Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2010-44

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Dale – gard nr. 56 i Bygland kommune, foto frå 1910–1915.

Dale er ein namne- og matrikkelgard i Bygland kommune. Garden femner om eit areal på ca. 25 000 da i eit samla område mellom Byglandsfjorden og grensa mot Åseral. Eit mindre areal vart på 1800-talet skild ut til heie-eigedomen Trældalen – elles er det ikkje kjend endringar i gardsgrensa. Dale må vere ein opphavsgard og difor svært gamal. Det er lite grunn til å tru at nokon gard er skild ut, men ein kunne nok tenke seg at Ormsli (nå Frøyrak) opphaveleg kan ha høyrd til Dale – om då ikkje heile Frøyrak er skild ut frå Dale i svært gamal tid.   Les meir...