Teigen 5.8. 2005. Stoga vart renovert på 1990-talet, då den eldste delen vart riven og erstatta av eit nytt inngangsparti i ei høgde innåt det tohøgders bygget frå 1931. Foto: Aanund Olsnes
Teigen er eitt av bruka på Stavenes i Bykle kommune. Det er vanleg å tenkje seg at det av bruka i ein gard som har det lågaste bruksnummeret lyt vera det eldste. Dette kan vera tilfellet, men treng ikkje vera det, ettersom bruksnummera er tilstelte av lokale matrikkelkommisjonar, som stundom la heilt andre omsyn enn dei historiske til grunn. Teigen i Stavenes er då eit instruktivt døme. Bruket har bnr 1, men likevel er det klårt sekundært i høve til Nordstog, og ettersom Nordstog etter alt å døme er sekundært i høve til Utistog, lyt Teigen også vera yngre enn det bruket.
Vidare vil me meine at Teigen også er yngre enn Systog, men der møter me ein vanske, ettersom dei to bruka dukkar opp om lag samstundes i dei skriftlege kjeldene, noko etter år 1700. Oppfatninga vår av den relative alderen til dei to bruka, har då ikkje anna å stø seg til enn ei aldersrangering av bruksnamna. Men denne er til gjengjeld klår nok: Namnet Teigen lyt vera det yngste av bruksnamna i Stavenes, ettersom namn i Setesdal som ender på -stog mest sannsynleg skriv seg frå høgmellomalderen (tida 1050-1350), medan namn som Teigen, Haugen, Flaten og Øyne vanlegvis ikkje er eldre enn frå 1600- eller 1700-talet, og jamvel kan vera frå 1900-talet.
Sjølvsagt kan ein finne unntak frå reglar som denne, ma. hender det at gardsbruk har fått nye namn i samband med tunflytjing, men me har ingen haldepunkt for å plassere Teigen i Stavenes som eit slikt unntak. Me vil difor meine at alderen på bruksnamnet tilsvarar alderen på bruket, og plasserer båe litt etter 1700.
Når det gjeld tydinga av namnet, er ho beint fram nok. Ein teig er eit avgrensa jordstykke. Les mer …
Bykle hotell i 1980-åra. Det kvite bygget på hitsida av vegen er hotellannekset. Ovanfor hotellet ser ein Samyrkelaget, slik det såg ut fyre brannen i 1986. Husa i framgrunnen er Lislestog. Bilete frå samlinga til Tore K. Mosdøl.
Bykle hotell sto på tomta Solhaug i Bykle. Når det gjeld namnet her, fortel både den gamle gards- og ættesoga og folk i Bykle i dag, at hotelltomta heitte Solhaug. Men i matrikkelen les me at hotellet sto på ei tomt som heitte Solbakken (bnr 11). Solhaug var, etter same kjelda, namnet på forretningstomta ved sidan av hotellet (bnr 25). Det er berrsynt at det her på eitt eller anna nivå har gått fyre seg ei forveksling av namna på dei to grannetomtene, men her skal me i alle høve halde fast ved den innarbeidde namnebruken i bygda.
Hotellet låg like ovanfor kyrkja, rett nedanfor der Bykle Samyrkelag ligg i dag. Det var Thina Lund som kaupte denne tomta hjå Gunvor D. Mosdøl på Kultro i 1908, og fekk seg opp hus same året (skøyte vart skrive og tinglyst i 1910). Det Thina i utgangspunktet esla seg til å drive med var landhandel, men så vart altså kråmbua hennes sidan av uti hotell.
Thina var dotter åt lensmann Ole Juelsson Lund i Valle, og kona, Heloise Margrethe Johanne, fødd Sverdrup (jfr. Valle IV, 550). Etter at Thina hadde sett opp hus her, gifte ho seg med Ånund J. Bratteli. Les mer …
Haugebakk i Bykle ligg vestom Kroné og litt høgre i terrenget, altså ikkje fullt så langt ut på bruna mot åjuvet. Tilliks med Kroné har Haugebakk gått ut ifrå Uppistog, og også tilliks med Kroné vart det eit sjølveigande småbruk. Men Haugebakk vart aldri matrikulert for seg sjølv, og difor er eigedomen utan eiga landskyld og eige bruksnummer. Ein grunn til at dette i seinare tid ikkje har vorte oppfatta som nødvendig, er rimelegvis at oppsitjaren i Haugebakk etter 1949 også har ått Kroné, og at dei to bruka sidan då har vore rekna som eitt, med bnr 6 under Byklum, men utan at denne faktiske samanslåinga nokon gong har vorte formalisert.
Bruket kom til ved at Hallvard Torleivsson kaupte ein utmarksteig av Ånund Pålsson på Kultro i 1883, dyrka han opp, sette seg opp hus, og flutte hit.
Hallvard var frå Uppistogshaugo, foreldra hans var Torleiv Torleivsson Holen og kona, Margit Knutsdotter, fødd Hisdal. Les mer …
Berget 1965. Foto: Fjellanger-Widerøe
Berget er eit av de eldste bruka på Mosdøl i Bykle kommune.
Den fyrste me kan vera tolleg sikre på sat på dette bruket heitte Søren Aslaksson. I den gamle gards- og ættesoga (100) står det rett nok at han hadde overteke bruket hjå Olav Sveinsson, som då skal ha vore oppsitjar her fyre han, men slik me kan få det til å hange i hop hadde Olav Sveinsson Evre Mosdøl, bnr 3, ikkje Lunden og Berget. Me veit ikkje kvar Søren kom i frå, og korleis han fekk tak i eigedomen er også uvisst, men me vil tru at han har overteke han frå etterkomarar etter ein av dei tre gunnarssønene frå Nesland, som me har omtala i bolken om det udela Nedre Mosdøl.
- Søren Aslaksson, f ca 1683, d 1768
- g 1. ca 1717 m Ragnhild Taraldsdtr., f ca 1674(?), d 1744. Born:
- Olaug, f 1717, lagnad ukj.
- Gunhild, f 1719, g 1739 m Åsmund Gunnulvsson Mosdøl, sjå nedanfor
- Gunvor, f 1719, tvill., d lita
- Gunvor, f 1719, tvill., d lita
- Borghild, f 1724, lagnad ukj.
- Gunvor, f 1727, g 1754 m Svenke Alvsson Breive, sjå Innistog Byklum, gnr 14, bnr 1
- Søren, n 1762, seinare lagnad ukj.
- g 2. ca 1750 (?) m Gunhild, sjå nedanfor, ikkje kjende born.
Kven foreldra åt Ragnhild Taraldsdotter var, er på vona. Les mer …
Nordigard ca 1890. Rekonstruksjonsteikning av Arne Berg 1962. På teikninga er Nordigard kalla «Oppiga, Der nord», ser ein. Denne nemninga var i bruk til tunflytjinga i 1912.
Nordigard er eitt av gardsbruka i Hoslemo i Bykle kommune. Dette bruket, som til å byrje med hadde tun jamsides Uppigardstunet, har i dag husestaden sin lenger nede og litt lenger vest. Det har opphavet sitt i delinga av Uppigard mellom Tor og Kolbein Hadlessøner. Kva tid ein vil seia at[ dette var, vert vel nærast ei smakssak, men iallfall var det slik at Kolbein i 1874 fekk bygsla halve garden hjå faren, Hadle Torsteinsson Stråpa. I 1881 fekk Tor og Kolbein skøyte på kvar sin ideelle halvpart av garden, og i 1883 vart det halde offentleg delingsforretning, der deildene vart fastsette, og kvart av dei to bruka vart tildela ei landskyld på 1,07 skyldmark.
Fyrste oppsitjaren her var altså ovannemnde Kolbein.
- Kolbein Hadlesson Hoslemo, f 1852, utflytt til Mo ca 1896, vidare til Aurdal, Vats i Ryfylke 1907, d 1935
- g 1874 m Kirsti Jonsdtr. Fiskjetjønn, f 1849, d 1922. Les mer …
Den gamle brua nedanfor Hoslemo på prospektkort frå 1890-talet. Frå samlinga til Ingebjørg Vegestog.
Hoslemo ligg på vestsida av riksvegen frå Skarsmo mot Berdalsbru. Frå Hoslemo til Bykle kyrkje er vel ei mil, og i eldre tid budde det ikkje folk på denne mila. Til næraste granne, Glidbjørg, er nå kring 4 km. Frå tuna i Hoslemo kan dei ikkje sjå andre gardar. Tuna ligg kring 700 m over havet, i ei nokså bratt, solrik sørhelling. Framfor seg har dei vide furumoar, attanfor ligg fjellet. Tregrensa er ikkje langt unna.
Om gardsnamnet skriv Amund B. Larsen (NG 8, 212) som fylgjer:
| Navnet synes at indeholde Gen. Ent. af hasla f., som betyder Hasselstang. Dette Ord forudsætter naturligvis ikke, at Hassel har voxet her (den naar ialfald nu ikke til Bykle); selv Stænger af en anden Træsort vilde kunne kaldes saa, naar de blev anvendt, til et Formaal, hvortil man pleiede at bruge Hasselstænger. Hvilken Betydning det her i Ent. skulde have, er dog vanskeligt at afgjøre, hvis det ikke er Elvenavn, som ofte andre Steder, se NE. S. 92. Der gaar her en Tverelv fra Vest ud i Otra.
|
|
|
At Larsen set namnet i samband med hasl, m, hassel, kjem nok av at det finst ei rekkje med skriftformer frå kring år 1600 og frametter der gardsnamnet vert skrive som Haslemo og variantar av dette. Men heilt overtydande tykkjest denne forklaringa ikkje utan vidare. Vel er det kanskje mogeleg at her ein gong kan ha vakse hassel, men det er nå likevel nokså hypotetisk. Om futar og andre vinkelskrivarar i dansketida kanskje har tenkt seg at namnet hadde med hassel å gjera, bør vel heller ikkje tilleggjast avgjerande vekt.
Den eldste kjende skriftforma av namnet er Holtzmon frå 1479, og som ein ser er rotvokalen i fyrelekken her o, på same måten som i det moderne namnet. Men det diplomet der denne namneforma er å finne (DN X, s. 203) gjev inntrykk av ustø skrivemåte:
«Holtzmon som ligger i Byglesonk», står det. Når diplomskrivaren har greidd å kaste om på bokstavane i -sokn, og fått det ordet til å verta -sonk, ligg det nær å tenkje at også gardsnamnet kan vera feilskrive. Men i så fall er det meir sannsynleg at konsonantane kan ha bytt plass enn at rotvokalen skulle ha vorte endra. På denne bakgrunnen tykkjest det mest truleg at rotvokalen i det opphavlege grunnordet i fyrelekken må vera o, og ikkje a. Les mer …
|