MB «Frost»
MB «Frost» var ein klinkerbygd trebåt på 19 fot bygd i 1926. Motoren var American 4 h.k. bygd i 1924. Namnet, «Frost», kjem av at det ikkje var hus på båten i fyrste tid, så det kunne vel stundom vera kaldt.
Registrert i fiskeriregisteret for Volda: M-14-VA. I Merkeprotokoll Volda frå 1932 er «Frost» fyrste gong nemnd.[1] Det går fram av merkebrevet at båten skulle brukast til fjordfiske og transport. Eigaren var heimehøyrande i Høydalen.
Bygda var veglaus og der var eit behov for transport. Sjøvegen er det ca. 10 km. til kommunesenteret Volda. Utover i 1930-åra og etter krigen vart det fleire som fekk seg motorbåtar. Det kom og etter kvart eit offentleg tilbod med rutebåt. I og etter krigen var dette tilbodet fire dagar i veka. Måndag, onsdag, fredag og laurdag. Gardbrukarane fekk då sende mjølkespanna til meieriet i Volda. Vareleveransar til bedriftene kom og med rutebåten. Om han var innom alle var det fire stopp i Høydalen. Det var, rekna frå vest; Høydal Snikkarverkstad, ekspedisjonskaia der folk og varer reiste til og frå, Høydal Trevare og Vik Båtbyggeri. Fleire av desse bedriftene hadde ikkje vei. Og fram til midt på 1950 talet var det berre med hest tyngre ting kunne flyttast. Mot slutten av 1960 talet kom det vegsamband frå Fyrde og utover. Dermed vart båten erstatta med bil. Ei epoke slutta og ei anna byrja.
«Frost» vart seld i fyrste halvdel av 1960-åra og er ute av fiskeriregisteret i 1968.