Slubbo ( lulesamisk; nordsamisk šlubbu, pitesamisk slubbok; sørsamisk klobpe) eller digital nekrobasillose, òg kalla smittsam klauvsjukdom og fotrote, er ein reinsjukdom forårsaka av bakterien Fusobacterium necophorum og karakterisert ved eit hudsår og diffus betennelse i blautvevet i foten. Ved lengre tids sjukdom går betennelsen i fotknoklane og foten får ei karakteristisk klubbeform. Sjukdommen smittar særlig lett i samband med høg reintettheit under fuktige forhold. I tidligare tider med intensiv reindrift, da reinflokkane var små og dyra gjerne samla til mjølking o.a. på gjørmute plassar, var slubbo relativt vanlig, medan den ekstensive reindrifta med mindre reintettheit over mykje større område gjer at slubbo ikkje smittar så lett. Les mer …
Det var hausten 1987 eg deltok på reinsjakt i Lesjafjella første gongen. Eg hadde flytta til bygda fem år før som tilsett bygdebokforfattar. Eg hugsar at første året eg budde i den bygda stussa eg over kvar det vart av mange av karane når vi kom inn mot 20. august, og at det var vanskeleg å avvikle møte frå den datoen og tre vekers tid utover.
Men det fekk eg raskt kunnskap om: reinsjakta! Eg har mange gonger seinare tenkt på kor mykje som ligg i mor Åses utsegn til Peer om å renne til fjells månadsvis i travle onna – det var nok ikkje noko gamle Ibsen tok ut av fantasien, nei. Les mer …
Ein njalla ( umesamisk/ pitesamisk/ lulesamisk; nordsamisk njálla; skoltesamisk njõll) eller ein njalle ( sørsamisk) er eit stabbur som står oppå éin trestamme for å halde skadedyr unna maten. (Unntaksvis kan ein njalla stå på to stammar.) Njallaen er oftast lafta, og han er som regel mykje mindre enn ájtte — stabbur som står på fire eller fleire stammar/stabbar. Njallaen har normalt ikkje noka form for sval eller platting utanfor døra, men botnstokken stikk ut forbi døropninga og tener som støtte for stigen. Stigen er hogd or éin stokk og kan tradisjonelt leggast til sides når han ikkje er i bruk. Les mer …
|