Vråvegen (Kviteseid)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Vråvegen med nr. 74, garden Holtet (gnr. 1/11).
Foto: Roy Olsen (2021).

Vråvegen (fylkesveg 3392) i Vrådal i Kviteseid kommune går sørover frå Vråliosvegen ved Nordbømoen, passerer over dammen med Storstraum sluse og dreier vestover. Så følgjer vegen heile sørsida av Vråvatn til Vråliosen der han igjen møter Vråliosvegen. Vråvegen er 18,5 kilometer lang.

Vegen har namn etter Vrå-gardane som ligg attmed vegen ved Nordstogodden i Vråvatn. Det er to Vrå-gardar, Søndre Vrå (gnr. 3/1) og Nordre Vrå (gnr. 5/1).

I gardssoga skriv Olav Bakken om Vrå-gardane: Det kan vera ein tanke at nett desse gardane som låg så gøymt i ei krå, har vori med og skapt Vrådalsnamnet. Jfr. O. Rygh.

Kilder

  • Kartverket, norgeskart.no
  • Bakken, Olav: Kviteseid bygdesoge II, Gardsoga. Eigi forlag 1962.


Koordinater: 59.32367° N 8.43455° Ø