Ytre Vinje Samvirkelag
Hopp til navigering
Hopp til søk
Ytre Vinje Samvirkelag blei starta 1. juli 1936. Forretninga heldt til i Ytre Vinje i Vinje kommune.
Historikk
Innbydinga til danninga av samvirkelaget kom frå stortinspolitikar Olav Versto, inspektør Jon Thorsen, gardbrukar O. K. Bakken og Bjørn Groven. Bestyraren i forretninga var Sverre P. Solli (født 01.12.1911), tidlegare bestyrar av Vadfoss Samvirkelag. Laget var del av NKL.
Samvirkelaget solgte kolonial, manufaktur, skotøy, kraftfor, jernvarer, bygningsartikler, støypegods og bygningsartiklar. Det vart også omsatt ein del landmannsprodukt, slik som geitost, smør, kjøtt, flesk, hud og skinn. Forretninga solgte også bensin og olje. Den årlege omsetninga i laget var på omlag 130.000 kr rundt 1950.
Butikken sysselsette to funksjonærar.
Kjelder
- Sætherskar, johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4: Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.