Vevatnet

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Vevatnet med Flogaberget i bakgrunnen, der ein etter sagnet skal ha ofra treller ved å kasta dei utfor i vatnet.
Foto: Knut Rage (2007)

Vevatnet er eit vatn ved grenda Lunde (Tysnes) nord på øya Tysnes i Sunnhordland. Etter Magnus Olsen og seinare forfattar og lokalhistorikar Johannes Heggland vert vatnet sett i samband med den romerske historieskrivaren Tacitus si skildring av dyrkinga av jord- eller grødegudinna Nerthus, som i så fall følgde med harudane som busette seg på Vestlandet og gav namn til Hordaland. Grunngjevinga for eit slikt synspunkt fann Heggland i tolkinga av stadnamnet «Ve» for heilag, og at det fanst i nærleiken av Lunde (heilag lund).

På Tysnes finst det også ein annan stad som heiter Ve (Tysnes). Også denne staden er sett i samband med heidensk gudedyrking. I Noreg finst det totalt seks stader med dette namnet (stadnamnet Ve eller ordlekken Ve-). Vevatnet er saman med andre liknande tolkingar av stadnamn som heilage ein viktig del av Tysnes sitt historiske sjølvbilete som "gudeøya", som nyleg også vart kommunen sitt offisielle slagord.

Kjelder

Koordinater: 60.04521° N 5.66219° Ø