Serveren er oppgradert. Om dere oppdager feil, kan dere melde fra til webserver@lokalhistoriewiki.no.

Forside:Midt-Norge

Fra lokalhistoriewiki.no

Gå til: navigasjon, søk

Østlandet • Sørlandet • Vestlandet • MIDT-NORGE • Nord-Norge

Møre og Romsdal • Sør-Trøndelag • Nord-Trøndelag

Forside: Midt-Norge
Midt-Noreg (nn.) eller Midt-Norge (bm.) er ein norsk landsdel som omfattar trønderfylka Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag, i tillegg til Møre og Romsdal fylke, særleg Nordmøre og Romsdal, og til tider sørlege deler av Nordland. Historisk sett har landsdelen bakgrunn i den rettslege eininga Frostating lagdømme, som inkluderer Trøndelagsfylka og heile Møre og Romsdal, og den geistlege eininga Nidaros bispedømme, som inkluderte Trøndelagsfylka, Nordmøre og Romsdal inntil Møre bispedømme vart oppretta i 1983. I offentleg, administrativ samanheng svarar Midt-Noreg stort sett til Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal.   Les mer ...
Eksterne ressursar
  • Vitenskapsmuseet«natur- og kulturhistorisk forskning med vekt på kunnskapsutvikling for forvaltning av natur- og kulturarv samt allmennrettet forskningsformidling med vekt på natur- og kulturhistorie i Midt-Norge.»
Smakebiter fra artikler
Kart over Sør-Trøndelag som viser kvar Hemne prestegjeld ligg.
Hemne prestegjeld, fram til 1918 skrive Hevne prestegjeld, er eit prestegjeld i Orkdal prosti i Nidaros bispedømme i Den norske kyrkja. Hemne prestegjeld, som vart frådelt Hitra prestegjeld ved reskript av 5. desember 1765, dekkjer kommunane Hemne og Snillfjord og har fire sokn: Hemne, Vinje, Heim (frå 1884) og Snillfjord (frå 1899). Gardane Bjørnslia, Ljøsevollen og Lillehaugen, som tidlegare høyrde til Rindal prestegjeld, vart lagt til Vinje sokn av Hemne prestegjeld ved kongeleg resolusjon av 4. desember 1862.[1] Den noverande kyrkja i Hemne sokn vart innvigd den 29. juni 1817 etter at den gamle kyrkja, «Sancta Margrethæ», brann ned natt til 15. desember 1815. Kyrkja er åttekanta og har totalt 500 sitteplassar. Ved Vinjeøra har det vore kyrkje sidan føre reformasjonen. Den noverande kyrkja i Vinje sokn, ei åttekanta tømmerkyrkje, vart bygd i 1820 etter at den gamle kyrkja vart riven, men tårnet og preikestolen, så vel som den gamle altartavla frå 1712 i nederlandsk barokkstil, vart flytta over til nykyrkja.   Les mer…


Augusta Aasen, født 19. mai 1878 i Osen i Søndre Throndhjems amt, død 3. august 1920 i Moskva. Hennes foreldre var Fredrik Christian Paasche og Pauline Sivertsdatter Vaagen, og hun var gift med boktrykker Edolf Aasen (1877-1969), Steinkjer. Augusta Aasen var mor til Arne Paasche Aasen (1901-1978). Aasen var en aktivist og sosialistisk agitator, men først og fremst kvinnesakskvinne. Hun var med å stifte arbeiderkvinneforeningen i Trondheim, hvor hun også ble den første kvinnelige bystyrerepresentant. Fra 1912 begynte hun å opptre som politisk agitator for Arbeiderpartiet, og på Påskelandsmøtet i 1918 kom hun med i det sentrale partiarbeidet. Hun fikk en brå død 3. august 1920 i Moskva der hun var en av partiets delegater til 3. internasjonales 2. kongress.   Les mer…
Inngangspartiet i den gamle delen av Trøndelag Teater.
Foto: Olve Utne
Trøndelag Teater er et institusjonsteater i Trondheim. Otto Homlung er for tiden ansatt som teatersjef. han overtok etter Cathrine Telle våren 2005. I 1937 åpnet Henry Gleditsch et fast teater i Trondheim, Trøndelag Teater. Økonomien var stram, så ulike metoder ble tatt i bruk for å få driften til å gå rundt. For å få inn mest mulig inntekter pr. forestilling, ble det solgt billetter for ståplasser. I 1997 flyttet Trøndelag Teater inn i et nytt teaterbygg som ble innviet av Dronning Sonja.   Les mer…
Kart over Nerskogen ca 1900

Nerskogen er i dag namnet på ei grend som ligg både i Rennebu kommune og Oppdal kommune. Men Nerskogen var inn til etter andre verdskrigen hovudsakleg eit rikt utmarksområde der gardane i Rennebu og Oppdal hadde setrar, dreiv markaslått og henta ved og tømmer heim til bygdene. Det har òg vore drive tjørebrenning i omfattande grad i området. Ein kan framleis sjå rester etter tjøremiler i myrer over heile Nerskogen, sjølv om den verksemda nok ikkje vart drive her etter 1890-åra.

I 1927 vart så det første bureisingsbruket rydda i Gregosen på Oppdalssida av Elen og Halvar Engelsjord. Dei var åleine her fram til 1933. Året før hadde Selskapet Ny Jord vore på synfaring og bestemt seg for å satse på Nerskogen som utbyggingsområde.   Les mer…
Frå 1952 til butikken vart nedlagt låg han i sokkeletasjen i dette huset.
Foto: Olve Utne
Soleimsund Handel, først driven under namnet Fr. Marit Halsnes, var ein butikk på HalsTustna som vart driven frå 1947 til 1982. Butikken var heile tida ein typisk landhandel med variert utval. Frå butikken vart etablert og heilt fram til ferjeruta Kristiansund–Tømmervåg vart opna i 1960 vart det meste av varene levert til butikken med båten MB «Vega» til Innerseterkaia, og derifrå gjerne med mindre båt direkte til bryggja i Stranda, som fungerte som hovudlager dei første åra. Marit K. Halsnes (1916200?) begynte med butikkdrift i eine stua i Stranda under Hals i 1947. Da ho vart gift med radiotelegrafisten Einar Widding (19162007) i 1950, vart han òg med på drifta.   Les mer…

Siteringsfeil: <ref>-merker finnes, men ingen <references/>-merke funnet