Faksimile fra Aftenposten 27. desember 1929: Utsnitt av nekrolog over Alexander Bugge. Alexander Bugge (fødd i Kristiania 30. desember 1870, død i København 24. desember 1929) var historikar. Han var professor ved universitetet i Kristiania 1903-1912, deretter statsstipendiat. Dei faglege spesialfelta hans var vikingtidssamfunnet og mellomalderen, med vekt på handels-, skipsfarts-, og byhistorie, og dessutan eldre busetjingshistorie. Ved sida av fleire betydningsfulle vitskaplege avhandlingar skreiv han populærvitskaplege historiske framstillingar, og han var ein etterspurd foredragshaldar. Bugge var blant dei akademikarane som engasjerte seg sterkt i den lokalhistoriske rørsla tidleg på 1900-talet. Mellom anna skreiv han gards- og ættesoge for Våler i Solør. Les mer …
Måleriet Fra Ulvik (1851) av Bernt Lund. Foto: Nasjonalmuseet
Bernt Lund (fødd i Våler i Solør 14. juli 1812, død i Kristiania 30. oktober 1885) var offiser, vegingeniør, kunstmålar og forfattar. I ettertid er han best kjend som den som skreiv det patriotiske diktet om Trysil-Knut. Foreldra var Ole Bergersen Lund (1769-1835) og Kassi Danielsdotter fødd Dahl (1780-1865). Dei åtte og dreiv garden Vestre Lunden (gnr. 50.1) på Braskereidfoss i Våler. Ole Bergersen var også tømmermerkar. Familien tilhøyrde det som er vorte kalla eit kondisjonert miljø av storbønder i Våler (Geir Vestad). I følgje Alexander Bugges bygdebok for Våler var Ole Bergersen «en interessert og opplyst mann». Men han ville ikkje leve som vanleg bonde, «men som herremann». Les mer …
Honoratus Halling er gravlagt på Østre Aker kirkegård i dagens Oslo. Han var sogneprest i Østre Aker de siste 10 årene av sitt yrkesaktive liv.
Honoratus Halling (født i 14. november 1819 i Nord-Odal, død 9. april 1886 på Ljan i Aker) var teolog og forfatter. Han var også, i 1850-årene, en av de mest markante forkjemperne for arbeidersaken på kristen-konservativt grunnlag, og dermed blant Marcus Thranes mest iherdige motstandere. Honoratus Halling var sønn av Peter Herman Halling (1777–1825) og Nikoline Moe (1787–1865). Han var gift to ganger, først med Frederikke Petrine Weyergang (1820-1860), deretter (som enkemann), med Marie Henrikke Bomhoff (1837-1907). Les mer …
|