Voss ættesogelag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Voss ættesogelag i Voss kommune vart skipa 13. desember 1989. Laget har til føremål å fremja interesse for gransking av slektshistorie i Vossabygdene og vera ein samlingsstad for dei som har interesse for slektsgransking. Laget skal også arbeida for å knyta kontakt med tilsvarande lag og organisasjonar i inn- og utland.

I 2019 var det 22 medlemmer. Talet har variert frå 13 til 40; mange melde seg inn i jubileumsåret 2014.

Leiarar

  • 1989-?: Ulf Frøystein
  • 1993-2001: Liv Ystaas og Borghild Dale
  • 2002-2014: Jan-Egil Mandelid
  • 2015- Gunnar Gjerme

Johannes Ystaas har òg lagt ned mykje arbeid for ættesogelaget.

Aktivitetar

Mange medlemmer har levert artiklar til årboka Gamalt frå Voss, som kom ut fyrste gong i 1969. På heimesida er det lagt ut fotosamling og amerikabrev. Det skal vere minst ein slektslaurdag i året på Voss bibliotek.

Ættesogelaget fekk i oppdrag frå NRK Radiodokumentaren å finne opphavet til Hans og Anna Lone med tre born som kom frå Voss. Dei var frå Staup/Løne og Flatekvål og omkom i stor skipsulukke på St. Lawrence-elva i 1914. Radioprogrammet «Good ship - bad ship» gjekk på lufta 7. januar 2012.

Kjelder og litteratur

  • Opplysningar frå laget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).

Eksterne lenkjer