Årdal kyrkje (Bygland)
Årdal kyrkje | |
---|---|
Årdal kyrkje. Foto: Reidar Tveito (2007).
| |
Stad: | Grendi, Bygland |
Byggeår: | 1828 |
Kyrkjegard: | rundt kyrkja |
Kyrkjesamfunn: | Den norske kyrkja |
Bispedøme: | Agder og Telemark |
Prosti: | Otredal |
Prestegjeld: | Bygland |
Fellesråd: | Bygland |
Sokn: | Årdal |
Arkitekt: | Anders kyrkjebyggar |
Teknikk: | laft |
Materiale: | tre |
Takryttar: | ja |
Sitteplassar: | 200 |
Anna informasjon: | minst tredje kyrkja på staden |
Årdal kyrkje i Bygland er første gong nemnd i 1327 («Hardal»), då i ein kyrkjeleg rekneskap. I 1663 vurderte Titus Bülche (kongeleg utsending for å vurdere m.a. kyrkjebygga) Årdal kyrkje til å vere i så dårleg stand at ho måtte bli riven. Ny kyrkje vart sett opp i 1660-åra av «Ifuer Snedker». Denne kyrkja vart riven i 1827, av bevara bygningsrestar er berre kjend stavane til altarringen.
Ny kyrkje var oppsett i 1828. Byggmeister denne gongen var Anders Torson Solberg (f. 1778), også kalla Anders Syrtveit og Anders kyrkjebyggar. Anders sette opp mange andre kyrkjer, i alle fall Hægeland, Iveland, Evje, Bygland, Sandnes, Hylestad, Valle og Moland (Fyresdal). Årdal kyrkje er ei lafta åttekant-kyrkje.
I eldre tider hadde kyrkja landskyld-inntekter av øydegarden Vik (under Bø) og av Lande (½ hud). Prestebolet hadde mellom anna ein laup smør i landskyld av Greibrokk – den eigedomsparten er såpass stor at han kan ha gjeve levebrød for ein eigen prest i Årdal i ein periode før svartedauden.
Namnet Årdal blir i dag berre brukt om kyrkja og sokna. Det verkar truleg at det i si tid var namnet på opphavsgarden eller bygda (nåverande Grendi), d.v.s. ein parallell til Jordal og Årak lenger nord i kommunen.
Årdal sokn er eit av to sokn som er att i kommunen, og ligg under Bygland kyrkjelege fellesråd i Otredal prosti.
Galleri
Kjelder
- Bolling, Reidar: Kyrkjeliv i Bygland, 1938
- Grågås. Stavanger stifts og domkapitels jordebok, ca. 1620
- Vollen, Reidar: Bygland gard og ætt, 2005
Eksterne lenkjer
- Årdal kyrkje (Bygland) på Riksantikvarens nettsted kulturminnesok.no