. Dei opphavlege delane har høg kvalitet. Så er alt blitt overmåla. Korsarmane er blitt korta inn slik at store delar av medaljongane er kutta vekk. Alt dette gjort for å høve inn i eit endra miljø? Slikt vart av og til gjort på 1700talet. Stavkyrkja på Veum kan etter bevara portalplankar tidfestast til 1220. Krusifikset må ha vore der. Denne kyrkja vart rive i 1727 og erstatta av ei langkyrkje. Denne vart bygd av bonden på S. Veum som og var byggmeister, medan sonen Gunnar Gunnarson Veum (1709-1798) etter tradisjonen innreidde kyrkja og stod for treskurd og måling. Gunnar budde på ein plass under S. Veum som var kalla Flaske, og vart sjølv kalla Gunnar Flaske. Denne langkyrkja vart rive i 1863, og dette året kom krusifikset til Universitetets Oldsaksamling. Inventar vart spreidd rundt om i grenda. Om døypefonten seier Johan Meyer at den i stil stemmer med Gunnars tid, mest truleg er Gunnar sitt verk, og føyer til at den har «lit klodsete hovedform».
Forfattaren John Pederson Lie (1846-1916) har skrive ei diktsamling kalla Hugaljo, fyrste utgåva kom i 1910. Far hans, Peder Lie (1817-1883), kjøpte ein del materialar frå kyrkja då den vart rive. Frå garden Lie kan dei sjå over til dåverande kyrkjestad. Om bestemora fortel Jon Lie i eit dikt om Gunnar Flaske: «Bestemor mi kann fortelje vidt og breitt om han Gunnars lag og læti: Allslag arbeid falt fyr haando honom greitt, ---.» Vidare fortel ho mellom anna: «Kristus fest til krossen skar i tre han ut, som han livande skull’ vera.» Det må vere krusifikset ho talar om og tenker på omarbeidinga, grunnlaget var vel ikkje viktig i denne samanhengen.
Konklusjon: Alt tyder på at dette krusifikset er frå same tidsperiode som stavkyrkja, og har vore i denne. Då denne kyrkja vart rive og ny vart bygd i 1727, endra så snikkaren Gunnar Flaske krusifikset radikalt for å få det til å høve inn i den nye kyrkja. Dette stemmer med kvaliteten på arbeidet og fargeval. Kyrkja fekk ei tradisjonell altertavle fyrst i 1732, så kanskje var dette krusifikset i ein eller annan samansetnad over alteret i denne perioden? Då denne kyrkja vart rive i 1863 kom så krusifikset til Oldsaksamlinga.
Biletgalleri
Kjelder og til utdjupande lesnad
- Dietrichson, L. : De norske stavkirker. Studie over deres system, oprindelse og historiske udvikling. Alb Cammermeyers Forlag. 1892
- Kulturhistorisk museum, Oslo
- Qvisling, J. L. Fyresdals historie. Rasmussen & Aarhus’ boktrykkeri. Skien 1912, ny utgåve 2001.