Forside:Skjåk kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Akershus • Buskerud • Innlandet • Oslo • Telemark • Vestfold • Østfold
TIDLIGERE FYLKE: Hedmark • Oppland (Distrikt: Hadeland • Land • Gjøvik og Toten • Gudbrandsdalen • Valdres)
KOMMUNE: Dovre • Etnedal • Gausdal • Gjøvik • Gran • Lesja • Lillehammer • Lom • Nord-Aurdal • Nord-Fron • Nordre Land • Ringebu • Sel • Skjåk • Søndre Land • Sør-Aurdal • Sør-Fron • Vang • Vestre Slidre • Vestre Toten • Vågå • Østre Toten • Øyer • Øystre Slidre
TIDLIGERE KOMMUNE: JevnakerLunner

Om Skjåk kommune
0513 Skjak komm.png

Skjåk kommune ligg i Innlandet fylke, lengst vest i Ottadalen, ein sidedal av Gudbrandsdalen. Kommunen vart skild ut frå Lom 1. januar 1866. Da hadde namnet skriftforma Skiaker. Kommunen er geografisk samanfallande med Skjåk prestegjeld med dei to sokna Skjåk og Nordberg. Bismo er senteret i kommunen, på nordsida av dalen på grensa mellom dei to sokna.

Kommunen ligg mellom fjellpartia med dei nyare namna Breheimen og Reinheimen, og heile 79% av kommunens areal fell inn under nasjonalparkane med desse namna. Eller ein kan seia at fjella i Skjåk tilhøyrer nord- og vestdelen av Jotunheimen. I nord grensar Skjåk til Norddal, Rauma og Lesja, i aust og søraust til Lom, i sør til Luster og i vest til Stryn og Stranda. Det går heilårsveg over fjellet til Stryn i Nordfjord. Sommarstid er det også veg til GeirangerSunnmøre.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Christi Brandser
Foto: Ukjent/Skjåk historielag.
Christi Brandser (fødd 1861 i Skjåk, død 1931 i Heidal i nåverande Sel kommune) var lærar og gardbrukar. Han var også ein ivrig amatørfotograf, og dessutan kjend som oppfinnar. Førenamnet er stundom skrive Christie, Kristie og somme stader mistydd som Kristen.Han var fødd og oppvaksen på garden Nørdre Brandsar i Skjåk. Foreldra var gardbrukarparet Kristen Hansen på Brandsar (1830-1865) og Margrete Erlandsdotter frå Sygard Kvåle (1827-1907).   Les mer …

Sygard Stamstad i Lom. Store delar av sitt vaksne liv budde Tosten Olsen i Øvergrenda på husmannsplassar under Stamstad og andre gardar i nærleiken. Nordgard Stamstad, som kan skimtast i bakgrunnen, var lensmannsgard 1823-ca. 1846. Nabogarden Synstad var lensmannsgard etter det, fram til 1884, så var Sygard Stamstad og deretter igjen Synstad bustad for lensmannen fram til 1891. Tosten var godt kjend i desse gardane. Han var fleire gonger arrestant der. I bakgrunnen: Lomsegga og Fossbergom bygdesentrum.
(2011)
Tosten Olsen Oppnåsen (fødd i Skjåk 11. april 1829, død i Lom 1918) var husmannsson og livnærde seg i vaksen alder som åkerbrytar, grøftegravar og med anna slags manuelt arbeid. Han fekk tidleg ord på seg for å vere ein rabagast og notorisk tjuvradd. Rettsprotokollane viser at ryktet ikkje var heilt ugrunna. Han vart også hugsa som ein god historieforteljar og skrønemakar. I likskap med ei rekkje samtidige representantar for bygdeproletariatet i Lom og Skjåk er Tosten udøyeleggjord som ein av aktørane i Olav Aukrusts dikt «Aksion på Tande», under oppnamnet Musken.   Les mer …

Rasmus Blikken.
Foto: Ukjent
Rasmus Blikken (fødd i Skjåk 21. april 1872, død i Åsnes 4. april 1961) var lærar, småbrukar, organisasjonsmann og politikar. Det meste av sitt yrkes- og samfunnsliv verka han i Åsnes kommune i Solør, Toverud krins.Han var oppvaksen i Nørdre Blikka, den gongen husmannsplass under Bakke i grenda Reppen i Skjåk. Foreldra var Lars Torkjellsen Blikken (fødd 5. juni 1877) og Eldri Olsdotter Mallaug (fødd 1832). Faren var skomakar i tillegg til at dei dreiv plassen, slik det framgår av folketeljinga 1875. Rasmus var den yngste av fire sysken.   Les mer …

Per Vigstad, truleg ved hytta til A.I. Odden i Skjåk. Fotograf ukjent.
Per Vigstad (fødd i Skjåk 9. oktober 1867, død i Oslo 6. januar 1959) var skulemann, jurist og embetsmann. Han var tilsett i Kyrkje- og undervisningsdepartementet frå 1902 til han vart pensjonist i 1938. Som ekspedisjonssjef ved departementets avdeling for folkeskulevesenet frå 1919 stod han sentralt i arbeidet med å realisere einskapsskulen. Vigstad var oppvaksen i yttarste fattigdom. Som elleveåring flytta han heimefrå for å vere gjetargut på Vestlandet. Såleis visste han godt frå eiga livserfaring kor viktig det var å skape utvegar til fullverdig utdanning for alle og einkvar med evner og vilje til det.Foreldra var Anne Persdotter frå Larskvea under Nord i Lund i Skjåk (1830-1927) og Sylfest Syversen frå Blikka under Bakke i same bygda (1830-1887). Per var den femte av i alt sju sysken (eit av borna døydde som spebarn). Dei tre fyrste var fødde før foreldra gifta seg. Da den fjerde vart døypt 23. juni 1861, var foreldra nyleg blitt gift og budde på plassen Kvernroa under Holmork.   Les mer …

Torø Hørven spela mykje til dans, anten på torader eller fele. Ukjent fotograf.
Torø Hørven (Hyrve) (fødd i Skjåk 5. desember 1893, død 2. august 1968 same stad) var handelsbetjent og kontorist av yrke. Ho var kjend og omtykt som ungdomslagsaktivist, torader- og felespelar, leilighetsdiktar og muntrasjonsråd. Ho braut tvert med kjønnsrollemønsteret i tida ved at ho som oftast gjekk i mannsklede. Unntaket kunne vere når ho kledde seg i kvinnebunad (rondastakk) når ho fann det på sin plass. Ho var ei av seks kvinner i Skjåk som stilte som kandidatar på ei rein kvinneliste ved kommunevalet i 1928 .Ho var familiært tett knytta til ein krins rundt Venstre-/Arbeiderdemokratane, der to av svograne hennar, Amund I. Odden og Kolbein Skaare, stod sentralt, saman med Ola O. Aanstad og sonen Kristen Aanstad. Alle desse fire familiane, og altså Torø sjølv, budde innan mindre enn ein kilometers avstand frå kvarandre, og dei var omgangsvener.   Les mer …

Skjåk venstrelag var lokallag av partiet Venstre i Skjåk kommune. Det vart stifta den 2. januar 1884, truleg under namnet Skiaker Venstreforening. Dette skjedde nesten ein månad før landssamskipnaden Norges venstreforening konstituerte seg den 28. januar. Etter at lokallaget eit par gonger hadde gått i stå, vart det starta opp att i 1894 og 1909. Frå 1913 kan det ha vore eigne lag i kvart av dei to sokna Skjåk og Nordberg. Den lokale partiorganisasjonen synest å ha opphøyrt ein gong i 1930-åra.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Skjåk kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar