Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2013-22

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Cecelie Vernøy (1880-1962)

Cecelie Peternille Eliasdotter Vernøy (1880 - 1962) tonsette ei rekkje salmar og andelege songar. Eit utval av songane hennar vart spelt inn i NRK sitt studio i Bergen og seinare tekne vare på av Arne Bjørndals samling ved Universitetet i Bergen. Ho var fødd Bremnes, og kom frå Geitung på Bømlo. Der var det eit rikt musikkliv, og Cecilie lærte mange songar av bestefar sin. Fjorten år gammal, kort tid etter at ho hadde mista faren sin, kom ho som tenestejente til Reksteren i Tysnes kommune. Her vart ho verande. I 1909 gifta ho seg med Jan Andreas Olson Vernøy (1881-1949). Dei fekk fire born saman.

Cecelie var oppvaksen ute i havgapet, og både mannen og sønene var sjøfolk. Ektemannen Jan Andreas reiste for det meste i utanriksfart. Det vart såleis Cecelie som hadde det meste arbeidet heime. Sjølv var ho aktiv i foreningsarbeid for Den norske sjømannsmisjon. Ho levde eit sterkt religiøst liv, og vitnesbyrdet hennar lydde gjennom songen som mange hadde glede av å lyda til. Etter at mannen døydde i 1949, levde ho som enkje i 13 år.Les mer...