Volrath Vogt (1817–1889)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Volrath Vogt (fødd 14. februar 1817 i Reerslev, Danmark, død 19. juli 1889 i Kristiania) var teolog, lærar og lærebokforfattar. Foreldra var sokneprest Johan Nilsen Vogt (1783–1859) og Henriette Elisaberth Lorenzine Juhl (1790–1846). Faren var sokneprest i Tune frå 1820. Sjølv var han ugift heile livet. Han vart gravlagd på Vår Frelsers gravlund.

Han studerte telologi og vart cand.theol. i 1838. Året etter vart han timelærar ved Christiania katedralskole, seinare adjunkt og overlærar. Faga var religion, geografi og fransk. Da han døydde, hadde han vore lærar ved katedralskulen i femti år.

Namnet Volrath Vogt er uløyseleg knytt til bibelhistoria han gav ut, fyrste ugåva kom i 1858. Da Vogt døydde, i 1889, hadde boka kome i 26 opplag. Ei bibelhistorie for den høgare skulen kom i 1862.

I 1863 var han på ei studiereise til Syria og Palestina for å samle tilfang til boka Det hellige land (1868), det vitskaplege hovudverket hans.

Han hadde store pedagogiske evner og var ein avhalden lærar.

Kjelder og litteratur