Børo (Fedje)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Børo i Fedje kommune ligg mellom Brotet og Nord-Tangen.

Namnet har truleg same tydinga som Børilden i Austrheim ifølgje O. Rygh: Det kjem av «byrel», som tyder hank å bera med, t.d. på ei kiste. Terrenget her kan då liknast med ein slik hank. Det vart lenge skrive på same måten som tvillingnamnet i Austrheim, Børilde, m.a. i 1647, 1661, 1701, 1723, 1801, 1845, 1855 og i panteregisteret fram til 1893. Me finn skrivemåten Børren i 1666 og 1865, medan Børen er brukt i 1890, 1900, 1906 og i panteregistra frå 1893. Uttalen var «børo». I kyrkjebøkene på 1700-talet er skriveforma Børren så godt som einerådande, sikkert for å skilja det frå Børilden i nabosoknet.

Det var eitt bruk på Børo, med gammal landskyld ½ våg fisk. Fram til 1812 vart det drive som eit vanleg bruk, men etter den tid vart det meir å likna som ein husmannsplass. Familien Kahrs heldt bruket unna, saman med Vestkanten, då dei selde Fedje til Fedje Torvkompagni i 1875. Same året vart det delt i tre delar, ved at Byttestykket bnr 23 vart frådelt, og sameleis Træsneset gnr 171 bnr 1. Jorda i Træsneset hørte altså til Børo frå gammalt av. Det gjenverande Børo fekk bnr 24, og vart brukt saman med Kremmarholmen av familien Kahrs, sjå der for eigarar. Det var husmannsplass her fram til 1915. Det er utskilt eit par tomter på området som no vert kalla Børhaugen.


Fedje komm.svg Børo (Fedje) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Bergtun (Fedje gnr 168 bnr 79) • Neste bolk: Børo (Fedje gnr 168 bnr 24)