Vidvei

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Vidvei ved Suldalseidet.
Foto: Ekrheim (2008)

Vidvei er ein gard og ei grend i Suldal kommune i Rogaland. Garden ligg sør for Suldalseidet, og har gardsnummer 16. I dag blir namnet særleg nytta om bruket 16/13, men eit langt større område ved eidet tilhøyrde garden.

Oluf Rygh forklarar namnet som norrønt víðr, «vidstrakt» og eið, «eid». Dette har omsyn til eidet over frå Hylsfjorden til nedre del av Suldal. Den eldste kjende forma av namnet er Vidueidh i 1455[1], og Rygh meinar at dette kan vere ei gamal fleirtalsform Víðu-eið(ar). Det kan ut frå dette tidleg ha vore fleire bruk på garden. Andre kjende namneformaer er Weduiig (1567), Miduei (1606), Wediei (1610), Wedey (1661) og Wedweye (1723). Godkjend skrivemåte i dag er Vidvei[2]. Som slektsnamn er det også nytta andre former, som Widvey.

Referansar

  1. DN VI, nr. 550
  2. Jf. Kartverkets faktaark

Kjelder

Koordinater: 59.52306° N 6.38758° Ø