Tittelbladet til Grammatica Lapponica (1743) av Henrik Ganander
Henrik Johansson Ganander (f. i Åbo (Turku) i Finland, d. 1752 i Sjundeå (Siuntuio) i Finland), òg skrive Henricus Ganander Abœnsis, var ein finlandsk prest som er mest kjent for sitt verk Grammatica Lapponica ( 1743) — ein samisk grammatikk med grunnlag i tornesamisk, den sørvestligaste hovuddialekten av nordsamisk. Frå 1731 til 1744 var Henrik Ganander kapellan i Karesuando ved det som i dag er grensa mellom Sverige og Finland. Frå 1743 til han dødde i 1752 var han kyrkoherde i Sjundeå (Siuntuio) i Sør-Finland, kring 4 mil vestom Helsingfors. Les mer …
Ein mjølkerein ( bokmål òg melkerein) eller mjølkarrein er ein rein som blir halden tam og mjølka på sommaren — gjerne frå sist i juni til først i september. I intensiv reindrift utgjer mjølkereinane ein vesentlig del av reinflokken, som da kan bestå av alt frå nokre få dyr og opp mot 70–80 reinar. Mjølkereindrift har vore vanlig i store delar av dei samiske områda, men opp mot nyare tid har mange familiar gått over til meir ekstensiv kjøttreindrift eller vorte fastbuande. Etter andre verdskrigen har mjølkereindrifta stort sett forsvunne. Les mer …
Reingjelding eller reinkastrering blir utført på hann reinar, gjerne i treårsalderen, som skal trenast opp til kjørerein, og dessutan ofte òg andre hannreinar som skal vera med på å skapa ro i større reinflokkar. Tradisjonelt har reingjelding vorte utført ved at ein bit over testiklane med for- og hjørnetenner til sædstrengene sprikk med eit hørbart knepp, og deretter mosar sund testiklane mellom fingrane. To fordeler med denne metoden er at skinnet ikkje blir punktert, noko som minskar infeksjonsfaren; og at testikkelvevet til ein viss grad er intakt, slik at ein minimal testosteronproduksjon framleis kan finne stad. Reinen viser gjerne teikn til å vera uvel i to–tre dagar etter inngrepet. Frå andre halvdelen av 1900-talet har denne metoden vorte ulovlig, og i dag går gjeldinga normalt for seg med burdizzo-tong, som knusar vevet i sædstrengen. Les mer …
|