Forside:Bygland kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Gå til: navigasjon, søk

ØSTLANDET  • SØRLANDET • VESTLANDET • MIDT-NORGE • NORD-NORGE
Aust-Agder • Vest-Agder
Setesdal
Evje og Hornnes • Bygland • Valle • Bykle • Iveland

Om Bygland kommune
0938 Bygland komm.png
Bygland er ein kommune i Setesdalen i Aust-Agder fylke. Kommunen grensar mot kommunane Birkenes og Evje og Hornnes i sør, mot Åseral, Kvinesdal og Sirdal i vest, mot Valle i nord og mot Fyresdal og Åmli i aust. Bygland er ein høgtliggjande innlandskommune — det meste av området ligg over 700 meter over havet. Kommunen ligg på begge sidene av elva Otra og Byglandsfjorden. Det meste av busetjinga i kommunen finst langs dalbotnen. Kommunesenteret heiter òg Bygland. I nord er bygda Ose viktig, og i sør er hovudsenteret Byglandsfjord. I tillegg kjem blant anna dei mindre stadene Grendi, Jordalsbø og Åraksbø. Byglandsfjord er endestasjon for Setesdalsbanen. Den freda stasjonsbygningen husar ein filial av folkebiblioteket, og staden er utnemnd til tusenårsstad for kommunen.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Dale – gard nr. 56 i Bygland kommune, foto frå 1910–1915.
Dale er ein namne- og matrikkelgard i Bygland kommune. Garden femner om eit areal på ca. 25 000 da i eit samla område mellom Byglandsfjorden og grensa mot Åseral. Eit mindre areal vart på 1800-talet skild ut til heie-eigedomen Trældalen – elles er det ikkje kjend endringar i gardsgrensa. Dale må vere ein opphavsgard og difor svært gamal. Det er lite grunn til å tru at nokon gard er skild ut, men ein kunne nok tenke seg at Ormsli (nå Frøyrak) opphaveleg kan ha høyrd til Dale – om då ikkje heile Frøyrak er skild ut frå Dale i svært gamal tid.   Les mer …

Eivind Lande malte denne ølbollen i 1809.
Foto: Haakon Michael Harriss / Norsk Folkemuseum

Eivind Torkjelson Lande (fødd 1758 i Bygland, død 9. mai 1833 same stad) var gardbrukar og eidsvollsmann.

Eivind Torkjelson vart fødd på Åsen i Bygland i Setesdal. Han vart døypt i Årdal kyrkje den 1. januar 1759, og konfirmert i same kyrkje i 1775. Det var små kår på Åsen, og Eivind måtte tidleg jobbe for føda. Han vart gjetar på Skreland i Bygland. Etter konfirmasjonen reiste han ut av bygda, og jobba mellom anna i Telemark. Han var med på slåtten i Heddal og Åmotsdal og på vintrene skipsbygging i Skien.

I 1788 vart han trulova og gift med Gyro Torsdotter Lande[1]. Det var ikkje lett for dei å få gifte seg, for Tor Lande ville ikkje ha ein frå så små kår til verson. Historie om Eivinds friarferd er bevart i nokre stev, som ender med at Tor måtte la dei gifte seg[2]. Dei busatte seg på Neset, som Gyro ervde. Der budde dei i 1801 med dei to eldste sonane[3]. Seinare tok dei over Øvre Lande. Paret fekk sju born. To av dei døydde tidleg. Andre stifta sjølv familie, og det er ei stor etterslekt etter Eivind og Gyro. Mange av etterkommarane bur i Bygland.

<onlyinclude>I 1814 vart Eivind Lande fyrst vald som valmann for Bygland. I amtsvalet vart han vald som andre representant til riksforsamlinga. Han reknast med til Unionspartiet, men er ikkje heilt liketil å plassere. Eivind Lande var bland dei mest aktive av bonderepresentantane. Han arbeidde saman med Theis Lundegaard for å sikre at bøndene fekk ein så stor part som mogleg av stortingsrepresentantane, og han skreiv saman med andre bonderepresentantar på Riksforsamlinga eit godt innlegg om odels- og åseteretten. Kravet var at odels- og åseteretten skulle førast attende til slik han var føre lovendringa i 1811.   Les mer …

Tveitå «der heime» ca. 1915. Setehuset frå ca. 1890 er påbygd seinare. Bura frå ca. 1700 står uendra i dag. Kort før fotoet vart teke var den gamle løa og fjoset rive (det stod i høgre biletkant) og nytt var sett opp.
Tveitå er gard nr. 64 i Bygland kommune. Garden femner om eit areal på om lag 8000 da i eit samla, nokolunde firkanta areal. Sør- og austgrensene (dvs grense mot Bø) er tilnærma rette, medan grensa mot nord (Dale) og grensa mot vest (Horverak) er meir styrd av topografiske tilhøve. Namnet er dativ fleirtal av hokjønnsordet tveit – det kan anten tyde ein avskoren eller utskild del, eller det kan vere terrengskildrande om eit jordstykke mellom skogar eller mellom åsar. Den første tydinga kunne høve ettersom garden klårt er utskild frå Bø. Men den terrengskildrande kunne også høve godt, ikkje minst ettersom ordet her er brukt i fleirtal. Namnet blir i dag uttala etter skrivemåten, men eldre uttale var «Tvaitå». Endinga –å er den same som –o i Telemark, same gardsnamn der er Tveito (jfr. Haugå i Bygland mot Haugo i Telemark). Gardstuna ligg på om lag 425 m.o.h. I 1801 budde det 8 menneske på garden. Dette hadde auka til 17 i 1865 og gjekk ned til 14 i 1900. I dag bur ingen fast på garden.   Les mer …

Frøyrak «der heime».
Foto: Tormod Tveitå (2010)
Frøyrak er gard nr. 55 i Bygland kommune. Gardsvaldet femner om eit areal på om lag 13500 da i to teigar. Hovudteigen ligg omkring garden, ved fjorden og innover til og med Røyrfjell. Det verkar ikkje naudsynt å tenke seg at Frøyrak har gått ut frå nokon annan gard, men det er vanleg å tenke seg at opphavsgardane hadde gardsvald som gjekk frå fjord til langstreng, dvs til Åserals-grensa. Det har ikkje Frøyrak, og ein må då tenke seg at garden i svært gamal tid har gått ut frå Dale. Den andre teigen er eit heieområde omkring Ormslivatna, mellom gardsvalda til Dale og Horverak/Tveitå. Det finst ikkje kjelder som kan fortelje om korleis dette området kom under Frøyrak, anna enn det at begge bruka har sin del av Ormsli, slik at Ormsli må ha høyrd med frå før bruksdelinga midt på 1600-talet.   Les mer …

Frøyrak ”der heime”, garden til Olav Frøyrak. Fotografiet er teke frå Sikkom, odden der Skjørings grav var, og der Spelemannssteinen er – Frøyrak var på 1800-talet eit musikalsk senter i Setesdal.
Olav Frøyrak (fødd 1918 på Frøyrak i Bygland, død 2006) var gardbrukar på Frøyrak. Tormod Tveitå har skreve ned nokre soger etter det han kallar "ein sogeforteljar i vår tid":

Olav vart fødd på Frøyrak i 1918. Som einaste sonen på bruket ”der heime” var på mange måtar lagnaden fastsett: Han skulle bli på Frøyrak og drive garden. Ikkje slik at eg trur han hadde noko mot denne lagnaden. Men der kom ikkje mange ungjenter til ein veglaus gard på vestsida av fjorden, og som mange andre har opplevd: Ein finn seg sjeldan gifte i skyttarlag og på skogeigarlagsmøte. Så Olav vart aldri gift. Men han var den staselegaste gamalungkaren eg nokon gong har møtt: Høgvaksen, kraftig og med ei kroppshaldning som ein ungdom heilt til det siste – og han var 88 år då han døydde i 2006.

Eg var aldri innom Olav og systera Berit utan at det vart tala om gamalt. Eg nemnde det ikkje, men straks eg kom heim sette eg meg ned med papir og blyant og skreiv det eg hadde høyrd. Kvar gong hadde eg høyrd noko nytt gamalt. Ei soge høyrde eg to gonger (Bjønnane under Hesteberga), men då eg skulle samanlikne dei to versjonane så var dei ord for ord mest identiske. Dei små forskjellane som var, var nok mi skyld.   Les mer …

 
Sjå óg
 
Eksterne ressursar
Forside:Bygland kommune/Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Bygland kommune
Ingen underkategorier.
 
Mest lest

Siteringsfeil: <ref>-merker finnes, men ingen <references/>-merke funnet
Personlige verktøy
Navnerom

Varianter
Handlinger
Avdelinger
Forsider
Verktøy