Gjerden (Bykle gnr 15)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Gjerden
Gjerden 1.jpg
Gjerden 1965. Frå venstre Der Nord, Derinne og Attistog. I øvre, venstre biletkant skimtar ein Huldreheimen.
Foto: Fjellanger Widerøe
Alt. namn: Jarinn, dat. Jåro
Rydda: fyre 1350
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Gnr.: 15
Type: Gardsbruk

Gjerden er ein matrikkelgard i Bykle. Dei gamle gardane i Kyrkjebygdi er Byklum, Mosdøl og Gjerden. Av desse er Byklum, som ligg i midten, klårt den eldste, medan Mosdøl i vest og Gjerden i nordaust er sekundære i høve til denne.

På denne bakgrunnen vil me meine at det peikar litt gale i veg, når Tarald Nomeland i den gamle gards- og ættesoga (217) seier at «Jarinn er ein eigen gamal gard, medan Mosdøl kan ha gått ut ifrå Byklum». Både Mosdøl og Gjerden har ein gong i tida gått ut frå Byklum, men desse delingane ligg sjølvsagt langt attende, heilt sikkert fyre 1350.

Utover den nemnde plasseringa i bygda er det fleire grunnar til å meine dette. Ein er landskyldsatsane i 1600-åra, som for Byklum er så mykje høgare enn for grannegardane. Ein tredje er gardsnamnet. Om det siste hermer me den fylgjande passasjen etter Amund B. Larsen (NG IX, 214):

Sitat Udtaleformene [dvs. Jarinne (Nom.) og Jåro (Dat.)] svarer saa korrekt som det er muligt mod oldn. *Jarðirnar og dets Dat. *Jǫrðunum, Flt. af Jǫrð, f. som meget hyppigt bruges i Betydningen Jordstykke, Jordeiendom. At navnet altid har været skrevet som om det var oldn. Gerði, n, Jorde, kan ikke opveie dette, thi dette Ord vilde havt ganske andre Bøiningsformer. Sitat

Denne tolkinga virkar innlysande rett, så me skriv under på henne utan vidare.

I den gamle gards- og ættesoga (119-130) ser det ut til at Attistog vert rekna som det eldste av dei tre gamle bruka i Gjerden. Det er smått med konkrete haldepunkt for å avgjera dette spursmålet heilt sikkert, men i den mon Gjerden fylgde det normale garddelingsmønsteret bør bruket i midten, dvs. Der inne, vera det eldste. Me har valt å satse på at det faktisk var såleis, og så langt dette er rett, var då den fyrste delinga ei to-deling, der Attistog vart kløyvd ifrå. Dinest vart den andre halvparten (Nordstog / Der inne) dela på nytt, slik at det vart 3 bruk. Desse var i hovudsak dei same som dei me kjenner idag.

I fyrste helvta av 1600-talet er garden som regel oppførd med ei landskyld på 2 1/2 huder eller 30 skinn. Eit par avvik frå dette (1624, 1649) meiner me er feilføringar. Ved matrikkelrevisjonen i 1668 vart skylda redusert til 1 hud (12 skinn), og på det nivået heldt ho seg. I 1838 vart den gamle skylda omrekna til 3 dalar 1 ort og 4 skilling (= 316 skilling) , og i 1886 revidert til 2,96 skyldmark.

I 1800-åra kom eit par husmannsplassar under garden. Det var Myri under Attistog frå ca 1858 og Lii under Nordstog frå ca 1867. Myri vart eit sjølveigande småbruk kring 1915, men ikkje matrikulert fyrr i 1987. Der er framleis busett. Lii vart aldri matrikulert, og høyrer framleis under Nordstog. Der var busett til 1915.

Småbruka Berg, bnr 12 og Vang, bnr 14, vart i 1926 bygde på ein del av eit stykke som hadde gått ut frå Der inne i 1915, og småbruket Kanada gjekk ut frå Attistog i 1932. Det sistnemnde bruket gjekk seinare ihop med Attistog att, og har ikkje vore matrikulert.

Dei areala som sidan gått ut frå garden har vore nytta til byggjegrunn, og slike frådelingar har det vore mange av. Den fylgjande tabellen skulle gjeva eit oversyn over dei. Når det gjeld einingar utan fast busetnad, har me berre teke med dei som har kome til å gjeva rom for bustader etter seinare frådelingar. Utmarksstykke utan busetnad, og sameleis tomter til bygg der ingen bur, er altså i hovudssak haldne utanfor, men eit par utmarksparsellar som i ettertid vart utgangspunkt for busette einingar er likevel med.

Trass i at matrikkelrekkjefylgja på nokre punkt bryt med den historiske kronologien, har me valt å setje tabellen i samsvar med matrikkelen.

Bruk og tomter under Gjerden, gnr 15

Bnr Bruksnamn Dela ifrå Etbl. år Matr. år Merknad/kategori Skyld 1668
skinn
Skyld 1838
skill.
Skyld 1886
øre
Skyld 2003
øre
1 Attistog Heile gnr 15 Ca 1665 1668 Gardsbruk 6 110 148 130
Der inne + Nordstog Heile gnr 15 Fyre 1350 Hovudbøle 6 (134)
2 Nordstog Der inne + Nordstog Ca 1667 1668 Gardsbruk 3 67 74 67
3 Der inne Der inne + Nordskog Ca 1667 1668 Gardsbruk 3 67 74 20
Lii Bnr 2 1867 Plass
10 Øvre Haugen Bnr 1 1919 1919 Bustadtomt 1
11 Sarv Bnr 3 1919 1919 Utmarkstykke
12 Berg Bnr 11 1926 1926 Småbruk 2
13 Åsen Bnr 1 1926 1926 Utmarkstykke\bustadtomt 1
14 Vang Bnr 11 1926 1926 Småbruk 1
Kanada Bnr 1 1932 Småbruk 1
15 Livodd Bnr 1 1947 1947 Bustadtomt 1
20 Notun Bnr 11 1964 1964 Bustadtomt 1
27 Fossheim Bnr 11 1965 1965 Bustadtomt 1
28 Soltun Bnr 11 1966 1966 Bustadtomt 1
30 Sarvskroken Bnr 11 1978 1979 Bustadtomt 1
32 Asparås Bnr 11 1972 1968 Bustadtomt 1
35 Sollid Bnr 11 1969 1967 Bustadtomt 1
37 Ryningen Bnr 1 1972 1970 Bustadtomt 1
41 Jarehaugen Bnr 1 1974 1973 Bustadtomt 1
44 Holen (aust) Bnr 11 1977 1974 Bustadtomt 1
45 Holen Bnr 11 1975 1976 Bustadtomt 1
46 Solvang Bnr 11 1975 1976 Bustadtomt 1
47 Holen (Der uppe) Bnr 11 1974 1975 Bustadtomt 1
48 Woltsbu Bnr 11 1978 1975 Bustadtomt 1
51 Ohmsbu Bnr 11 1976 1976 Bustadtomt 1
52 Ampersbu Bnr 11 1974 1976 Bustadtomt 1
53 Furuheim Bnr 11 1977 1976 Bustadtomt 1
54 Otratun Bnr 12 1978 1976 Bustadtomt 1
55 Solberg Bnr 15 1986 1977 Bustadtomt 1
57 Suistugu Bnr 11 1978 1977 Bustadtomt 1
58 Wattsbu Bnr 11 1974 1977 Bustadtomt 1
59 Legebustad Bnr 11 1977 1977 Bustadtomt 1
60 Grønli Bnr 11 1978 1978 Bustadtomt 1
63 Skoglund Bnr 14 1982 1980 Bustadtomt 1
64 Gosen Bnr 11 1979 1978 Bustadtomt 1
65 Sarvli Bnr 11 1979 1978 Bustadtomt 1
66 Sarvsjå Bnr 11 1978 1978 Bustadtomt 1
67 Lyngtun Bnr 11 1978 1978 Bustadtomt 1
68 Furubo Bnr 11 1978 1978 Bustadtomt 1
69 Furuli Bnr 11 1978 1978 Bustadtomt 1
70 Utsyn Bnr 11 1979 1978 Bustadtomt 1
71 Moselia Bnr 11 1979 1978 Bustadtomt 1
72 Kommunebo Bnr 11 1979 1978 Bustadtomt 1
73 Lilleborg Bnr 11 1978 1978 Bustadtomt 1
74 Turbo Bnr 11 1978 1978 Bustadtomt 1
75 Lyngbu Bnr 11 1978 1978 Bustadtomt 1
77 Myggbo Bnr 11 1980 1979 Bustadtomt 1
78 Furubo Bnr 11 1980 1980 Bustadtomt 1
79 Bjørkmyr Bnr 11 1980 1979 Bustadtomt 1
81 Kraftbo Bnr 11 1978 1981 Bustadtomt 1
82 Kraftsletta Bnr 11 1979 1979 Bustadtomt 1
83 Kraftly Bnr 11 1980 1979 Bustadtomt 1
84 Myrli Bnr 11 1979 1979 Bustadtomt 1
85 Myri Bnr 11 1980 1979 Bustadtomt 1
92 Birkebo Bnr 11 1983 1982 Bustadtomt 1
93 Solvang Bnr 11 1981 1981 Bustadtomt 1
94 Gegabu Bnr 11 1980 1984 Bustadtomt 1
97 Bergly Bnr 12 Ca 1962 1983 Bustadtomt 1
103 Bekkemellom Bnr 1 1985 1985 Tomtefelt 1
104 Kyrkjelii Bnr 13 1985 1985 Tomtefelt 1
105 Myri Bnr 1 1858 1987 Plass ca 1858, småbruk 1915 2
106 Bjårlii A
Bjårlii 15
Bnr 1 1996
1991
1986
1991
Tomtefelt 1
107 Myri 16 Bnr 1 1988 1988 Bustadtomt 1
108 Bjårlii 9 Bnr 106 1989 1989 Bustadtomt 1
109 Bjårlii 21-23 Bnr 106 1989 1999 Bustadtomt 1
110 Bjårlii 1 Bnr 106 1992 1991 Bustadtomt 1
111 Aldersbustad 1-2 Bnr 103 1993 1993 Bustadtomt 1
112 Bjårlii, Felt B Bnr 106 1989 1993 Tomtefelt 1
113 Jarevegen 13 Bnr 15 1994 1994 Bustadtomt 1
114 Skvåbekk Bnr 11 1995 1994 Bustadtomt 1
115 Bjårlii 7 Bnr 106 1994 1994 Bustadtomt 1
117 Sarvskroken 1 Bnr 11 1997 1997 Bustadtomt 1
118 Sarvskroken 5 Bnr 11 1999 1997 Bustadtomt 1
119 Sarvsvegen 37 Bnr 11 1999 1998 Bustadtomt 1
123 Bjårlii 20 Bnr 106 2000 1999 Bustadtomt 1
124 Bjårlii 10 Bnr 106 1980 1999 Bustadtomt 1
125 Bjårlii 12-14 Bnr 106 1989 1999 Bustadtomt 1
126 Bjårlii 16-18 Bnr 106 1980 1999 Bustadtomt 1

Dermed skulle me ha eit grovoversyn over utviklinga. Dei einskilde bruka i tabellen kjem me til etter kvart, men fyrst skal me sjå på det som som hende på garden fyre han vart dela.

Den udela garden

Uthusa i Gjerden Der inne ser svært gamle ut, og kunne for så vidt vore frå tida fyre garden vart dela. I røynda er dei nok likevel frå 1700-talet, jamvel om nokre av stokkane godt kan vera eldre. Men me reknar med at fjos og taddar lenger att i tida ikkje var mykje annleis. Foto: Trygve Gjerden, frå kommunearkivet.

Gjerden er fyrst omtala i eit diplom frå 1482, der det går fram at Bjørn Jonsson det året kaupte denne garden saman med ein eigedom som vert kalla Kylendet av ein Tallak Olavsson for 4 merkar gull. Tallak veit me ingenting om, og ikkje har me stort å melde om Bjørn Jonsson heller, men sannsynlegvis er det same mannen som er noko omtala i bolken om Byklum.

I eit brev som er dagsett i 1587, men som tydelegvis fortel om hendingar som låg eit stykke attende i tida då det vart skrive, går det fram at ei Svålaug Herbjørnsdotter bytte bort noko eigedom ho hadde i Gjerden og Lunden i Bykle mot tilsvarande eigedomspartar i Berg i Valle (landskyldstorleiken på desse partane vert ikkje nemnt). Han som bytte til seg gardpartane i Bykle, og gav godset i Berg ifrå seg, heitte Orm Ulvsson, og denne Orm hadde odel til Gjerden, korleis nå det kunne ha seg.

Brevet om gardbytet fortel også noko om bakgrunnen for at Svålaug hadde kome til eigedom i Bykle: Det var ein Tarjei Sveinsson som hadde gift seg til desse eignene, men denne Tarjei-en hadde selt godset att for lause pengar, og så hadde Svålaug fått tak i det gjennom arv («ved rett skifte og bytte»). Etter dette hadde ein Aslak Tarjeisson, som etter namnet å døme kan ha vore son åt ovannemnde Tarjei Sveinsson, vilja taka Gjerden på odel, men det hadde Svålaug «vendt han ifrå» med å gjeva han Hoslemo, står det.

I Vallesoga les me at Orm Ulvsson budde i Systog Åmli (Valle III, 459). Alfred Ryningen ymtar forsiktig om at Svålaug Herbjørnsdotter kanskje kan ha vore skyld Herbjørn Gunnulvsson Bjørgum. Kanskje kunne han vore ein brorson hennes? Dette er i og for seg lite meir enn gjeting, men ettersom Herbjørn Bjørgum var den einaste ein veit om i Valle med det fyrenamnet, tykkjest ho rimeleg. Vidare har Ryningen også funne eit brev som viser at den nemnde Herbjørn Gunnulvsson kaupte ein part på 2 markebol i Byklum hjå Tarjei og Knut Hoslemo i 1596, så at også han hadde interesser i Bykle er på det reine (sjå Valle II, 43 f).

Om nokon av dei nemnde personane nokon gong budde i Gjerden, er på vona. Det me veit er berre at dei hadde eigedom her. Men den neste mannen me finn nemnd i tilknyting til garden, var heilt sikkert oppsitjar. Han heitte Tarjei Åvoldsson. Etter Vallesoga var denne Tarjei-en truleg son åt Åvold Torleivsson Homme, som vart drepen av Torjus Gunnulvsson Homme ein gong fyre 1547. Far åt Åvold att heitte nok Torleiv Ånundsson, men kvar den mannen budde er uvisst. Det ser ut til at det har vore skyldskap mellom dei sistnemnde og ovanomtala Orm Ulvsson Åmli, og også mellom Åmli og Berg var det etter Vallesoga (V, 469) «nært samband». Dei nemnde sambanda kan vera noko av forklaringa på at vår mann hamna her på garden, men korleis desse skyldskapane nærare heng i hop, har me ikkje grunnlag for å greie skikkeleg ut. Om Tarjei Åvoldsson var soneson åt Svålaug Herbjørnsdotter, slik det står i den gamle gards- og ættesoga (126), er på vona. I så fall skulle ho ha vore gift med ovannemnde Torleiv Ånundsson, men me har ikkje sett andre kjelder som kan peike i den lei.

Lat oss i staden sjå nærare på Tarjei og huslyden hans:

  • Tarjei Åvoldsson Homme, n 1609-1623
g m e Tore Kjetilsdtr. (Byklum) Homme. Born, iallfall:
  • Åvold n 1622, d ca 1662-63

Om skyldskapen til Berg og Åmli kanskje kan forklare noko av Tarjei si interesse for Bykle, så fekk han også inntak i Gjerden gjennom kona si. For Tore Kjetilsdotter var dotter åt Kjetil Augundsson Hovet (Byklum), som hadde eigedom både i Byklum og Gjerden. Då Tore gifte seg med Tarjei Åvoldsson var ho enke etter Jon Augundsson i Homme Svalestoga, som døydde ein gong fyre 1594 (jfr. Valle V, 315).

I 1615 laut Tarjei, liksom alle andre i Råbyggjelaget som åtte noko av verdi, ut med straffeskatt til kongen. Eignelutene hans vart då oppskrivne som fylgjer:

  • Rede pendinge (1 rd)
  • Tilstandendes gield (4 rd)
  • Sølff 14, 5 lod (6 rd1 ort 1, 5 s)
  • 1 lidenn messing liussestage (12 sk)
  • Nyt kobber 2,5 pd (7 rd 2 ort)
  • Gml. kobber 30 mk (2 rd 3 ort 6,5 sk)
  • 2 smaa kobbergryder (1 rd 3 ort)
  • 3 nye tjeld (2 rd 1 ort)
  • 2 gml. forslidte tjeld (1 ort)
  • 2 forsl. sengekleder (2 ort 12 sk)
  • 2 forsl. skinddecken (3 ort)
  • 2 øxer (2 ort 12 sk)
  • 1 bøsse (3 rd 3 ort)
  • 1 liden gml. hoppe (2 rd 2 ort)
  • 1 hest (7 rd 2 ort)
  • 1 studekalf aarsgml. (1 rd)
  • 4 kiør (12 rd)
  • 2 quier (5 rd)
  • 1 quiekalf aarsgml. (1 rd)
  • 2 sommerkallffve (1 rd)
  • 3 gieder (1 rd 2 ort)
  • 3 kid (3 ort)
  • 6 sommerkid (3 ort)
  • 7 faar (3 rd 2 ort)
  • 5 sommerlamb (2 ort 12 sk)
  • 1 svin (3 ort)
  • 1 jernstang (1 ort 12 sk).

Det samla verdet vart 73 riksdalar 1 ort og 12 skilling, og skatten vart gale utrekna til 36 rd 3 ort 20 1/2 sk 1 1/2 p (Det rette skulle vera 36 rd 2 ort 18 sk).

Tarjei Åvoldsson er oppførd som oppsitjar i Gjerden i ei rekkje skattelister, siste venda i 1623. Han bruka heile garden, men leigde ein part hjå ymse medeigarar. Dette siste kjem me attende til. I den gamle gards- og ættesoga (124) står det at Tarjei «var fødd ca 1560-70», men om det er rett at far hans var Åvold Torleivsson, som kom av dage i slagsmål fyre 1547, lyt han ha vore monaleg eldre.

Etter at Tarjei var borte overtok sonen garden. Han heitte Åvold Tarjeisson. Me kjem attende til familien hans i bolken om Der Inne. Åvold er oppførd som eigar av 2 huder i garden i odelsmanntalet frå 1624. Han åtte også 1 1/2 kalveskinn i Hoslemo, står det. Men Gjerden var på 2 1/2 hud, og det tilseier at her skulle vera 6 skinn til, som då var på andre hender. Merkeleg nok gjev den nemnde kjelda i staden opp 16 1/2 skinn til som skal høyre under denne garden. Av desse åtte Håvard [Torjusson] Holum i Valle 15 skinn, står det, og Torjus Holum 1 1/2 skinn. Men at Gjerden på denne tid skulle ha ei skyld på 40 1/2 skinn må vera ei rein feilføring. Me trur heller ikkje at holumbøndene åtte noko her, dei 16 1/2 skinna deira låg nok ein annan stad. Åvold og far hans hadde medeigarar, men dei budde ikkje i Holum.

I bolken om Tveiten har me vore inne på at Tarjei Auversson Kyrvestad åtte 10 nottungar i Gjerden kring 1630, som han delvis hadde ervt gjennom kona si, som var var av Rike-ætta, og delvis kaupt i hop frå medervingane hennes. Me vil tru at denne parten, som svarar til 5 kalveskinn skyldeige, medan han burde vore på 6, hadde hamna hjå Rike-ætta gjennom Åshild Kjetilsdotter (Byklum), kona åt Gjermund Asbjørnsson Rike. Me har ikkje beinveges kjeldeoppgåver om alle heimelsovergangane, og kven som åtte det eine skinnet me vantar oppgåve om i 1630, er også uvisst, men når me på 1640-t alet finn Knut og Gjermund Lavrantssøner Rike, sonesønene åt Gjermund og Åshild, (jfr Valle V, 95), som eigarar av 1/2 hud i Gjerden, ser det ut som ei tydeleg melding om kvar det hadde vorte av dei 6 skinna Åvold vanta i 1624.

På 1620-talet låg Åvold i rettssaker, fyrst med vallepresten, og sidan med Kjetil Byklum, morbror sin, om bruken av kyrkjejorda i Byklum. Dette har me fortalt om i kapittelet om den udela Byklumgarden, der det også går fram at Åvold tapa mot presten, men etterpå vann att det tapte frå morbroren. Men her var det tale om pengar, ikkje om gardpartar som skifte hender, og det ser ut til at Åvold heldt fram med å bruke dei 6 kalveskinna med jord i Byklum som høyrde kyrkja til etter dei nemnde rettssakene.

Men på 1630-talet tykkjest han å ha måtta sleppe ifrå seg både denne og fleire eigedomspartar. Ein av dei hadde kome i hendene på Åsmund Rygnestad, skjønar me, for i landskattelistene frå 1640 og 1644 finn me han oppskriven som eigar av 1/2 hud i Gjerden. Korleis han hadde fått tak i denne parten, veit me ikkje, men sidan, i odelsskattelistene frå 1647 og 1651, ser me at brørne Knut O. Åmli og Gunnar O. Brottveit har overteke. Desse var gifte med kvar si dotter av Åsmund (jfr. Valle III, 320). Men endå var det meir av eigedomen i garden som høyrde andre til ved dette leitet, og Åvold var heller ikkje lenger den einaste oppsitjaren.

I 1645 hadde han vore åleine på garden, men i det prenta kontribusjonsmanntalet frå 1647 heiter det at «Offuold och Øuffuen bruger huer 5 giedschind». Det hadde kanskje vore mogeleg å tolke «Øuffuen» som Eivind, me veit at ein av sønene åt Åvold hadde det namnet, men andre stader i same kjelda vert Eivind konsekvent attgjeve som «Effuind», og då meiner me at «Øuffuen» heller må oppfattast som ei noko forvanska skriveform av Augund.

Det er mogeleg at denne mannen kan vera identisk med Augund Jonsson Homme, som i fylgje den gamle gards- og ættesoga (126 f) skal ha vore bror åt kona av Åvold. Opplysninga om mågskapen er etter alt å døme feil, det kjem me attende til, men for den saks skuld kan Augund Jonsson godt ha budd i Gjerden nokre år (jfr. Valle VI, 320 f). Lenge vart han i så fall ikkje verande, men det at det hadde kome to skatteytande brukarar på garden tek me som teikn på at ei garddeling var under vegs.

I og med at Åvold og Augund bruka like store partar skjønar me at den fyrste delinga må ha vore ei kløyving midt i to. Åvold bruka då den parten som sidan vart Nordstog og Der Inne, medan Augund har hatt det som skulle verta Attistog. Om det med det same var tale om ei fysisk deling med deilder i terrenget, eller om det til å byrje med berre var bruken av garden som var dela, medan sjølve gardsvaldet framleis låg som ein udela heilskap, kan me ikkje vita sikkert. Kanskje gjekk det nokre år fyrr dei fann grunn til å setje opp grensemerke mellom partane sine? Men det er vel rimeleg å tenkje seg at behovet for ei fysisk deling kunne fortone seg som meir presserande, når oppsitjarane, som her, ikkje var nærskylde, enn når det var brør som dela, slik det til dømes var i Byklum. Me skal difor rekne med at den fyrste delinga her gjekk fyre seg ein eller annan gong kring 1650.

I kontribusjonsmanntalet frå 1647 står det vidare at «Offuald med sinne medeigere eiger 1 1/2 h. Giermund Riiges arffuinger eiger 1 h.» Ovanfor fortalde me, etter odelsskattelista frå det same året, at Knut O. Åmlid og Gunnar O. Brottveit åtte 1/2 hud saman, og la til at dei var versønene åt Torleiv Rygnestad. Då skjønar me at det må vera dei som vert omtala som Åvold «sinne medeigere», og av dette fylgjer rimelegvis at det var han som bruka den parten dei åtte, og at Augund i Attistog bruka parten til Rike-ervingane.

Den gamle gards- og ættesoga (126) har med ei avskrift av bolken om Gjerden i kontribusjonsmanntalet frå 1649. Me skal sjå noko nøye også på denne passasjen, både avdi kjelda delvis er misvisande, og avdi ho likevel inneheld opplysningar om endra eigartilhøve.

Fyrst står det at garden var på 2 1/2 hud, slik han faktisk var. Vidare heiter det at Åvold åtte 3 geiteskinn (= 9 kalveskinn) i garden, ervingane etter Torleiv Rygnestad det same, og likeeins ervingane etter Gjermund Rike og ervingane etter Ingebjørg Harstad. Men med desse skyldpartane vert garden på 36 skinn eller 3 huder, ikkje 2 1/2 hud.

Forklaringa på desse avvikande oppgåvene er nok berre at det har gått litt for fort fyre seg då den nemnde skattelista vart skrive. Meininga er likevel tvillaust at kvar eigar skal sitje med ein fjerdepart i garden, men då skulle det vera 7 1/2 skinn på kvar part, og ikkje 9.

Dei fleste av dei nemnde eigarane kjenner me frå fyrr, men Ingebjørg Harstad lyt identifiserast. Ho heitte Ingebjørg Gjermundsdotter, og var frå Rike. Tarand Borgarsdotter, dotter hennes, var gift med Tarjei Auversson Kyrvestad i Nordtveiti, som åtte ein part i Gjerden kring 1630 (jfr. Valle IV, 53, sjå også bolken om Nordtveiti, gnr 11, bnr 2). Men i tida mellom 1647 og 1649 har då Rike-ervingane auka eigardelen sin frå 12 kalveskinn til 15. Om det var Åvold eller Rygnestad-ervingane som hadde avgjeve dei 3 skinna, går ikkje fram, men me vil helst tru at det var Åvold, som i så fall i 1649 sat att med eigedomsretten til berre 4 1/2 skinn. Men han bruka 15 skinn, og har då leigd 11 1/2 skinn av medeigarar.

Som me var inne på ovanfor, reknar me med at garden vart kløyvd i to bruk ein gong ved dette leitet, kring 1650. I den vidare framstillinga tek me fylgja av dette, og tek for oss eitt bruk i senn. Det me vidare har å melde om Åvold Tarjeisson lyt då plasserast i bolken om Der inne.

Eksterne lenkjer


0941 Bykle komm.png Gjerden (Bykle gnr 15) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Myri 3 • Neste bolk: Der inne