Borghild Astrid Nilsen (fødd 12. desember 1914, død 6. april 2016) var reinhaldar, busett i Eidfjord i Hardanger.
Ho vaks opp i Hyen i Nordfjord, i en syskenflokk på ni. Nilsen arbeidde i 25 år som reinhaldar ved tollavdelinga på jernbanen i Bergen. Når ho ikkje var på arbeid, sat ho ofte og broderte. Til saman vart det om lag 100 bergensbunader og dukar.
Som 101-åring budde ho på Bygdaheimen i Erfjord. I høve fødselsdagen i 2015 vart ho omtala av Aftenposten, som mellom anna skreiv at «Jubilanten (sic!) er glad i å lese og følger godt med i tiden. En av hennes største gleder er sport.» Les mer …
Johan Christian Walhammer Juuhl (født på Brattholmen i Fjell kommune 27. mai 1866, død i Bergen 15. juli 1947) budde som vaksen i Bergen, og arbeidde som journalist og forfattar. I dag er han i stor grad gløymt, men for dei som er interesserte i historia til den ytste delen av strilelandet og folket der, er bøkene hans vel verdt å henta fram att. Slekta til Johan C. W. Juuhl var knytt til Knarrvika og Brattholmen på austsida av Litlesotra i Fjell kommune. Oldefaren Anders Magnussen (1775-1846) kjøpte Knarrvika i 1838 og starta opp kornmølla der. Tre generasjonar av familien Magnussen dreiv denne industriverksemda fram til tidleg på 1900-talet. Les mer …
|