Skotholmen (Fedje gnr 170 bnr 1)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Skotholmen
S411.170.1.IMG 5909.JPG
Skotholmen i 2022. Frå venstre havstovene på bnr 8 og husa på bnr 14 og bnr 13 med nausta til bnr 1 framom.
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 170
Bnr: 1

Skotholmen er eit av dei eldre bruka i Fedje kommune. I dag er berre jorda og naust att av eigedomen.

1. Ola og Jon betalte landvareavgift i 1590 med skattegrunnlag kvar 1 pund fisk, så då var det to brukarar her. I 1610 er Ola framleis her, mens Jon er bytta ut med Hans. På ei skatteliste frå 1611 er Jon tilbake igjen.

2. Etter nokre år utan at Skotholmen er nemnd i skattelistene, er Mikkel oppført i 1621, med halv skatt. Han er siste gongen nemnd i 1627. Deretter gjekk det mange år utan nokon brukar her. Skotholmen ligg vêrhardt til, så dersom ein kunne få eit anna bruk, var det kanskje ikkje så freistande å busetja seg her.

3. Knut Knutsen er brukar her frå 1644 til 1646. Koppskatten 1645 syner at han har kona Kristi.

4. Anders er oppført i skattelistene frå 1648 til 1664. Året etter og i mange år framover låg bruket øyde. I matrikkelen 1665 heiter det at bruket «ligger gandske øde och ingen huus paa».

5. I skoskatten 1711 står det at Skotholmen vart brukt som eit underbruk under Holmen. Bruket var framleis øyde ifølgje matrikkelen 1723. Her heiter det at det har lege øyde i over 60 år. Det var umogleg å bu her, fordi sjøen skylde over holmen og øydela husa. Skattelistene fram til 1736 syner at det var eigarane på Kremmarholmen (4), familien Dankertsen som òg brukte Skotholmen. Likefullt var det ein Halvor Jonsen som brukte Skotholmen ei kort tid, han fekk døtrene a. Barbra Halvorsd f. 1713 og b. Helga Halvorsd f. 1715. Halvor budde då på Holmen. Kor det vart av dei, er ukjent. Det var ei Barbra Holmen som stod fadder i 1736, kanskje det var a.

6. Kristian Hansen f. 1708 Holmen (9a) d. 1757 g.1.g. m. Kari Herlofsd f. 1708 Nordland, Masfjorden d. før 1737 (dotter av Herlof Jonsen f. 1661 d. 1746 og Kari Olsd d. 1737, jf Masfjordb. I s 505). Kristian er nemnd som brukar på Skotholmen i ei militær rulle frå 1749. Han stod fadder i 1734, og vart då kalla Holmen, men frå 1747 og ved dødsfallet er Stefholmen brukt. Grunnen til det kan vera at familien først budde på Holmen, før dei sette seg opp hus her. Då Kristian fekk tinglyst bygselsetel frå fru Gjertrud Dankertsen i 1737, var det òg sagt Holmen.

Barn: a. Anna Kristiansd d. 1772 g. 1759 m. em. Hans Sjursen Dyrneset, Austrheim, sjå Brotet (husmenn 3) og Sulo (3). At mor til Anna var frå Nordland, går fram av eit skifte der i 1737 etter mormora Kari Olsd. Anna, med faren Kristian som formyndar, er nemnd som umyndig arving, og mora må derfor vera avliden. Anna fekk 12 rdl i arv.

7. Enkjemannen Kristian Hansen (6) g.2.g. m. Marta Nilsd d. 1772, 85 år gammal, men det må vera minst 10 år for mykje. Ho stod fadder i 1754 og er oppført på ei skatteliste i 1763 som innerst på Skotholmen.

Born: a. Ingeborg Kristiansd d. 1793, neste brukar (8). b. Hans Kristiansen f. 1736 d. 1802 g.1.g. 1758 m. Brita Gudmundsd f. 1720 Rossnes, Lindås d. 1784, ho var enkje på Brotet, sjå der (gnr 168 bnr 16-8). c. Brita Kristiansd f. 1736, tvilling med b., ukjend lagnad. d. namnlaus dotter d. 1742, 4 år gammal. e. namnlaus dotter f. 1741, ukjend lagnad. f. Nils Kristiansen f. 1743 d. 1790 g.1.g. 1765 m. Marta Hansd f. 1741 Husa (gnr 168 bnr 7-7f), brukarar der (8). g. namnlaus dotter f. 1746 d. 1748 («Christian Stepholmens datter 1 aar 9 mnd»).

8. Ingeborg Kristiansd f. på dette bruket (7a) d. 1793 g. 1760 m. Nils Hansen f. 1739 Husa (gnr 168 bnr 7-7d) d. 1793. Nils fekk tinglyst bygselsetel frå fru Gjertrud Dankertsen i 1759. Dei var brukarar her til 1771, då dei flytta til Børo (gnr 168 bnr 24-13). Familien er ført der.

9. Anna Jonsd f. 1725 Sulo (1a) d. 1804 g. 1758 m. Ola Nilsen f. 1735 Dyrneset, Austrheim d. 1804 var brukarar her frå 1772. Dei budde først på Mulen (1). Så kom dei til Moldøyna (gnr 170 bnr 5-11) i 1775, men brukte òg framleis Skotholmen ei stund, det går fram av ei militær rulle frå 1778. Familien er ført på Moldøyna.

10. Anna Mikkelsd f. 1743 (Husa gnr 168 bnr 5-8b) d. 1800 g. 1770 m. Lars Knutsen f. 1745 Vika (gnr 168 bnr 28-8b) d. 1786 budde her frå 1780. Dei var tidlegare i Nedst-Tangen (gnr 168 bnr 27-9).

Born: a. Mikkel Larsen f. 1771 d. 1839 g. 1801 m. Olina Villaksd f. 1779 Nordøyna, Øygarden d. 1843, brukarar på Eide (gnr 168 bnr 15-14). b. Mons Larsen f. 1773 d. 1826 g. 1806 m. Åse Villaksd f. 1786 Nordøyna, Øygarden d. 1860 (søster til a), budde der, dei hadde dottera ba. Synneva Monsd f. 1807, sjå Opphaugen gnr 168 bnr 13-18. c. Marta Larsd f. 1776 g. 1802 m. em. Hans Nilsen f. 1767 Børo (gnr 168 bnr 24-13d) d. 1814, brukarar der (17). d. Gjertrud Larsd f. 1780 d. 1788. e. Marta Larsd d.y. f. 1783 d. 1802, tente på Kremmarholmen.

Lars var los, og han drukna på sjøen saman med Ivar Ertsholmen (Ertsholmen 8), Mathias Eide (gnr 168 bnr 15-10) og Jon Kopper (gnr 168 bnr 2-7). Lars vart då kalla Stefholmen. Ved skiftet etter han i 1787 var det brukt Skotholmen, så prest og skrivar var ikkje heilt samde her. Lars lét etter seg enkja Anna og dei fem borna. Det vart registrert lausøyre for 26 rdl. Buet kom i minus, vesentleg pga krav frå jordeigaren Dankert Heiberg på 36 rdl. Dei hadde m.a. to kyr, to kalvar, ei sølvsnor, ei sølje, to skap, ein eikekagge, ei gryte, to kister med lås, ei øltønne, ein kagge, tre furutønner, seks små ambrar, ein sildefjerding, ein færingsbåt, ein ubrukeleg seksæringsbåt, ein liten vad, eit fiskesnøre, to småsildegarn og to storsildegarn.

11. Kari Olsd f. 1769 Moldøyna (gnr 170 bnr 5-11e) d. 1816 g. 1789 m. Mikkel Knutsen f. 1762 Risa, Lindås d. 1816 var brukarar her frå 1790. Dei brukte Skotholmen saman med Moldøyna gnr 170 bnr 5 ei tid, sjå der (12).

12. Jens Jensen f. 1761 Halsvik, Gulen d. 1837 g.1.g. 1794 m. Helga Lassesd f. 1762 Skauo i Myking, Lindås d. 1811 budde på Skotholmen ved folketeljinga 1801 saman med sonen Lasse 4 år. Lasse var fødd på Halsvik, og familien kom hit på slutten 1790-talet. Det ser ut til at hovudbruket på Skotholmen framleis låg under Moldøyna gnr 170 bnr 5. Jens og Helga hadde berre ein jordpart. Ved takseringa i samband med jordavgifta 1802 vart verdien av sjølve bruket sett til 75 rdl. Jens og Helga flytta vidare til Sulo før 1810, og heile familien er ført der (6). Deretter gjekk det over 30 år før det budde folk på Skotholmen igjen.

13. Berent Olsen f. 1811 Hille i Gulen d. 1883 (jf Gulenb. III s 375) fekk bygsel av Kristoffer Kahrs i 1837 både på hovudbruket Skotholmen (½ våg fisk) og den jordparten som nr 12 hadde brukt. Men det vart ikkje til at Berent busette seg her. I staden sette han seg ned på Rongeværet i Austrheim, der han vart gift med ei gardjente, Anna Margrete Jakobsd f. 1818 d. 1902 (sjå Austrheimb. III s 658). Matrikkelen i 1838 syner at ny skyld for Skotholmen er 1 ort 3 skilling.

14. Gudmund Oddsen f. 1819 Nordøyna, Øygarden d. 1864 g.1.g 1839 m. Anna Marie Mikkelsd f. 1815 Eide (gnr 168 bnr 15-14f) d. 1849 (kolera). Dei budde først på Husa (gnr 168 bnr 7-14), sjå der. Dei kom hit i 1841, og fekk tinglyst bygselsetel i 1845 frå Kristoffer Kahrs på ein husgrunn kalla Vågen, ein del jordlappar og ein part i Skotholmen. Det er ikkje godt å seia om dei rakk å setja opp hus på Skotholmen, eller om dei budde på Ertsholmen, som òg vart kalla Vågen. Presten brukte nemninga Vågen om dei.

Born: a. Martinus Gudmundsen f. 1842 d. 1907, fekk med enkja Gjertrud Halsteinsd f. 1835 Krossøyna, Austrheim d. 1911 sonen aa. Martinus Martinussen f. 1867 d. 1941, sjå Sulo (14b). Martinus g. 1870 m. Massi Olsd f. 1838 Opphaugen (gnr 168 bnr 13-18c) d. 1928, budde i Kongestølen (gnr 169 bnr 9-1). b. Ananias Gudmundsen f. 1843 d. 3 md gl. c. dødfødd dotter f. 1844. d. Martina Gudmundsd f. 1846 d. 1847, 7 md gl. e. Mikkel Gudmundsen f. 1847 d. 14 dg gl.

Enkjemannen Gudmund gifta seg opp att 1849 med Synneva Larsd f. 1821 Nord-Tangen (gnr 168 bnr 25-16b) d. 1896, og dei fekk bygsel same året på Stuberg (gnr 168 bnr 19-16), sjå der.

Marie (kalla Mari) Stokholm (16).

15. Simen Nilsen f. 1821 Moldøyna (gnr 170 bnr 6-8a) d. 1883 g. 1842 m. Gjertrud Mikkelsd f. 1819 Eide (gnr 168 bnr 15-14g) d. 1899. Ho var søster til den førre brukarkona (14). Bygsel på dette bruket med skyld 1 ort 3 skilling i 1849 frå Kristoffer og Arnold Kahrs. Dei budde tidlegare som innerstar på Eide. Simen var fiskar. I 1855 hadde han og Gjertrud 4 sauer, i 1865 2 storfe og 1 sau, og i 1875 2 kyr, 1 kalv og 3 sauer. I 1855 sådde dei ¼ tn både med havre og potet, i 1865 ½ tn potet, og i 1875 ⅜ tn potet, så dei slutta med havren. Ved matrikkelforarbeidet i 1863 var buskapen oppgjeven til 0,8 kyrlag, medan utsåd ikkje er nemnt. Ein kunne avla 46 våger høy. Det var 5 mål naturleg eng. Beitemarka låg fint til, var i dårleg stand, men tilstrekkeleg til buskapen. Likevel vart det nytta lyng og tare som tilleggsfôr. Garden hadde nok med torv til brensel. Den var tungdriven, men godt dyrka.

Born: a. Nilla Simensd f. 1842 d. 1889, fekk med Lars Monsen f. 1844 Store Sleire, Masfjorden d. 1930 (jf Masfjordb. I s 232) dottera aa. Martine Larsd f. 1867 d. 1914, vaks opp her hjå morforeldra, g. 1896 Bergen m. Andreas Berntsen f. 1866 Byrknes d. 1944 (sjå Gulenb. III s 405), gassarb., dei budde i Bergen. Nilla g. 1871 m. Martinus Ingemårsen f. 1843 Moldøyna (gnr 170 bnr 6-10a) d. 1915, sjå Moldøyna husmenn 2. b. Ole Simensen f. 1846 d. 1923 g. 1873 m. Elsa Monsd f. 1844 Vika (gnr 168 bnr 28-13f) d. 1918, budde på Muren (husmenn 1). c. Martina Simensd f. 1848 d. 1850. d. Lars Simensen f. 1851 d. 1883, lenge sengeliggjande, ugift. e. Ananias Simensen f. 1857 d. 1902, neste brukar (16). f. Ingemår Simensen f. 1860 d. 1889 g. 1883 m. Anna Persd f. 1864 Moldøyna (husmenn 5b) d. 1894, sjå Skotholmen husmenn 1. g. dødfødd son f. 1863.

16. Ananias Simensen f. 1857 på dette bruket (15e) d. 1902 g. 1884 m. Marie Hansd f. 1861 Rognsvågen (gnr 167 bnr 3-1b) d. 1948. Skøyte frå Fedje Torvkompagni i 1882 for 340 kr. Dei dreiv med fiske og jordbruk. Ny matrikkelskyld ifølgje matrikkelen i 1890 er på 0 mark og 14 øre.

Born: a. Severin Johan Ananiassen Stokholm f. 1885 d. 1979, neste brukar (17). b. Maria Olina Ananiasd f. 1889 d. 3 veker gl. c. Ingeborg Ananiasd Stokholm f. 1890 d. 1940, ugift, hushjelp i Bergen, gravlagd Fedje. d. Andreas Ananiassen Stokholm f. 1895 d. 1990 g. 1918 m. Serenna Amanda Marie Sjursd f. 1899 Sætre, Austrheim d. 1989, busette der (jf Austrheimb. II s 30). e. Nils Johan Ananiassen Stokholm f. 1898 d. 1962, sjømann (omkom i St. Svithun-ulykka på Folda utanfor Nord-Trøndelag), g. 1935 m. Betty Sletbak f. 1904 Tingvoll, Nordmøre d. 1988 (jf Tingvollb. II s 353), budde i Stavanger. f. Alfred Mikal Ananiassen Stokholm f. 1901 d. 1968, var lenge i Portland, Oregon, USA, skogsarb., var gift, tilbake til Noreg i 1950-åra, budde i Oslo, gravlagd Fedje.

Severin, Borghild og Josefine Stokholm (17).

17. Severin Stokholm f. 1885 på dette bruket (16a) d. 1979 g. 1907 m. Ottine Josefine Jonsd f. 1886 Byrknes d. 1960 (dotter av Jon Jonsen f. 1855 d. 1951 og Andrina Jonsd f. 1863 d. 1931, jf Gulenb. III s 264). Skøyte til Severin frå mora i 1909 for 340 kr og kår. Han var fiskar. Dei bygde det noverande huset i 1908, og reiv det gamle.

Born: a. Amalie Marie Jensine Stokholm f. 1907 d. 1910 (difteri). b. Jenny Amanda Stokholm f. 1908 d. 1 dag gl. c. Borghild Hansine Stokholm f. 1910 d. 1993 g. 1943 m. em. Alfred Sjursen Stusdal f. 1905 Lindås d. 1986, budde der, sjå Hosangerb. I.2 s 210. d. Albert Johan Stokholm f. 1912 d. 1926. e. Herman Severin Stokholm f. 1914 d. 1986, neste eigar (18). f. Amalie Marie Jensine Stokholm f. 1916 d. 2014 g. 1949 m. Magnus Johan Drivenes f. 1921 Austevoll d. 1993, bustad Taule, Radøy (jf Radøyb. IV s 307, og Austevollb. I s 38, han var bror til Rasmus Drivenes, Hesthaugen gnr 169 bnr 59). g. Konrad Bertin Stokholm f. 1919 d. 2004 g. 1947 m. Alfhild Langøen f. 1927 Austrheim d. 2019 (søster til Klara g.m. e.), bygde på Svena (gnr 170 bnr 18). h. Olga Sofie Stokholm f. 1922 g.m. Lauritz Kristian Grimstad f. 1913 Bergen d. 1997, vedlikehaldsarb., busette der. i. Ole Emil Stokholm f. 1923 d. 2008, bustad gnr 170 bnr 14, som er våningshuset frådelt i 1950.

Båtskyss i samband med vigslinga av nykyrkja i 1941. Bua på Skotholmen (bnr 8) bak, til høgre huset til bnr 1 (no bnr 14).

18. Herman Stokholm f. 1914 på dette bruket (17e) d. 1986, fiskar og arb. hamnevesenet, g. 1945 m. Klara Leonora Langøen f. 1922 Austrheim d. 2008 (dotter av Lars Fredriksen f. 1861 d. 1945 (dotter Augusta Larsd, sjå Vika gnr 168 bnr 78) og Oline Andreasd f. 1880 d. 1964, jf Masfjordb. I s 316, og Austrheimb. III s 626). Dei fekk frådelt ei tomt på Skotholmen (gnr 170 bnr 13) i 1948. Huset til Klara si mor vart flytta frå Langøyna og sett opp der same året. Mora Oline budde der sidan saman med dei. I 1950 vart våningshuset på bnr 1 frådelt og skøytt til Ole Stokholm, sjå gnr 170 bnr 14. Herman fekk skøyte på den resterande jorda på dette bruket i 1950 for 2800 kr.

Born: a. Albert Stokholm f. 1946 d. 2017 g. 1967 m. Astrid Jøråsen f. 1947 Sør‑Fron, Oppland, bygde i Husøyna (gnr 170 bnr 29). b. Henning Karl Stokholm f. 1947 d. 2006 g. 1967 m. Selma Haugsdal f. 1944 Masfjorden d. 2020, bygde i Husøyna (gnr 170 bnr 28). c. Solbjørg Johanne Stokholm f. 1950 g. 1970 m. Jakob Flatøy f. 1944 i Meland d. 2015, busette der. Sjå òg Skotholmen gnr 170 bnr 13-2. d. Oddleif Stokholm f. 1953, neste eigar (19). e. Dag Stokholm f. 1955 g. 1976 m. Solveig Halvorsen, Åsane f. 1958, bygde på Moldøyna (gnr 170 bnr 39). f. Atle Stokholm f. 1957 samb.m. Karin Moldøen f. 1949 (gnr 170 bnr 5-18h), busette der (gnr 170 bnr 38). g. Marie Stokholm f. 1958 g. 1980 m. Richard Sivertsen f. 1948 SmølaNordmøre, sjå Grenda (gnr 168 bnr 216-3) og Husøyna (gnr 170 bnr 28-2). Marie budde ei tid i sokkelen i huset på Skotholmen, var samb.m. Ulf Valdemar Andersson f. 1956 Piteå i Sverige, dreiv vaskeri i Bjellandbygget (gnr 169 bnr 47). Han flytta til Bergen og sidan til Sverige.

19. Oddleif Stokholm f. 1953 på dette bruket (18d) g. 1974 m. Inger Westervik f. 1951 Isdalstø i Lindås, bustad Åsane i Bergen, frå 2022 Skotholmen gnr 170 bnr 14. Skøyte i 1999 på bnr 1, som omfattar jorda og naust.


Fedje komm.svg Skotholmen (Fedje gnr 170 bnr 1) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Skotholmen • Neste bolk: Husmenn på Skotholmen