Furubo (Bykle gnr 15/78)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Furubo
Gjerden 62e.jpg
Furubo pr 30.6.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1980
Utskilt: 1980
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 15
Bnr: 78
Type: Bustadeigedom

Tomta Furubo i Bykle vart overteken av Selmer/Furuholmen i 1980, og dei plasserte eit par Moelven-brakker her til ein mellombils bustad. I 1982 vart brakkene flutte til ein annan stad, og tomta overteke av Bykle kommune, som sette opp eit bustadhus. Staden vart etter dette kalla Nedre Sarv nr 2.

Dei fyrste som budde her skal ha vore ein materialforvaltar hjå entreprenørselskepet som heitte Finn Ivar Knudsen. Kona heitte Bente. Dei hadde to gutar, ein av dei heitte Kim. Ettersom me ikkje har greidd å finne att desse folka, vert opplysningane ufullstendige.

Dei fyrste som budde i det kommunale husværet var Olav og Brita Berdalen.

  • Olav K. Berdalen, f 1946
g 1974 m Brita Rygnestad, f 1956. Born:
  • Olaug Birgitte, f 1978, p t (2003) under utd., busett Risør
  • Linda Maria, f 1980, p t (2003) under utd., busett Risør, born:
  • Alexander, f 1999
  • Bastian, f 2001

Olav Berdalen er frå Berdalen Bjones, og son åt Knut O. Berdalen og kona, Borghild, fødd Nilsen. Brita kjem frå Utigard Rygnestad, bnr 17, og er dotter åt Olav Steinsson Rygnestad og kona, Tone Olsdotter, fødd Røysland. Ho er nå busett i Kristiansand. Ho har også dottera Monica Therese, fødd 1972. Monica bur i Kristiansand, og har sønene Kim Alexander, fødd 1993 og Andres Yan, fødd 1991.

Olav er kommunearbeidar. Han og Brita budde fyrst i barndomsheimen hans i Myri, Berdalen. Så budde dei her i åra 1982 til 1984, og sidan hadde dei 2 andre kommunale husvære inntil Brita flutte til Kristiansand kring 1990.

Olav bur nå (2005) i Myri 2-8, der han leiger eit husvære hjå Pål G. Ryningen. Saman med han sidan 1999 bur Janne Solfrid Fiskå.

Sumaren 2005 overtok Trond Kristoffer Kristiansen bruken av huset her. Han er IKT-ansvarleg i Bykle kommune frå det same tidspunktet.


0941 Bykle komm.png Furubo (Bykle gnr 15/78) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Myggbo • Neste bolk: Bjørkmyr