Årbok for Gudbrandsdalen 1994. Akantusmotivet vart utforma av Ola G. Bismo 1946.
Årbok for Gudbrandsdalen er eit lokalhistorisk årsskrift utgjeve av Dølaringen og Gudbrandsdal Historielag. Årboka kom ut for fyrste gong i 1930 under namnet Årbok for Dølaringen. Samarbeidet med Gudbrandsdal historielag vart innleidd frå og med 1933. Frå 1939 heiter boka Årbok for Gudbrandsdalen, og er utgjeven av dei to organisasjonane i fellesskap, frå 1967 ved Dølaringen boklag, forlaget som historielaget og Dølaringen eig i hop.
Les mer …
Per Vigstad, truleg ved hytta til A.I. Odden i Skjåk. Fotograf ukjent. Per Vigstad (fødd i Skjåk 9. oktober 1867, død i Oslo 6. januar 1959) var skulemann, jurist og embetsmann. Han var tilsett i Kyrkje- og undervisningsdepartementet frå 1902 til han vart pensjonist i 1938. Som ekspedisjonssjef ved departementets avdeling for folkeskulevesenet frå 1919 stod han sentralt i arbeidet med å realisere einskapsskulen.
Vigstad var oppvaksen i yttarste fattigdom. Som elleveåring flytta han heimefrå for å vere gjetargut på Vestlandet. Såleis visste han godt frå eiga livserfaring kor viktig det var å skape utvegar til fullverdig utdanning for alle og einkvar med evner og vilje til det.Foreldra var Anne Persdotter frå Larskvea under Nord i Lund i Skjåk (1830-1927) og Sylfest Syversen frå Blikka under Bakke i same bygda (1830-1887). Per var den femte av i alt sju sysken (eit av borna døydde som spebarn). Dei tre fyrste var fødde før foreldra gifta seg. Da den fjerde vart døypt 23. juni 1861, var foreldra nyleg blitt gift og budde på plassen Kvernroa under Holmork. Les mer …
K.G. Wågen vart gjerne midtpunktet der han var til stades. Her (med tversoversløyfe) frå eit konfirmasjonsselskap i Skjåk i 1963. Foto: Kristian Hosar.
Kristian Gerhard Wågen (fødd 9. september 1891 i Tingvoll, død 10. september 1982 i Skjåk) var lærar, underoffiser og lokalpolitikar. Han verka det meste av sitt vaksne liv i Skjåk. Der markerte han seg sterkt som kommunist på 1920-talet. Han gjorde mykje for å betre skulestellet i bygda, og har mykje av æra for at det kom i gang realskule i Lom og Skjåk. Han var målmann, og arbeidde for språkskifte til nynorsk i kommunen. I april 1940 stilte han som befal for lokale frivillige til motstand mot invasjonstroppane. Under okkupasjonen vart han arrestert og send til Kirkenes under læraraksjonen. Han vart også arrestert av Gestapo ved eit seinare høve. Wågen var handlekraftig, etter måten sjølvmedviten og hevda klåre meiningar. Han må seiast å ha vore ein omstridd person i Skjåk, iallfall i tida før krigen. Det hekk mykje saman med dei radikale politiske haldningane hans, men også med sider ved hans personlege livsførsel som folk ikkje tykte høvde så godt til hans rolle som kyrkjesongar, lærar og barneoppdragar. Les mer …
|