Forside:Samnanger kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: Hordaland (Distrikt: Sunnhordland • Midthordland • Nordhordland • Hardanger) • Sogn og Fjordane
KOMMUNE: Alver • Askøy • Austevoll • Austrheim • Bergen • Bjørnafjorden • Bømlo • Eidfjord • Etne • Fedje • Fitjar • Kvam • Kvinnherad • Masfjorden •Modalen • Osterøy • Samnanger • Stord • Sveio • Tysnes • Ullensvang • Ulvik • Vaksdal • Voss • Øygarden

Om Samnanger kommune
1242 Samnanger komm.png
Samnanger kommune ligg inst i Samnangerfjorden i Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Hordaland), med Bergen i vest, Voss og Vaksdal i nord, Kvam i aust og Bjørnafjorden i sør. Kommune vart skipa i 1907, då han vart skilt ut frå Os.

I 2009 vart det registrert fleire busetjingsspor frå bronsealder/jernalder på Ytre Tysse i Samnanger. Men det er funne ein flintdolk, flintsigder og ei diabasøks i bygda. Det har i tidlegare tider vore drive jordbruk, småhandtverk, jakt og fiske. På 1600-talet var det mykje handel med Skottland. På 1800-talet var også Samnanger til liks med Hardanger livleg engasjert i jaktetrafikken med sildefiske og handel med klippfisk frå Nord-Norge til Bergen.

Fram til 1885 ferdsel og handel mest sørover ut fjorden, men etter at jernbanen kom, og det vart bygd veg til Trengereid, auka kontakten med Bergen.

I moderne tid har vasskrafta hatt mykje å seie. Sist på 1800-talet starta Samnanger Ullvarefabrikk med kraft frå Tyssefossen. Fabrikken brann til grunnen i 1931. I 1941 bygde SAFA ny ullvarefabrikk på barnntomta og har seinare vore ein hjørnesteinsbedrift i kommunen. Safa er den einaste fabrikken i sitt slag som har greidd konkurransen og er i full drift i Norge. Tidleg på 1900-talet bygde Bergen lysverker ut Samnangervassdraget, etter initiativ frå m.a. O. W. Fasting og Christian Michelsen.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Frå bygginga av Tyssekaien, 1909.

Tysse er administrasjonssenteret i Samnanger kommune i Midthordland, frå 1. januar 2020 i Vestland fylke. Det er ein del av tettstaden Haga, som har 1068 innbyggjarar (2019). Tysse ligg der Tysseelva (Samnangervassdraget) renn ut i Samnangerfjorden. SAFA Samnanger Fabrikker har hovudsetet sitt her.

Stadnamnet Tysse er opphavleg eit elvenamn og kjem truleg av norrønt þuss, þurs, «tuss, troll»   Les mer …

Samnanger historielag i Samnanger kommune i Midthordland vart skipa 27. januar 2000. Laget «har til føremål å fremja interessa for lokalhistorie og kulturvern og skal arbeida for å ta vare på det som har historisk verdi for Samnanger». I 2019 hadde historielaget 140 medlemar, av dei var det 21 familiemedlemskap.   Les mer …

Isak Kobro (ukjent fotograf).
Isak Kobro (født 29. oktober 1867 i Bergen, død 9. desember 1953) var lege og sanitetsoffiser. I perioden 1927-32 var han sjef for Hærens sanitet. Kobro var også redaktør for verket Norges leger i nærmere 50 år. Isak Kobro tok examen artium i 1885 og ble cand.med. i 1893. Som nyutdanna ble han kommunelege i Samnanger, men rundt 1899 flytta han og familien til Kristiania, der han starta legepraksis.   Les mer …

Gustav Indrebø
Foto: Ukjent, faksimile frå Heidersskrift til Gustav Indrebø på femtiårsdagen 17. november 1939.
Gustav Ludvig Indrebø (fødd 17. november 1889 i Samnanger i Hordaland, død 3. august 1942) var filolog, historikar og lærar. Han arbeidde mykje med norrøn filologi, eldre norsk historie og stadnamn. Norsk språkhistorie var også eit viktig arbeidsfelt for Indrebø. Han var elles svært aktiv innanfor målrørsla, som talsmann for den tradisjonelle høgnorsklinja (skriftnormal som ligg tett opp til den opprinnelege nynorsken som Ivar Aasen utarbeidde).   Les mer …

 
Sjå òg


 
Kategoriar for Samnanger kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar