Anna Steineger (født Norman 28. september 1852 i Ølve, død 24. mai 1914) var lærerinne i middelskolen i Bergen, antageligvis Nicolaysens skole, og lokalpolitiker. Hun var datter av oberstløytnant Rudolph Grip Norman og Charlotte Lovise Norman, født Folkedal. Anna ble i 1876 gift med zoologen Leonhard Steineger (senere Stejneger), men ekteskapet ble oppløst i 1881. Hun står oppført som fraskilt i folketellingene for 1900 og 1910. Anna var aktiv i Bergens kvinnesaksforening. I 1901 ble hun valgt inn i kommunestyret i Bergen for partiet Venstre. Les mer …
Onarheimskyrkja då ho stod nybygd i 1893.
Onarheim kyrkje i Tysnes kommune vert første gongen nemnd i skriftlege kjelder i 1327, men mellomalderdelen som stod fram til 1819, må ha vore monaleg eldre. I 1820 vart kyrkja rive, berre koret vart ståande att. Fram til den noverande kyrkja vart bygd i 1893, låg dei gamle steinmurane rundt ei lita steinkyrkje utan tårn. I 2011 vart kyrkja kulturkyrkje i Tysnes, og ei rekkje gjenstandar frå den eldre kyrkja er stilt ut. I dokument frå 1686 og 1721 vert dei delane av kyrkja som må vera dei delane som stamma frå mellomalderen, oppgjevne til å vera 15 alen lang x 19 alen lang, dvs. 9.4 x 11.9 m. Breidden vart i 1721 oppgjeve til å vera 16 alen (10 m). Om ein skal samanlikna med andre mellomalderkyrkjer i Sunnhordland, vil dette seia at kyrkjerommet var noko mindre enn skipa i Fitjar og Moster, men større enn i Stødle kyrkje i Etne.
I det tidsrommet Onarheimsgildet eksisterte, var kyrkja også gildet si kyrkje. Ho må såleis ha stått sentralt under olsokfeiringa, og skal då også ha bore namnet Olavskyrkja, vigd til Olav den heilage. Les mer …
Tysnes Sparebank sin filial i Våge før 1963, like etter samanslåinga med Tysnes Privatbank. Foto: Lokalhistorisk arkiv i Tysnes
Tysnes Privatbank vart stifta i 1908 og verka i litt over femti år, inntil banken vart overteken av Tysnes Sparebank i 1959.
Då Tysnes Sparebank kom i drift i 1863, heitte det i statuttane for banken at hovudkontoret skulle vera i Tysnes hovudsokn, men då banken kring hundreårsskiftet vart flytta til Uggdalseidet, der også kommuneadministrasjonen hadde flytta, var det ein del interesserte menn som tok til å arbeida for oppretting av ein privatbank i Våge (Tysnes). Under hand vart det teikna aksjar for kr 5 900, fordelt på aksjar à kr 50.
Det vart sendt innkalling til konstituerande møte i skulehuset på Gjerstad i Tysnes i oktober 1908, og der møtte interesserte frå Våge (Tysnes), Lundegrend, nordre delen av Onarheim og Nord-Reksteren. Les mer …
Claus Pavels Riis med svoger og svigerinne.
Claus Pavels Riis (fødd i Bergen 19. februar 1826, død i Mandal på reise 8. oktober 1886) var forfattar, gardbrukar og hagebruksmann. Han var amtsgartnar i Søndre Bergenhus amt 1860-1864. Som forfattar er han mest kjend som representant for studentdiktinga i Christiania i 1840-åra, med viser og lette komediar som dei viktigaste uttrykksformene. Studentkomedien Til Sæters var fyrste gong oppført på Christiania Theater i 1850, og seinare mykje brukt som spelstykke i frilynde ungdomslag. Claus Pavels Riis er forfattaren bak teksten til songen “Anne Knutsdotter”. Han budde i mange år (1855-1882) på øya Tysnes i Sunnhordland, der han dreiv ein større gard med tittel av “ proprietær”, og henta mykje inspirasjon frå Sunnhordland. Claus Pavels Riis hadde oppveksten sin i Bergen. Han var son av Boye Christopher Riis og hans fyrste kone Marianne Sophie Pavels. Faren var justitiarius ved Bergen stiftsoverrett. Morfaren var Claus Pavels, som var slottsprest på Akershus frå 1805 og biskop i Bergen frå 1817. Claus Pavels Riis gav seinare ut morfarens sjølvbiografi og delar av dagbøkene hans, noko som med seinare kompletterte utgåver har vorte eit sentralt kjeldemateriale til politiske tilhøve og kulturhistoria i tida rundt 1814. Les mer …
Bømlo kystlag vart stifta i 1994 og har i dag 60 medlemmer. Kystlaget er eitt av 120 lokale kystlag som er organisert under Forbundet KYSTEN, med over 9500 medlemmer. Kystlaget sitt formål er å ta vare på kunnskap, handverk, historie og tradisjonar tilknytt den lokale kystkulturen.
Bømlo kystlag eig og disponerer i dag to skøyter. Den største skøyta, « Guløy» med ein 40 Hk Wichmann er hjå Riksantikvaren registrert som bevaringsverdig. Kystlaget arbeider for tida med å søkja Riksantikvaren og andre om midlar til restaurering, noko som vert eit ressurskrevande prosjekt. Les mer …
|