Kremmarholmen (Fedje)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kremmarholmen
S316.169.1.CD 08 041.jpg
Flyfoto 1963. Heilt til venstre Kremmarholmen bnr 2og bnr 1. Prestestova står enno. I midten bnr 6 (Holmen), så bnr 60 og bnr 62. Bak frå venstre vegfyllinga til Moldøyna, så Børhaugen og Brotet.
Foto: Widerøes Flyveselskap
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: umatrikulert

KremmarholmenFedje er første gongen skriven med dette namnet i 1665. Det var i matrikkelen frå dette året, og her heiter det «Kremmerholmb nu først taxerit», med landskyld 18 merker fisk og kan fø eit naut, utsåd ikkje nemnt. Dette må tyda at Kremmarholmen alt hadde vore eit eige bruk ei tid, men at det først no vart utskilt frå Holmen. Ein av brukarane under Holmen nr 4 kan ha budd her, utan at ein kan seia kven av dei. Namnet kjem naturleg nok av kremmar, landhandlar. Det har igjen sin bakgrunn i at det var her handelsmannen på Fedje etter kvart vart buande. Tidlegare hadde han halde til på nabobruket Ertsholmen (1).

Bakgrunnen for opprettinga av handels- og gjestgivarstader, er den rolla som skipsleia har spelt i å binda menneska frå ulike delar av distrikt og land saman. Etter kvart som det vart aukande trafikk og samhandel mellom dei ulike distrikta, oppstod det ein trong for høvelege stoppestader langs kysten, der ein kunne få overnatting og elles proviantera. Det var stader med gode hamner som låg lagleg til som peikte seg ut og etterkvart danna sentrale knutepunkt i båttrafikken. Med sine gode hamnetilhøve og gunstige plassering i skipsleia langs kysten og ved innløpet til Bergen, vart Kremmarholmen på Fedje den naturlege handels- og gjestgivarstaden i dette området. Saman med dei andre tilsvarande stadene i skipsleia, var såleis Fedje del av eit større kommunikasjonssystem. I Bergen byprivilegium av 1702 fekk kjøpmennene i byen løyve til å oppretta kremmarleier på landet. Eigaren måtte ha borgarskap i Bergen, og handelsstaden skulle styrast av ein «gesell». Som nemnt under nr 1 på Holmen, hadde det alt lenge vore eit kremmarleie på Fedje.

1. Mons Davidsen er nemnd som tiendmann i tingbøkene 1670 og 1673. Han budde truleg på Kremmarholmen, og var son av David Monsen, borgar i Bergen, som ifølgje tingbøkene for 1651 og 1652 dreiv handel med bustad på Sævrøyna i Austrheim (jf Austrheimb. III s 679). Kongen sin kanslar kom med ei befaling i 1670 at ved betaling av tienda skulle allmugen i Lindås skipreide levera fisken til Mons Davidsen på Fedje. Han var handelsmann her då, og kunne såleis selja fisken vidare. I 1673 stemna han Ivar Blåstokken (Blåstokken 9) på vintertinget for gjeld på 18 rdl. Ivar hadde betalt noko av gjelda med ei halvtønne lyse (tran). Han sa i retten at han og Mons hadde handel saman, og meinte at det som han hadde til gode hjå Mons måtte komma til frådrag. Partane vart forlikte om at restsummen på 12 rdl skulle gjerast opp innan påske.

2. Johan Knesbech er nemnd i ei sak i tingboka i 1682. Han hadde pakta Fedje i fem år, og dreiv òg truleg handelen her. Av Bergen borgarbok går det fram at han fekk borgarbrev i 1658, han var fødd i Rostock i Tyskland. Knesbech budde i Bergen i 1683, og hadde truleg gesell på Fedje. Fullmektigen hans Rasmus Jørgensen meinte at Ola Opphaugen (gnr 168 bnr 13-9) og Ola Muren (gnr 168 bnr 18-6) skulle bygsla plassane sine av Knesbech, medan dei sa at dei kunne overta den bygselsetelen som enkjene dei hadde gifta seg med, hadde fått i si tid med første mannen. Dommen var at leiglendingane som før skulle betala leige til forpaktaren Knesbech. At det skulle vera naudsynt med nye bygselbrev, er ikkje nemnt.

3. Arnt Segelken er den første me veit sikkert budde på Kremmarholmen. Han er oppført her i skattelistene frå 1691 til 1694. Han er nemnd i tingboka, då han på sommartinget i Lindås 1696 «lod oplæse et kiøbebref til hannem udgifven af doctor Niels Randulf den 11.12.1693 paa de kremerhuuse udi Fedie bestaaende». Denne Randulf var Nils Enevoldsen Randulf f. 1630 d. 1711, biskop i Bergen frå 1666. Som nemnt i kapitlet om Fedje sine eigarar pkt 3, låg denne delen av Fedje under kongen, men vart styrt av Bergen bispestol. Det er derfor i denne funksjonen at Randulf har selt husa på Kremmarholmen til Arnt Segelken. Han var altså handelsmann på Kremmarholmen i sjølveigande hus. I koppskatten 1689 budde han og kona Anne Marie Monsd i Bergen. Ifølgje Bergen borgarbok fekk Arnt borgarbrev i 1670, han var fødd i Oldenborg i Tyskland. Han døydde før 1701, for i manntalet dette året er enkja oppført her («sl. Arent Segelchens enche»). Anne Marie stemna ein del leiglendingar på Fedje ifølgje tingboka 1709. Det vart ikkje sagt kva saka gjaldt, ettersom ingen av partane møtte på tinget.

Kjende born: a. Herman Segelken, oppført her i manntalet 1701, 26 år gammal, var kjøpsvein på Fedje ifølgje eit skriv frå stiftsamtmannen i 1704, og hadde altså teke over etter faren. I 1701 vart han stemna av brukarane på Husa i ein strid om beiterettane i Sulo, sjå innleiinga der. b. Vibidge Segelken, fekk ein son her ba. Kristen Segelken f. 1703. c. Arnt Segelken jr. d. 1702. d. Magnus Segelken.

Brørne Herman, Arnt og Magnus Segelken vart stemna på tinget i 1702 av gjestgivar Johan Jokum Kling på Kilstraumen i Austrheim (sjå Austrheimb. II s 146) for overfall på tenaren hans Johannes Schult. Arnt var død i mellomtida. Verken Herman eller Magnus møtte i 1702 eller då saka kom opp på nytt på sommartinget 1703. Det var fleire vitne som fortalde kva som hadde hendt, m.a. Thomas Kopper (gnr 168 bnr 2-2). Johannes Schult hadde lege med båten hjå Thomas, då Segelken'ane kom og med makt tok båten og reiskapar og førde den til Holmen, der den vart liggjande.

Schult prøvde å halda igjen, men måtte i sjøen. Ettersom det ikkje kom noka forklaring frå motparten, veit me ikkje kva som låg bak denne udåden. Kanskje kunne det vera «handelskrig» mellom Kremmarholmen og Kilstraumen. Dommen vart at Segelken'ane skulle betala tilbake den fulle verdien av båten og reiskapen, bot til kongen med 24 lodd sølv kvar (for stemnefall), og 12 rdl til Kling til dekning av kostnadene hans.

– Seinare kom det ein ny familie på Kremmarholmen, så då reiste Segelken'ane tilbake til Bergen. Det er truleg same slekta som kom på Bakkøyna i Austrheim, sjå Austrheimb. I s 380.

4. Dankert Dankertsen f. ca 1680 Bergen d. 1724 (jf Dankertsenb. s 117) er nemnd første gong på Fedje i tingboka 1704, då han fekk forpaktingsbrev frå futen for kongen sin part av fisketienda i Fedje for seks år fram til 1710. I 1706 stemna han Per Husa (gnr 168 bnr 7-6) for manglande betaling av tienda, men dei vart forlikte. Dankertsen fekk skøyte på handels- og gjestgivarstaden på Kremmarholmen i 1707 (sjå eigarar), og dreiv den ved hjelp av ein gesell. Sjølv budde han med familien i Bergen, der han var kjøpmann med borgarskap frå 1703. Han dreiv handel også med utlendingar. I 1709 er det ei sak i tingboka der ein rømd fange Villum Øysteinsen hadde reist til Fedje for å få reis med nokre hollandske skip som låg her. Men han vart teken og sett i fengsel. Ifølgje skoskatten 1711 hadde Dankertsen på Kremmarholmen (brukte òg Skotholmen) kjøpsveinen Gertke Rothe, to tenestedrengar og ei tenestejente. Ho stod fadder i 1712. I 1715 hadde Dankertsen tenaren Hans Olsen, nemnd som vitne i tingboka. I 1713 fekk Dankertsens skøyte på Husa og Kopper, og i 1737 på resten av Fedje, sjå kapitlet om Fedje sine eigarar. Frå då av var altså familien eineeigar av Fedje. Matrikkelen frå 1723 gjev desse opplysningane om Kremmarholmen: Kremmarleie med Dankert Dankertsens fullmektig (handelsgesell), landskyld 18 merker fisk som før. Ingen utsåd. Dyretalet var på ei ku, som dels måtte fôrast med tang og tare. Dankertsen-familien eigde og dreiv òg kremmarleiet Hernar i Øygarden.

Etter at Dankert Dankertsen var død, var det enkja hans Gjertrud f. von der Lippe 1684 d. 1768 som førte handelen på Kremmarholmen vidare. Ho skøytte Fedje til sonen i 1741, men tok atterhald om å driva Kremmarholmen så lenge ho var god til det. I 1747 er det såleis ho som er oppført på skattelista over kremmar- og handelssete, med 2 rdl i skatt. Året etter hadde ho overlate drifta til sonen. I 1725 søkte Gjertrud til kongen og fekk oppattnya handelsprivilegiet på Kremmarholmen. Ho viste til at mannen Dankert hadde drive handelen uhindra med den omkringbuande allmugen, men etter at han var død, var det oppkjøparar som til dels openlyst handla med oppsitjarane og kjøpte den beste fangsten deira, til stor skade for henne. Mannen hennar hadde brukt det meste av formuen til å byggja nye hus på Fedje. Det vart bestemt at ho skulle ha privilegium på all handel innanfor ein avstand på ei mil, alle andre var forbode å driva handel der. Leiglendingane skulle berre handla med henne, dersom dei ikkje sjølve ville føra fisken sin til Bergen. Dette privilegiet vart stadfesta på nytt i 1746 og 1766. Ved begge høva vart det klaga på at det vart drive ulovleg handel på Langøyna i Austrheim, som låg innanfor ei mils avstand frå Fedje. I 1730 hadde Gjertrud drengen Mathias, sjå Rasmus Husa (gnr 168 bnr 11-1).

Borna til Gjertrud og Dankert, alle fødde i Bergen: a. Giske Dankertsen f. 1702 d. 1771 g. 1725 m. Claus Hansen Krohn f. 1691 d. 1744, kjøpmann, bustad Bergen. b. Wenche Dankertsen f. 1704 d. 1738 (34 år gl) g.1.g. 1728 m. em. Peter Borcher d. 1729, kjøpmann, g.2.g. 1736 m. em. Kristen Flor f. 1686 d. 1751, kammerråd, budde i Bergen. c. Elsa Margreta Dankertsen f. 1705 d. 1777 (72 år gl) g. 1733 m. em. Anders Gjertsen Heiberg f. 1693 Sogndal d. 1743, bustad Grytten i Romsdal, der han var sokneprest. Ho flytta til Bergen som enkje. d. Wollert Dankertsen f. 1712 d. 1762 (50 år gl), kanselliråd, g.1.g. 1738 m. Kristiane Benedikte Bendiksd Manichen d. 1747, g.2.g. 1748 med Katarina Elisabet Henriksd Meyerhoff f. 1720 d. 1799, bustad Bergen, seinare Stend i Fana (jf Fanab. IV s 629). e. Elisabet Dankertsen f. 1714 d. 1799 (85 år gl), ugift, bustad Bergen. f. Joakim Dankertsen f. 1717 d. 1791 (74 år gl) g. 1746 m. Elsa Jansd von Erpecom f. 1715 d. 1747 (32 år gl), bustad Bergen, sjå nedanfor. g. Dankert Dankertsen f. 1718 d. 1769, overtollbetjent, g. 1750 m. Sofia Amalia Thanch f. 1721 d. 1760, bustad Bergen. h. Rebekka Dankertsen f. 1720 d. 1797 g. 1739 m. Hans Owesen Holm, kjøpmann, bustad Bergen. i. Anna Johanna Dankertsen f. 1722 d. 1726 Bergen.

Joakim Dankertsen f. 1717 d. 1791 (sjå f. ovanfor) fekk skøyte på heile Fedje i 1741, men overtok drifta av Kremmarholmen først frå 1748. Han var borgar og budde i Bergen, og hadde kjøpsvein her. Skøytet i 1741 omfatta følgjande: Handels- og fiskeleiet Fedje, med vånings- og fehus, sjøbuer, naust og alle andre bygningar både til handel og fiske. Det var ei jekt på 10 lester, ei mindre på 4 lester, ein notbåt, ein fløtningsbåt, ein seksæringsbåt og ein færingsbåt, alle med turvande reiskap, ei lita kastenot, ei seienot, fem storsildegarn med tau og ilar, eit fiskesnøre, to store, fire mindre og ti små kar, tre bryggjekar og fem kyr. Elles var det kjøpmannsvarer og anna husgeråd. Bondegjeld, dvs. uteståande hjå leiglendingane, vart òg nemnd i skøytet. Sist og ikkje minst var det jordegodset på til saman 14 våger 6 merker fisk og 2 mæler malt. Så det var ei omfattande verksemd som vart driven på Kremmarholmen, både med fiske, tilverking og handel. Til å ta seg av dette var det på Kremmarholmen ein handelsgesell, to drengar og ei tenestejente ifølgje ei koppskatteliste frå 1743. Mons Kristoffersen f. 1727 Kvalvågen i Austrheim var tenar her i 5½ år frå om lag 1754, tidlegare var han hjå Rasmus Husa (gnr 168 bnr 11-1) i 1½ år. Dette kjem fram av ei sak i tingboka frå 1770, Mons var då på Solend i Austrheim (jf Austrheimb. I s 622 og II s 245). I 1753 vart det inngått eit forlik mellom Joakim og ein Ola Mikkelsen som hadde drive ulovleg sal av tobakk mv. i Per Eide (gnr 168 bnr 15-7) sitt hus. Det var altså stendige problem med brot på eineretten på handelen som følgde med kremmarleiet, sjå òg Mathias Uthaugen (gnr 168 bnr 14-7). I 1745 innskjerpa Joakim forbodet mot å selja torv til framande, ta fugleegg, skyta fuglar, å ta inn folk i husa i fiskesesongane og å trakka ned åker og eng. Denne påminninga syner truleg berre at det var vanleg å gjera slikt. Sjå t.d. Per Kopper gnr 168 bnr 4-1. I 1759 kom Joakim med ei åtvaring på hausttinget i Lindås om at ingen fekk bruka torskegarn ved Fedjelandet, men berre nytta dei vanlege reiskapane snøre og liner. Dette er truleg òg berre eit prov på at det vart meir og meir vanleg å bruka garn.

Søstersonen til Joakim Dankert Dankertsen Heiberg f. 1735 d. 1795 (son til c. Elsa ovanfor) fekk skøyte på Fedje i 1768 for 2200 rdl. Han fekk borgarskap i Bergen i 1761. Sjå òg Heibergb. s 123. Den siste av denne familien som dreiv Kremmarholmen, var sonen hans igjen, Anders Dankertsen Heiberg f. 1773 d. 1833, som selde Fedje i 1799 til Kristoffer Kahrs (nr 16 her).

Sjå òg kapitlet om Fedje sine eigarar. Ingen av desse budde på Fedje, og dreiv som nemnt handels- og gjestgivarstaden ved hjelp av ein gesell eller kjøpsvein. Men det er i byrjinga få spor etter dei i kjeldene. Dei neste nr her syner dei opplysningane som er funne.

5. Jon Johansen g.m. Kari Jakobsd er nemnde som fadrar i 1733 og 1736, og var truleg dei som styrte handelen på denne tida.

Barn: a. Lars Jonsen f. 1726, ukjend lagnad.

6. Maurits er nemnd som fadder i 1761, og var kjøpsvein her. Han fekk med Anna Thomasd f. 1727 Børo (husmenn 2c) sonen a. Per Mauritsen f. 1761, ukjend lagnad. Maurits og Anna vart innkalla til vårtinget i Lindås i 1761 for å svara bøter for ulovleg samleie. Men dei møtte ikkje, og saka vart utsett til hausttinget same året. Då vart det sagt at Anna hadde betalt si bot, og saka hennar var derfor avslutta. Derimot møtte ikkje Maurits no heller, og saka hans vart utsett til neste års sommarting. Sidan hører me ikkje meir om dette, så Maurits hadde truleg reist herifrå.

7. Ivar Johannessen er nemnd som vitne på sommartinget i Lindås i 1769, og var truleg kjøpsvein her. Det kan vera han som seinare kom til Midt-Tangen (gnr 168 bnr 26-13).

8. Per stod fadder i 1771, og kan ha vore den neste kjøpsveinen. Kanskje Magdeli som var fadder i 1779 var kona hans?

Barn: a. Mons Persen f. 1773 ifølgje ei militær rulle.

9. Jens er nemnd som fadder i 1782. Kona kan ha vore Bol som stod fadder i 1783.

Barn: a. Mons Jensen f. 1781, sjå Holmen (15).

10. Jon Hansen Holm f. 1754 d. 1816 g. 1786 m. Anna Olsd f. 1757 Hatletveit, Fusa (dotter av Ola Ellingsen f. 1710 d. 1762 og Dorte Olsd f. 1722 d. 1779, jf Fusab. IV s 120). Jon er nemnd kjøpsvein og soldat ved giftarmålet, og hadde truleg vore her ei stund før. Han vart ved vigselen kalla Kage, men brukte seinare Holm som etternamn, truleg etter (Kremmar)holmen. Jon og Anna styrte Kremmarholmen fram til om lag 1790, dei to eldste borna er fødde her. Deretter flytta dei til Gulen, og dreiv Børholmen handelsstad, sjå Gulenb. III s 300. Så fekk dei skøyte på Kilstraumen gjestgivar- og handelsstad i Austrheim frå fru Katarina Kahrs i 1808, og budde der (sjå Austrheimb. II s 154).

Born: a. Dorte Jonsd f. 1787 d. 1819 g. 1806 m. enkjemannen Lars Nilson Ruus f. 1760 Kvalvågen i Austrheim d. 1838, bustad Mongstad i Lindås (jf Lindåsb. IV s 538). Sjå òg Holmen (15). b. Hans Jonsen f. 1789 d. 1816 g. 1810 Karen Sofie Andreasdtr Gadder f. 1786 Kolgrov i Solund d. 1866, budde der, han var lensmann i Utvær skipreide i Ytre Sogn (jf Solundb. I s 215). c. Ola Jonsen f. 1793 d. 1816. d. Karen Jonsd f. 1795 g.1.g. 1813 m. enkjemannen Andreas Andreasson Gadder f. 1781 Kolgrov d. 1816, busette der (jf Solundb. I s 215, han var bror til Karen g.m. b. Hans). Karen g.2.g. 1817 m. Villum Knutson f. 1794 Færøy, Solund d. 1869, budde der (jf Solundb. II s 556). e. Jon Jonsen f. 1797 d. 1855 g. 1825 m. Dortea Mathiasd f. 1805 Færøy d. 1859, bustad Kolgrov, seinare Åkraneset, Straumen (sjå Solundb. I s 204 og 227). f. Anna Maria Jonsd f. 1803 d. 1837 g. 1822 m. Jan Aritzson  f. 1792 Straumen i Solund d. 1841, budde der (jf Solundb. I s 192).

Det var skifte etter Jon på Kilstraumen i 1816. Arvingane var enkja Anna Olsd og borna Hans, død etter faren, Ola, òg død nokre veker etter faren, Jon 16 år, Dorte gift med Lars Nilsen Ruus, Karen, enkje etter Andreas Gadder, som døydde nokre veker etter svigerfaren, Anna Maria 13 år. Netto arv til deling var 1317 spd, så Jon hadde gjort det bra med handelen sin.

11. Lars er berre nemnd ein gong i kjeldene. Det var i 1790 då «Lars Holmens kone» vart innleigd i kyrkja etter ein fødsel. Barnet må vera født før familien kom til Fedje, for dåpen er ikkje innført i kyrkjeboka. Lars må altså ha vore kjøpsvein her eit par år.

12. Akkurat det same gjeld for Kristoffer. Kona hans vart innleigd i 1793, men barnedåpen er ikkje innført. Dei fekk heller ikkje fleire born mens dei var på Fedje, så det var truleg òg eit kort opphald.

13. Elling Akselsen Hauge f. 1766 Kinn i Sunnfjord d. 1834 (son av Aksel Gregoriussen) g. 1795 m. Johanna Elisabeth Hansd Brügger f. 1773 Sundsbø, Lindås d. 1855 (dotter av kaptein Hans Brügger og kona Karen Maria f. 1734, jf Lindåsb. IV s 262). Dei er nemnde på Holmen i 1798, og det må ha vore dei som styrte handelen på Kremmarholmen i denne perioden. I folketeljinga 1801 var dei komne til Bergen, han var 37 år gl og jekteførar. Begge døydde i Bergen, då var han nemnd som skomakararbeidsmann.

Barn: a. Karen Maria Ellingsd Hauge f. 1796 d. 1840 g. 1828 Bergen m. bøkkermeister David Nilsen f. 1796 Dale i Bruvik sokn i Haus d. 1882, fødestaden nemnd som Dale ved Sørfjorden (mellom Osterøy og Arna) i folketeljinga 1865, oppvaksen Frekhaug i Meland (jf Melandb. II s 538), konfirmert 1811 i Bergen, bustad Bergen. David g.2.g. 1843 Bergen m. Marie Katrine Gerhardsd von Krog f. 1798 Vikedal i Rogaland d. 1852.

14. Mons Kristoffersen d. 1800, 68 år gammal, var truleg den neste kjøpsveinen, sjølv om alderen kan synast høg. Han har ikkje late andre spor etter seg enn dødsfallet.

15. Halstein Ivarsen f. 1763 Storstein i SunnylvenSunnmøre d. 1845 g. 1800 m. Marta Marie Salvesd f. 1776 Stavanger d. 1845. Halstein tok over som kjøpsvein etter nr 14. Ved folketeljinga 1801 budde han og Marta her med sonen Ivar. Det var heile 7 tenestefolk her, så det må ha vore stor aktivitet med fiske, kjøp og sal av fisk, og tilverking (salting mv.) av fisken. Tenarane var Ivar Rasmussen Svoren 24 år (sjå Husa gnr 168 bnr 5-10b), Mons Larsen Tangen 26 år (Skotholmen gnr 170 bnr 1-10b), Gudmund Monsen Husa 20 år (gnr 168 bnr 5-10c), Mikkel Ivarsen Leikvoll 16 år (jf Austrheimb. I s 408), Rasmus Rasmussen Øksnes 27 år (Kopper gnr 168 bnr 1-16), Kristiana Nilsd 25 år (Børo gnr 168 bnr 24-13g) og Marta Larsd 16 år (Skotholmen gnr 170 bnr 1-10c).

Born: a. Ivar Samuel Halsteinsen f. 1801 d. 1804. b. Malena Kirstine Halsteinsd f. 1802 d. 1889 g. 1827 Sunnylven m. Jon Olsen f. 1801 Brendefur, Hornindal i Nordfjord d. 1885, bustad Engebø i Hornindal, frå 1841 Søvik i Borgund (jf Borgundb. IV s 276) og deretter Solheim i Hornindal. c. Ivar Samuel Halsteinsen f. 1804 d. 1893 g. 1828 med Siri Larsd f. 1802 Helset i Sunnylven d. 1893, bustad Storstein og frå 1839 Samuelsplassen i Skodje (jf Skodjeb. I s 546).

Familien flytta om lag 1804 frå Fedje til Bergen, der sonen døydde, og ein ny son med same namnet vart fødd. I 1810 var Halstein kjøpmann på Hernar i Øygarden. Etter at han og Marta hadde budd der nokre år flytta dei til farsgarden hans på Storstein (sjå Sunnylvenb. II s 161). Begge døydde hjå sonen i Skodje.

Handelsretten vart overført til Toftegård i Austrheim av eigaren Kristoffer Kahrs. Handelen på Fedje låg deretter nede i nesten 10 år, sjå nr 17 her.

16. Kristoffer Ditmarsen Kahrs f. 1758 Bergen d. 1807 (son av Ditmar Lüdersen Kahrs f. 1715 Kuhstedt, Tyskland d. 1762 og Katarina Kristoffersd Greve f. 1733 Bergen d. 1760, dei budde i Bergen, sjå Kahrsb. s 9 og 85-87) g. 1779 Bergen m. Katarina Elisabeth Nikolausd Johansen f. 1761 Rostock, Tyskland d. 1819 (dotter av Nikolaus Johansen g.m. Anna Sophie Busch). Kristoffer Kahrs var kjøpmann i Bergen (fekk borgarskap i 1776), der han og familien budde på Torgallmenningen, sjå Kahrsb. s 87-91. Han vart seinare major og kemner. Han vart stadshauptmann (leiar av borgarvernet) i 1796, og det var denne tittelen han hadde då han kjøpte heile Fedje med tilhørande handelsrettar av Anders Dankertsen Heiberg (4) i 1799 for 3200 rdl. Han fekk same året fornya handelsprivilegia. Det var nemnt i skøytet at det var 34 oppsitjarar på Fedje, noko som stemmer bra med talet frå folketeljinga i 1801. I skøytet var det elles teke med at kjøpet omfatta alle husbygningane, samt ei ny jekt på 5 lester med tilhørsle, ein del andre båtar, saltekar, jerngryte på 120 l, torske-, silde- og laksegarn m.m. Kahrs hadde også mange andre eigedomar, m.a. Toftegård i Austrheim (sjå Austrheimb. II s 224) og Finnegården i Bergen. Han budde heile tida med familien i Bergen, og handelen på Fedje vart styrt av ein kjøpsvein, sjå nr 15. Ved takseringa i samband med jordavgifta 1802 vart verdien av bruket sett til 45 rdl.

Born, 13 i alt: a. Anna Alida Kahrs f. 1779 d. 1791. b. Ditmar Kahrs f. 1781 d. 1782. c. Ditmar Kahrs f. 1782 d. 4 veker gl. d. Johan Jakob Kahrs f. 1783 d. 1792. e. Katarina Kahrs f. 1784 d. 1806 i Kvalvågen i Austrheim, g. 1805 Bergen m. Peter Greve Bredal f. 1780 Bergen d. 1856, kjøpmann der. Dei eigde handelsstaden Hernar i Øygarden. f. Ditmar Kahrs f. 1785 d. 1819 Telvik i Åsane, Bergen (jf Åsaneb. II s 23) g. 1810 m. Elisabet Svanenhjelm Bredal f. 1788 Bergen d. 1846 der. g. Anna Sofie Kahrs f. 1787 d. 1788. h. Anna Sofia Kahrs f. 1789 d. 1848 g. 1806 m. Johan Henrik Harrje f. 1776 d. 1851, bustad Remme i Alversund, Lindås (jf Alenfitb. I s 55). i. Peter Nikolaus Kahrs f. 1790 d. 1 md gl. j. Kristoffer Kahrs f. 1792 d. 1867, neste eigar (17). k. Johan Jakob Busch Kahrs f. 1793 d. 1846, krambuhandlar, g. 1826 Bergen m. Dortea Jakobia Becker f. 1797 Enebakk i Akershus d. 1852, bustad Bergen. l. Katarina Elisabet Kahrs f. 1794 d. 7 md gl. m. Nikolaus Kahrs f. 1795 d. 1863, kjøpmann, g. 1821 m. Anna Margrete Hille f. 1802 d. 1853, bustad Bergen.

17. Kristoffer Kristoffersen Kahrs f. 1792 Bergen (jf nr 16j ovanfor) d. 1867 g.1.g. 1811 m. Øllegård Arnoldsd Meyer f. 1791 Lindås d. 1839 (jf Lindåsb. III s 522, dotter av Arnold Meyer f. 1743, sokneprest i Lindås, og Kirsten Kastberg Jæger f. 1759, dei hadde òg sonen Vilhelm, sjå Børo gnr 168 bnr 24-18). Kristoffer fekk tildelt Fedje og Toftegård i Austrheim ved skiftet etter faren i 1811. Han fekk borgarbrev som kjøpmann i 1812. Kristoffer tok fast bopel på Toftegård (jf Austrheimb. II s 225), og dreiv handel både der og på Fedje. Handelsretten vart fornya i 1813, då han fekk kongeleg privilegiebrev på denne handelen, stadfesta i 1820, med løyve til å «drive kræmmerhandel paa stedene Fedje og Toftegaard». Årleg avgift til staten var 8 rdl. Han hadde jekta «Holmengrå», og dreiv handel m.a. i Sogn. Sjå Kahrsb. s 108-110. Det er ingen spor etter kjøpsveinane på Kremmarholmen i kyrkjebøkene eller andre kjelder, dei var truleg ugifte karar som ikkje var her så lenge. Ved folketeljinga 1835 er det oppført ein handelsmann på Kremmarholmen, men me veit ikkje namnet på han. Det var elles to tenarar, tre daglønnarar og fire husmenn her då, i alt 30 personar med stort og smått. Ein del av desse budde på plassar i Sulo. Buskapen var på til saman 10 storfe og 16 sauer, så arbeidskrafta kom vel med. Utsådet var ½ tn både med havre og potet. Matrikkelen 1838 syner at ny skyld for Kremmarholmen var 19 skilling, for Holmen 1 ort 15 skilling og Ertsholmen 1 ort 3 skilling, i alt 3 ort 13 skilling.

Born: a. dødfødd son f. 1813. b. Kristoffer Kahrs f. 1818 d. 1874 g. 1841 m. Karen Andrea Daae f. 1817 Frøyset i Masfjorden d. 1895, sjå Kremmarholmen gnr 169 bnr 1. c. Arnold Meyer Kahrs f. 1820 d. 1897 g. 1841 m. Ottine Gunhild Jonsdtr Opdal f. 1816 Balestrand i Sogn d. 1900, sjå Kremmarholmen gnr 169 bnr 2. d. Katarina Elisabeth Kahrs f. 1823 d. 1893, hadde moteforretning i Bergen, g. 1861 der m. enkjemannen Fredrik Kristian Svendsen f. 1821 Bergen d. 1906, budde der, han var skipper, reiar og reipslagar. e. Kristen Kasper Kahrs f. 1825 d. 1899, kjøpmann, g. 1858 m. søskenbarnet Ellen Johanne Vilhelmsd Meyer f. 1825 Bergen d. 1918 (sjå Børo gnr 168 bnr 24-18a og ovanfor), budde i Bergen.  f. dødfødd dotter f. 1827. g. Nikolai Kahrs f. 1828 d. 1 dag gl. h. Margreta Kahrs f. 1829 d. 1830, 3 md gl. i. Øllegård Kahrs f. 1832 d. 1926 g.1.g. 1850 m. Gjert Hanson Daae f. 1820 Frøyset d. 1859, busette der (jf Masfjordb. I s 154, han var bror til 17b Andrea). Øllegård g.2.g. 1860 m. Kristen Arneson f. 1834 Indre Hope i Masfjorden d. 1873.

18. Enkjemannen Kristoffer Kahrs (17) vart g.2.g. 1841 m. Anne Tobine Hansen frå Kristiansand f. 1813 d. 1849 (kolera), dei budde framleis på Toftegård.

Born: a. Kristofine Kahrs f. 1840 Bergen (før foreldra var gifte) d. 1901 g. 1861 Bergen m. Jakob Boysen Kaysen f. 1829 Ballum, Jylland i Danmark d. 1889, budde der i Holstebro, dreiv manufakturforretning. b. Petronella Mathilde Kahrs f. 1842 d. 1924, reiste til USA, g. der 1866 m. Bernt Andreas Meyer f. 1828 Bergen d. 1901, politimann, bustad Chicago. c. Alert Hansen Kahrs f. 1843 d. 1867, skomakar, fiskar og skyttar, omkom på fiske ved Kinn, Flora i Sunnfjord, gravlagd der. d. Karl Julius Kahrs f. 1844 d. 1922, malar, g.1.g. 1871 m. Sophie Frentz f. 1846 Schwerin i Tyskland d. 1881, g.2.g. 1883 m. Louise Schmidt f. 1847 Lübeck, Tyskland, bustad Hamburg, flytta til Lübeck i 1917. e. Katinka Elisabeth Kahrs f. 1846 d. 1923 g. 1875 Bergen m. em. Ole Jansen f. 1819 Nedre Sandvik i Kvinnherad d. 1884 (jf Kvinnheradb. III s 563), kjøpmann, bustad Bergen. Som enkje var ho styrar for verneheim for kvinner der. f. Anna Teodora Kahrs f. 1848 d. 1928, kalla Dora, reiste til USA i 1864, g.1.g. der 1867 m. Frantz Dekke Werness f. 1835 Bergen d. 1897, skipper, g.2.g. 1901 m. Martin Julsrud f. 1852 Eidsvoll i Akershus d. 1928, tømmermann, busette Chicago.

I 1839 var det skifte etter Øllegård (17). Fedje med handelsrettane vart då selt på auksjon til sønene Kristoffer og Arnold Kahrs for 3100 spd. Dei busette seg begge på Kremmarholmen og dreiv handels- og gjestgivarstaden vidare. I 1845 hadde dei heile 20 storfe, 42 sauer og 2 grisar, dei einaste på Fedje. Utsådet var ½ tn havre og 2 tn potet. Det budde då 36 personar her med husmenn og tenarar. I 1855 var talet på folk 37. Jordbruksaktiviteten hadde auka sterkt. Buskapen var på 1 hest (den einaste på Fedje), 28 storfe, 104 sauer og 4 geiter. Dei sådde 2 tn havre og heile 6 tn potet.

I 1859 samanføydde Kristoffer og Arnold dei tre bruka Holmen, Ertsholmen og Kremmarholmen, og delte deretter det nye bruket i to, slik at dei eigde halvparten kvar (sjå kart), slik som med resten av Fedje. Straks etter selde Arnold sin part, det var truleg derfor delinga vart gjort.


Fedje komm.svg Kremmarholmen (Fedje) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Ertsholmen (Fedje) • Neste bolk: Kremmarholmen (Fedje gnr 169 bnr 1)