Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2015-1

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Holdhus kyrkje i Hålandsdalen i tidlegare Fusa kommune slik kyrkjebygget framstår i dag. Kyrkja har ei bruks- og bygningshistorie tilbake til 1300-talet.
Foto: Knut Rage (2014)

Holdhus kyrkje ligg i gardklyngja Holdhus i Hålandsdalen, Bjørnafjorden kommune i Midthordland. Kyrkja er nemnd i eit dokument frå 1306, og sidan omtala som soknekyrkje i Bjørgvin kalvskinn omlag 1350. Etter det finst det ingen skriftlege nedteikningar før 1600-talet, gjennom rekneskaper og synfaringar i perioden 1618 - 1722, og frå yngre kjelder. Før 1900 vart kyrkja kalla Haalandsdalen kyrkje. Utetter 1800-talet vart kyrkja for lita for den aukande folkemengda, samstundes som manglande vedikehald og trong for ny kyrkjegard gjorde at kyrkja gjekk or bruk på 1880-talet, då det vart bygd ei ny kyrkje på den meir sentrale staden Eide i Hålandsdalen i 1890. Det vart bestemt at Holdhus kyrkje skulle rivast, men i staden vart ho overteken av Fortidsminneforeningen i 1900.Les mer...