Forside:Sunnhordland: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: {{Distriktsmal_new |Flertall(er/ar) = er }})
 
mIngen redigeringsforklaring
 
(Én mellomliggende revisjon av samme bruker vises ikke)
Linje 1: Linje 1:
{{Distriktsmal_new
{{Distriktsmal
|Flertall(er/ar)      = er
|Flertall(er/ar)      = ar
}}
}}

Nåværende revisjon fra 29. apr. 2010 kl. 23:05

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: Hordaland (Distrikt: Sunnhordland • Midthordland • Nordhordland • Hardanger) • Sogn og Fjordane
KOMMUNE: Bømlo • Etne • Fitjar • Kvinnherad • Stord • Sveio • Tysnes

Om Sunnhordland
Sunnhordland er eit distrikt som utgjer den sørvestlege delen av tidlegare Hordaland fylke, frå 1. januar 2020 i Vestland fylke. Det omfattar kommunane Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes. Ølen kommune var tidlegare ein del av Sunnhordland, men har vorte ihopslegen med Vindafjord kommune i Rogaland. Distriktet hadde i 2014 58 680 innbyggjarar fordelt på 2896 km². Sunnhordland utgjer også eit tingrettsdistrikt og eit prosti.

Regionsenteret er Leirvik i Stord kommune. I Leirvik ligg Sunnhordland Museum, som vart stifta i 1913.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Anders Aarsand
Foto: Norske skolefolk (1952)
Anders Aarsand (fødd 23. februar 1899 i Ænes sokn i Kvinnherad, død 26. oktober 1986) var lærar i Kvinnherad. Han var òg leiar av Ænes sundagsskule og formann i Ænes fråhalds- og helselag. Han var son av Anders Gotskalksen Aarsand og Dorothea f. Havnerås, Årsand i Kvinnherad. Faren var bonde og laksefiskar. Anders Aarsand tok eksamen ved Stord lærarskule i 1925, etter å ha gått Framnes ungdomsskule og Bakken språk- og handelsskule i Kristiansund (eksamen 1918). Også dei eldre brørne Jens og Odd Aarsand var lærarar.   Les mer …

Fjelberg kyrkje, ei langkyrkje oppført i 1722.
Foto: Tore Sætre
(2017)

Fjelberg kommune i Hordaland vart oppretta i 1838 ut frå Fjelberg sokn. I 1855 vart Eid kommune innlemma; denne kommunen svara til Eid sokn i Fjelberg prestegjeld, så frå 1855 var heile prestegjeldet samla i ein kommune. Namnet kom frå Fjelbergøy.

I 1916 vart Ølen kommune utskild frå Fjelberg.

I 1964 vart Fjelberg innlemma i Kvinnherad kommune. Fjelberg bestod då av dei store øyene mellom Skånevikfjorden og Husnesfjorden (Halsnøy, Borgundøy og Fjelbergøy) sør i noverande Kvinnherad og fastlandsområde Valen (Kvinnherad. Arealet var på 79,5 km², og det var 2257 innbyggjarar.   Les mer …

Slåtterøy fyrstasjon i Bømlo kommune er eit kystfyr som vart oppretta i 1859. Her vart sett opp eit 25 meter høgt støypejernstårn og bygd bustad, uthus, naust og steinlagde vegar. Fyrstasjonen var heim for tre fyrvaktarfamiliar. I 1958 vart familiane sette i land, medan vaktarane fekk hyblar på fyret. 1. juli 2003 vart stasjonen avfolka. No rår sauene, måsen og vinden grunnen, under sveipet av landets sterkaste fyrlys.   Les mer …

Mållaget ved Stord lærarskule (Målvinarlaget) vart skipa 13. januar 1877 og skulle samla elevane på Stord seminar til arbeid for målsaka. Seminaret og mållaget vart for mange komande lærarar det fyrste møtet med målreisinga, og det fekk store verknader for spreiinga av målsaka utover bygdene på Vestlandet. Laget melde seg inn i Det norske Samlaget rett etter skipinga. Til liks med dei andre seminara var det i byrjinga ein sterk motstand mot landsmålet og målsaka frå styraren og lærarane på seminaret. Dette endra seg etter kvart, og det endelege skiftet kom kring 1902 med nye målvenlege lærarkrefter. Den nye rektoren frå 1904, Peter Vogelius Bredal Deinboll, var meir målvenleg enn den gamle, og med Severin Eskeland som rektor frå 1917 fekk lærarskulen ein rektor som sjølv var aktiv målmann.   Les mer …

Stord seminar juli 1894. Fra boka "Stord Kyrkja 1857-1957"
Stord lærerskole vart etablert på Stord i 1839 under namnet Stord Seminarium. Skulen vart i 1994 ein del av Høgskolen Stord/Haugesund. Lærarskulen på Stord var eitt av stiftsseminara som starta opp etter at skuleloven av 1827 slo fast at det skulle opprettast skular for å gi opplæring til lærarar ved dei faste allmugeskulane. Lærarskulen heldt fyrst til på prestegarden på Stord, med soknepresten som skulestyrar, men flytta i 1866 til Rommetveit. Hovudbygningen frå 1866 er i 2000-åra administrasjonsbygget til Høgskolen Stord/Haugesund. Fleire eldre bygningar er òg framleis i bruk, attåt nybygga frå 1960-talet, då talet på lærarstudentar auka kraftig.   Les mer …

MB «Safir» her på veg inn på Ålesund hamn.

MB «Safir» M-44-B bygd ved Vik Båtbyggeri i 1947 for Peter J. Hessen m.fl. Heissa pr. Ålesund. Frå 1968 vart Borgund kommune innlemma i Ålesund kommune og båten vart registrert M-44-A. Dette er ein av fleire båtar i denne størrelsen som var bygde rundt midt på 1940 talet. Denne har vore registrert i fleire kommuner og fylker, sjå avsnitt om andre eigarar. Hausten 2011 kom den attende til Sunnmør, den er no ute av Fortegnelse over Merkepliktige Norske Fiskefarkoster

I fiskeriregisteret 1950 står desse spesifikasjonane. Mkr. Safir, Mkr står for motorkryssar. Brukast til, fk som står for kystfiske. Lengde er 34,3 fot, breidde 11,3 fot, djupte 5,1 fot. Motor Volda 22 hk. Den er bygd på doblingspant slik den vanlege byggemåten på Vik var.   Les mer …
 


 
Kategoriar for Sunnhordland
 
Andre artiklar