Vågen (Sandnes gnr. 97/7)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Vågen
Fylke: Rogaland
Kommune: Sandnes
Gnr.: 97
Bnr: 7
Type: gardsbruk

Vågen (Sandnes gnr. 97/7) er ein gard i Sandnes. Den låg før 1965 i Hetland med gnr. 33/7. Gammalt matrikkelnr. 13 og løpenr. 53a. Utskilt fra gnr. 97/5 tinglest 27. mai 1876.

Brukarar

Ådne Olsen,

født 1814. Son til Ola Omundsen, husmann i Lauvåsvågjen (nr 24).

Etter han gifta seg var Ådne fiskar og budde i Lauvåsvågjen. Han kallest dels for strandsittar og dels for husmann, men han hadde ikkje nokon husmannsplass sjølv. Det var faren sin husmannsplass han budde på, både Ådne og den yngre broren Ola (sml nr 25). Garden på Lauvås var blitt delt i to og etterpå høyrde plassen i Lauvåsvågjen under to gardsbruk. Dei to husmannssønene fekk kjøpa kvar sin halvdel, og dermed blei det to småbruk ut av den gamle husmannsplassen. Det var i 1852 at Ådne fekk kjøpa sin part av Lauvåsvågjen. I tillegg fekk han med eit stykke oppe på Holland, og den halvdelen av husmannsplassen i Slåttebakkjen som høyrde til den nordre parten av Lauvåsgarden fylgde nå med Ådne sitt gardsbruk. Etter tjue år stykka Ådne opp bruket sitt. Han selde sin part i Lauvåsvågjen og sat igjen med stykket på Holland (nr 94).

Gift i 1840 med Gurina Gautesdtr., født 1816, dotter til Gaute Nilsen, husmann i Heia under Hommarsåk (Garden Hommarsåk-33).

Barn:

  1. Rakel, født 1841
  2. Gabriel, født 1842, død 1842
  3. Gurina, født 1843
  4. Ola, født 1845
  5. Ane Gurina, født 1847
  6. Gabriel, født 1849
  7. Nils Martinius, født 1852
  8. Karen Maria, f ødt 1854 (døypt den 17/12, "Første Barn døbt i den nye Hetlands Kirke, indviet 18. Oct. 1854")
  9. Andreas, født 1857
  10. Elen Jorina, født 1860, død 1868
  11. Ådne
  12. Rakel

Ola Jakobsen,

født ca 1810, død 1877. "Gaardbruger, Løvaasvaag".

Karl Nedstrand

I futen si kassabok blir han ført som brukar frå 1869. Han hadde dette gardsbruket bare i to år.

Filip Østensen

Filip kjem inn på dette gardsbruket i 1871 ifylgje futen si kassabok. Allerede i 1873 selde han igjen. Den korte tida han hadde småbruket selde Filip ein åker som heitte Stakkamyrå til naboen i Lauvåsvågjen (på bruk 4). Stakkamyrå er altså bare namn på ein åkerteig, mens dei to småbruka i Lauvåsvågjen var kvar sin halvdel av den gamle husmannsplassen. (Sml Georg Vaagen, Våre røtter, s 205 f, sjå og same bok s 198 og 200). Ifylgje Georg Vaagen selde dei med dette vekk grunnlaget for å kunne halda hest på dette småbruket.

Tosten Hansen,

født 1824, død 1912. Son til Filip kjem inn på dette gardsbruket i 1871 ifylgje futen si kassabok. Allerede i 1873 selde han igjen. Den korte tida han hadde småbruket selde Filip ein åker som heitte Stakkamyrå til naboen i Lauvåsvågjen (på bruk 4). Stakkamyrå er altså bare namn på ein åkerteig, mens dei to småbruka i Lauvåsvågjen var kvar sin halvdel av den gamle husmannsplassen. (Sml Georg Vaagen, Våre røtter, s 205 f, sjå og same bok s 198 og 200). Ifylgje Georg Vaagen selde dei med dette vekk grunnlaget for å kunne halda hest på dette småbruket.Brønla Larsdtr. Kleiva under Fister og omreisande skreddar Hans Hansen Ledal. Tosten budde til å begynna med på plassen Kleiva under Fister. Han var fiskar og notbas, og dreiv og med fraktefart på Ryfylke. I fleire år hadde han landhandel ved Fistervågen. Han kjøpte dette småbruket i Lauvåsvågjen i 1873 og hadde det til 1910. Her dreiv han og som fiskar.

Gift med 1) Eli Johannesdtr., født 1813, død 1872. 2) 1874 Karen Elisabeth Kristiansdtr., født 1849, død 1920, dotter til Kristian Torgersen Morbech, Stavanger.

Barn, i andre ekteskap:

  1. Tosten Kornelius, født 1873, han hadde fyrst eit lite stykke som var skilt frå faren sitt småbruk (nr 91), sidan overtok han svigerfaren sitt stykke på Holland (nr 82), gift i 1899 med Inger Holland
  2. Elias Bertinius, født 1875, skipstømmermann, sidan byggmeister i Stavanger, gift med Serina Eriksdtr.
  3. Rakel Elisabeth, født 1877, gift i 1896 med Henrik Kristiansen, skomakar, budde i Stavanger. Dei kjøpte dette stykket og ein son dreiv det (sjå nr 90)
  4. Laura Malena, født 1879, gift i 1903 med Thorvald Vareberg, overtok svogeren Tosten sitt stykke i Lauvåsvågjen (nr 92)
  5. Ludvig, født 1881, død ung
  6. Kristine Henriette, født 1883, gift i 1909 med Martin Tingvik, stuert, budde i Stavanger (sjå Sjernarøy g.o.æ. s 158, nr 18. g)
  7. Karl Johan, født 1886, reiste til Amerika 16 år gammal, restauratør, budde i Seattle, USA, gift med Grace
  8. Lars Kristian, født 1888, styrmann, budde fyrst i Stavanger, reiste så til Amerika og budde i Brooklyn, gift med Kristine Bore
  9. Kristian Ludvig, født 1891, død 1892
  10. Kristian Ludvig, født 1894, overtok småbruket (nr 89).

Kristian Løvås,

født 1894, død 1964. Son til Tosten Hansen, småbrukar i Lauvåsvågjen (nr 88).

Kristian overtok stykket etter faren i 1910. Til å begynna med eigde han det i lag med broren Lars, men frå 1914 hadde han det åleine. Han hadde stykket til 1919, då selde han det. Etterpå kjøpte han det huset som Kristoffer Eltervåg hadde bygt nede med sjøen i Lauvåsvågjen. Der handla han ei tid, og så var han fiskar (Folk i bygda -292). Ca 1921 flytta han sør til Høyland og budde sidan på Lura og var fyrbøtar.

Gift i 1914 med Johanne Dunseth, født 1895, dotter til Olaus Kristian Svensen, Flekkefjord.

Barn fødde på Lauvås:

  1. Theodor Konrad, født 1914
  2. Johan Severin, født 1918. Broren Elias Løvås kjøpte stykket i 1919, men han selde det igjen allerede våren 1920 til svogeren Henrik Kristiansen. Henrik Kristiansen og kona budde i Stavanger, det var den eine sonen deira som dreiv småbruket heilt frå han var ganske ung.

Johannes Kristiansen Vaagen,

født 1906, død 1980. Son til Henrik Kristiansen, Stavanger (sml Lauvås-88 3.).

Johannes flytta til Lauvåsvågjen i 1920 og dreiv småbruket. Han overtok som eigar etter mora i 1927. I 1948 selde han stykket til broren Bjarne og kjøpte sjølv gard på Ellenes i Vanse, Lista i Vest-Agder (sjå Listaboka bind I, s 327).

Litteratur og kjelder

Referansar