Forside:Oppdal kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Oppdal)
Hopp til: navigasjon, søk

ØSTLANDET • SØRLANDET • VESTLANDET • MIDT-NORGE • NORD-NORGE
Møre og Romsdal • Sør-Trøndelag • Nord-Trøndelag
(Sunnmøre) • Romsdal • Nordmøre • Fosen • Orkdalen • Strinda • Gauldalen • Stjørdalen • Innherad • Namdalen
OppdalRennebuMeldalOrkdalSkaun

Om Oppdal kommune
1634 Oppdal komm.png

Oppdal kommune er ein kommune lengst sørvest i Sør-Trøndelag. Namnet er det gamle namnet på bygdeområdet Oppdal, som er særprega av at det er eit høgtliggjande dalområde ovom Rennebu og Sunndalen. Oppdal kommune grensar mot nordmørskommunane Sunndal, Surnadal og Rindal i Møre og Romsdal fylke; orkdalskommunen Rennebu i Sør-Trøndelag fylke; nordøsterdalskommunane Tynset og Folldal i Hedmark fylke; og gudbrandsdalskommunane Dovre og Lesja i Oppland fylke.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Ola J. Rise 1952
Foto: Cornelius Jacobsen.
Ola J. Rise (fødd i Oppdal 15. januar 1877, død same stad 26. august 1954) var redaktør, lokalhistorikar, bokhandlar, spelemann, skodespelar, ungdomslagsmann, målmann, politikar, fredsaktivist, fråhaldsmann, kooperatør, komponist, og utvandrar, men elles det ein med gode grunnar kan kalle ein samfunnsengasjert mann; i Amerika så vel som i Oppdal – i poesien så vel som i prosa. Han «sto som ein stolpe i alt kulturliv i Oppdal», da Olav Dalgard vaks opp. Ola var fødd på gardsbruket Nødder Søsto av Rise i Drivdalen. Foreldra var gardbrukarparet John (Jo) Evensen Mjøen (1837-1924) og Ragnhild Olsdotter Ekrann (1839-1910). Barndomsheimen låg nær Rise skyss-skifte, og det var venteleg her grunnlaget vart lagt for det vidsyn og menneskesyn som leidde til dei gode samkvem med andre han seinare skulle bli så kjend for. Faren Jo, som var frå Ner Oppesto Mjøa, var kjent som ein flink spelemann på fele. Han skal elles ha vore ein altmoglegmann, som aldri sto opprådd for noko i det han hadde føre seg. Mor Ragnhild var frå garden Ekrann, med slekt frå Vågå. Ho var som ei open bok for Ola-guten. Ho fortalde frå gamal tid, som igjen ga Ola kjelder å ausa frå når han vart vaksen.   Les mer …

Lasse Trædal.
Lasse Torkjellson Trædal (fødd 20. desember 1857 i Lavik, død same stad 14. oktober 1924) var lærar, folkehøgskulemann, målmann, skyttarlagsmann og Venstre-politikar. I Lavik var Trædal sentral i språkskiftet til nynorsk i kommuen, som valda lite strid. Han var formann i skulestyret då nynorsk vart innførd i skulane med skulestyrevedtak 31.12.1900, og han tok til å nytte nynorsk i saksførehavinga til skulestyret på same tid. Som nyvald ordførar tok han i februar 1905 til å føre møteboka for kommunestyret på nynorsk.   Les mer …

Nils Bakke ca. 1915-1920.
Nils Bakke (18871967) var ein felespelar av romanifolket og ein av dei viktigaste tradisjonsberarane av folkemusikken på Nordmøre kring midten av 1900-talet. Nils Fredriksen Bakke vart fødd på Oppdal i Sør-Trøndelag i 1887. Nils var god ven med Erik Almhjell og Magnhild Havdal Almhjell og spela mykje saman med Erik og med Hallvard Ørsal. I sine seinare år budde Nils i Kristiansund. NRK gjorde nokre få lydopptak av Nils Bakke, deriblant ein halling og ein springar.   Les mer …

Krigsfangeleire i Norge under andre verdenskrig ble i det meste av krigen brukt til sovjetiske, polske og jugoslaviske krigsfanger. De norske krigsfangene fra den første perioden ble for det meste sluppet raskt ut, med unntak av noen som gikk rett over til å bli politiske fanger. Etter krigens slutt fikk de tyske soldatene i landet status som krigsfanger, og ble holdt internert eller satt til minerydding og andre oppgaver. Denne artikkelen omhandler primært de tyske leirene som ble drevet fra 1941 til 1945.   Les mer …

Utsyn over Nerskogen frå Skaret i Oppdal i 2010.
Foto: Arnfinn Kjelland

Nerskogen er i dag namnet på ei grend som ligg både i Rennebu kommune og Oppdal kommune. Frå Oppdalssida vart området elles kalla Skardalen, etter som ferdsla frå den sida gjekk opp frå Vognild, forbi Skarvatnet og over Skaret.


Nerskogen var inn til etter andre verdskrigen hovudsakleg eit rikt utmarksområde der gardane i Rennebu og Oppdal hadde setrar, dreiv markaslått og henta ved og tømmer heim til bygdene. Det har òg vore drive tjørebrenning i omfattande grad i området. Ein kan framleis sjå rester etter tjøremiler i myrer over heile Nerskogen, sjølv om den verksemda nok ikkje vart drive her etter 1890-åra.   Les mer …

Innsida av eit typisk avlettjønn frå Skjåk. Merk rutemønsteret, som er så karakteristisk for avlett- eller jønnbrødjønn i nyare tid.
Foto: Hans P. Hosar
Jønnbrød eller avlettor, òg kalla tynnbakels nokre stader, er ein type tynne og sprøe kaker laga av ei røre av vatn, fløyte/rømme og mjøl og blir i våre dagar ofte steikte i krumkakejarn — eller nokre stader i litt tjukkare utgåve i gorojarn. I tidlegare tider vart jønnbrøda steikte i grua, så dei riktig gamle jønnbrødjønna (avlettjarna, tynnbakelsjarna) har oftast svært lange skaft. I nyare tid har jønnbrødjønna vorte tilpassa kjøkenkomfyren, så dei nyare jarna ser ut på lag som vanlege krumkakejarn eller vaffeljarn utvendig.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Eksterne ressursar
Forside:Oppdal kommune/Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Oppdal kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar