Myri 2-8 (Bykle)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Myri 2-8
Byklum 140.jpg
Myri 2-8 i slutten av april 2006.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 2000
Utskilt: 2000
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Gnr.: 14
Bnr: 68
Type: Bustadeigedom
Postnummer: Myri 2-8

Myri 2-8 i Bykle er ein firemannsbustad med utleigeleilighetar som Pål Georg Ryningen (Hovden Hybelbygg ANS) sette opp på byggjefeltet i 2000-2001. For tida (haust 2005) er 2 av dei 4 bueiningane folkesette.

I ei av leilighetene her bur:

  • Torleiv Sælid, f 1976
sb m Merete Ruud Engesland , f 1981

Torleiv er frå Berget, Mosdøl, og son åt Jan Sælid og Gunvor Torleivsdotter, fødd Mosdøl. Han er mekanikar og driv maskin-/landbruksverkstad i Bykle. Om Merete veit me berre at ho er frå Evje.

I ei anna leilighet her bur:

  • Olav K. Berdalen, f 1946
sb m Janne Solfrid Fiskå, f 1951

Olav Berdalen er kommunearbeidar. Han kjem frå Solhaug eller Bjones i Berdalen, og er son til Knut O. Berdalen og kona, Borghild, fødd Nilsen. Han har tidlegare vore gift og hatt familie i Bykle. Dette er omtala i bolken om Furubo, gnr 15, bnr 78.

Olav og Janne flutte inn her i 2003, etter at dei tidlegare hadde budd i Solhaug Berdalen. Janne er fødd i Søgne i 1951, og dotter åt Klara og Eivind Skorgen. Ho kom til Bykle i 1999.

Ein familie som budde i Bykle i åra 1998-2002, lyt også registrerast. Her i Myri 2-8 var dei berre eitt års tid (2001-2002, men ein stad lyt me plassere omtalen av dei, og då kan det like gjerne verta på denne staden:

  • Snorre Emil Baadstø, f 1956
g m Or Chaibudda, f 1965. Born:
  • Mani Marie, f 1995
  • Sigmund Kristoffer, f 1998

Snorre er oppvaksen i Mo i Rana. Foreldra hans, som heiter Sigmund og Anne Baadstø, har seinare busett seg i Trondheim. Or kjem frå Udanthani, Thailand. Frå eit tidlegare ekteskap har ho dottera Karen, fødd 1988.

Snorre arbeider i likningsetaten. Tidlegare hadde han stillingar i Kristiansand og Folldal. Han var likningssjef i Folldal, og sameleis i Bykle. Då likningsvesenet vart omorganisert i 2002, flutte han og familien hans or bygda. Han arbeider nå som rådgjevar ved Setesdals likningskontor i Evje.


0941 Bykle komm.png Myri 2-8 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Myri 10 • Neste bolk: Myri 3