Forside:Rogaland fylke

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 13. des. 2010 kl. 23:33 av Dena Utne (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland (Distrikt: Jæren • Ryfylke • Haugalandet) • Vestland
KOMMUNE: Bjerkreim • Bokn • Eigersund • Gjesdal • Haugesund • Hjelmeland •  • Karmøy • Klepp • Kvitsøy • Lund • Randaberg • Sandnes • Sauda • Sokndal • Sola • Stavanger • Strand • Suldal • Time • Tysvær • Vindafjord • Utsira

Om Rogaland fylke
11 Rogaland vapen.png
Rogaland er et fylke på Vestlandet. Det grenser mot fylkene Vestland, Agder og Telemark. Administrasjonssenteret er Stavanger.

Fylket ble opprettet i 1919 da Stavanger amt ble omdefinert. Ved regionreformen 2014–2018 var Rogaland et av fylkene som fortsatte som før uten sammenslåing.

Kommuner

  Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Wergelandsveien i Åbøbyen, Sauda.
Foto: Kirsten Hellerdal Fosstveit
(2014)

Åbøbyen er ein bydel i Sauda kommune, bygd ut hovudsakleg i første del av 1900-talet av dei amerikanske fabrikkeigarane.

Åbøbyen vart planlagt som ein hageby med flotte parkanlegg, storslåtte allear, velregulerte gater, tennisbanar, idrettsbane, bibliotek og butikk, skule og sjukehus. Sjølv om dei arkitektteikna husa hadde god standard etter den tids forhold, var det skilnad på folk: Gatene fortalde kven du var. Haakonsgaten er «paradegata» mellom direktørbustaden og fabrikkporten. Nedst i gata, nærast støy og støv frå fabrikken, budde arbeidarane med lågast status og minst ansiennitet. Vidare oppover i gata, med stadig finare hus og betre leiglegheiter, budde i rekkjefølgje formenn, lågare funksjonærar og høgare funksjonærar – i same gate som direktøren.

Liknande bustadområde kan ein finna på andre industristader, slik som Odda, Tyssedal, Jørpeland, Flørli, Glomfjord, Rjukan og Eydehavn.   Les mer …

Foto: Arne Gunnarsjaa/Oslo Museum
(1982–1983)

Maran Ata (arameisk bønnerop: Vår herre, kom!) er en karismatisk kristen bevegelse som har sin bakgrunn i en splittelse innen den norske pinsebevegelsen i 1957. Den første menigheten ble dannet i Skien i 1958. Fra 1960 hadde bevegelsen et eget organ: Maran Ata-bladet. Predikanten Aage Samuelsen var fram til 1966 den fremste lederen. Bevegelsen har et samarbeidsorgan for de lokale menighetene og det årlige stevnet som arrangeres i Seljord: Maran Ata Norge.

Det praktiseres bare dåp på grunnlag av personlig bekjennelse av kristen tro, på samme vis som i pinsebevegelsen. Også på mange andre områder har teologien i Maran Ata store likheter med pinsebevegelsen.   Les mer …

Elias Tønnesen i Kristiania politikammers forbryteralbum 1904–1906.
Elias Tønnesen (født 24. januar 1888 i Nes i Vest-Agder, død 31. mai 1950 i Sandnes) var på begynnelsen av 1900-tallet en av Norges mest kjente stortyver og skapsprengere. Han ble også kjent for å ha rømt fra flere fengsler. Tønnesen fikk mange brev og gaver fra beundrere mens han satt i fengsel, og det ble skrevet flere viser om ham. Han ble til og med dikta inn i en av historiene om mesterdetektiven Knut Gribb. Han led under psykisk sykdom, og tilbrakte de siste drøyt tredve åra av sitt liv på asyl.   Les mer …

Byste av Ole Nielsen, reist i 1920 ved Storahuset på Ålgård. Kunstnar: Jo Visdal.
Foto: Rune Sattler/Wikimedia Commons.
Ole Nielsen (fødd i Hjelmeland 12. januar 1827, død i Sandnes 23. april 1915) var utlærd handverkar (fargar), og er mest kjend som industrigründar og fabrikkeigar. Han grunnla mellom anna Aalgaards Uldvarefabrik. Nielsen var ein viktig pioner i det som har vore kalla «industrieventyret på Jæren», og representerer i eigen person ei illustrerande utviklingslinje frå handverksbasert protoindustriell verksemd til moderne storindustri innan tekstilbransjen. Han kan også sjåast som ein eksponent for den arbeidsetikken og entreprenørånda som prega det haugianske miljøet som han tilhøyrde, enda om det er litt omdiskutert kor vidt han personleg skal oppfattast som haugianar. Nielsen vart tildelt Oscar IIs fortenestemedalje i 1887, og utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1903. Da hadde han gått ein lang og suksessrik veg frå dei smålåtne kår han var fødd inn i.   Les mer …

Olavskyrkja på Avaldsnes.
Foto: Christian Bickel
Avaldsnes ligg i Karmøy kommune. Førstelekken i namnet blir vanlegvis sett i samanheng med mannsnamnet Augvald. Denne Augvald er ein av kongane som skal ha budd på neset i førhistorisk tid. Karmsundet er trongt ved Avaldsnes, og kontroll over ferdselen langs hovudleia gav dei som sat her ei sterk maktstilling. Velstanden til Avaldsnes-herskarane i bronsealder og jernalder kom til uttrykk i ei rekkje høgstatusgraver. Innanfor eit lite område som omfattar prestegarden Avaldsnes og nokre av nabogardane, er det dokumentert ein konsentrasjon av elitegravleggingar som knapt nokon annan stad i Skandinavia kan oppvisa maken til. Avaldsnes var Rogaland fylke sin tusenårsstad.   Les mer …

Kvitsøy fyr i 2004.
Foto: Roar Johansen

Kvitsøy fyr ligg i Kvitsøy kommune. Det blei etablert i 1700 og er såleis eit av dei eldste fyra i landet.

I følgje lokal tradisjon skal det liggja ei dramatisk hending bak opprettinga av Kvitsøy fyr. Ei vinternatt i året 1700 kjempa eit skip seg innover mot Stavanger i ein forrykande storm. Fartøyet unngjekk såvidt dei farlege skjera ved Kvitsøy. Ombord var Henrik Petersen Ystad. Han hadde rundt 1690 etablert seg som skippar og skipsreiar i Stavanger. Henrik skal medan stormen rasa, ha lova Vårherre at dersom dei kom trygt fram til Stavanger, skulle han sørgja for å få reist fyr på Kvitsøy og ved Karmsundet. Ein meir dramatisk variant av denne historia går ut på at skipet forliste og Henrik hamna i sjøen. Der skal han så ha gjeve lovnaden om å bli fyrbyggjar, viss han vart berga.   Les mer …

Hå gamle prestegard i 2007.
Foto: Jarle Vines
Hå gamle prestegard ligg i Hå kommuneJæren. Våningshuset frå 1787 er den eldste prestegardsbygningen som er bevart i Jæren prosti. Husa i det gamle prestegardstunet er no kultursenter med utstillingar og andre arrangement. Det er eit mykje brukt tilbod for folk i distriktet, og mange turistar legg dessutan vegen innom Hå. Strandgravfelta frå jernalderen, Obrestad fyr, den gamle Kongevegen og huset til dei engelske «lakselordane» på andre sida av Håelva bidreg til å gjera området kulturhistorisk interessant. Den eldste opplysninga om Hå som prestebustad skriv seg frå 1637. Det dreier seg om eit kongebrev som gav Kristen Lauritsson Lind og kona, Margrethe Pedersdotter, løyve til å bu her i deira levetid, og etterpå kunne eitt av barna deira overta garden. Kristen hadde vore prest i Bø prestegjeld frå rundt 1610. På denne tida var Bø kyrkje i Nærbø hovudkyrkje i soknet. Bø sokneprestembete åtte garden Hå, som i Kristen og Margrethe sine auge må ha vore ein meir attraktiv plass å bu enn Bø. Kvifor valde dei å flytta? Hå var ein svært god gard med viktige attåtnæringar (sjå under), som låg sentralt til ved Kongevegen over Jæren og nær sjøen. Dessutan kan det ha spela ei rolle at Njærheim kyrkje i Hå var ombygd eller heilt nybygd på denne tida. I alle høve medførte flyttinga til prestefamilien at Njærheim kyrkje blei ny hovudkyrkje, og prestegjeldet skifta namn frå Bø til Hå prestegjeld.   Les mer …

Jon Sørensen og familien.
Foto: 1910-åra (Akershusmuseet/Digitalt Museum)
Jon Sørensen (fødd i Sandnes 23. august 1868, død i Ullensaker 1936) var lærar, fylkesskule- og folkehøgskulemann. Han var det ein kan kalle ein skuleentreprenør, ein av dei nokså mange i samtida som grunnla og leia privatskular på idealistisk grunnlag. Mange av dei gjorde seg også sterkt gjeldande innan det offentlege skulesystemet, og det gjeld i høg grad Jon Sørensen. Det meste av yrkeskarrieren sin hadde han på Romerike, og mest kjend er han som eigar og styrar av Eidsvoll folkehøgskole 1908-1918. Dette vart i samtid og ettertid vurdert som eit særs vellykka tiltak. Men eit samanfall av familiekrise og dyrtid under fyrste verdskrigen, gjorde at Sørensen gav opp prosjektet og la ned skulen. Han gjekk deretter igjen over i det offentlege skuleverket.   Les mer …
 
Sjå óg
 
Kategoriar for Rogaland fylke
 
Andre artiklar