Muren (Fedje gnr 168 bnr 18)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Muren
S211.168.18.CD 08 036.jpg
Flyfoto 1958. Muren til venstre, Steinborg til høgre og Sjøvold fremst. Bjelland bak til høgre. Bakarst Sulo.
Foto: Norrønafly
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 18

Muren er eit tidlegare gardsbruk i Fedje kommune. Berre jorda er no att av bruket, resten er frådelt.

1. Mons betalte landvare i 1590 og 1610 med skattegrunnlag 2 pund fisk.

2. Per i Muren er kommen her i følgje skattelistene for 1611 til 1613. Han hadde dottera a. Gjertrud Persd, som er nemnd i bøteregisteret til futen i 1618, då ho fekk 4 dalar i bot fordi ho «lod sig besoffue aff en Johannes dreng».

3. Kristoffer Kristiansen g.m. Guri er oppført i skattelistene frå 1620 til 1644, fram til 1624 saman med Mikkel og Knut. I 1625 er ikkje Knut med lenger, medan Mikkel dukka opp att i 1628 saman med Nils. Berre Kristoffer og Mikkel er nemnde i ei skatteliste seinare i 1628. I 1629 har dei fått med seg Jon. Frå 1632 er det berre Kristoffer igjen. I 1634 og 1635 har han med seg Kristian «i Kristoffers stove», det kan ha vore sonen som har budd i same huset med sin familie. Kristian er her også i 1637. Frå 1638 til 1644 er det berre Kristoffer som er nemnd. Seinare i 1644 og i 1645 er enkja oppført som brukar, så då må Kristoffer vera avliden. Det kan tyda på at det har vore ein hovudbrukar, Kristoffer, som har hatt leigetakarar eller husmenn hjå seg. Enkja Guri er òg oppført i koppskatten 1645, og i skattelistene frå 1646 til 1663, så ho klarte skattane utan hjelp frå nokon mann.

4. Kristoffer Monsen, kona Kari og ei dotter er oppførte på Muren i koppskatten 1645. Ei enkje Marta budde òg her, sameleis husmannen Kristoffer Olsen med kona Ingeborg. Alle betalte 8 skilling i skatt kvar. Kristoffer Monsen er nemnd i tingboka i 1653, han var då død, sjå Eide gnr 168 bnr 15-2.

5. Johannes Nilsen, 52 år gammal, er oppført på Nedre Muren i manntalet 1666, utan verken søner eller tenestefolk. Det er brukt «Nedre Muren» for å skilja det frå Grenda (gnr 168 bnr 17), sjå nr 5 der. Johannes er første gong nemnd då han vart stemna på vårtinget i Lindås i 1652 for manglande betaling av landvareavgift saman med to andre. Han forklarte at han gjerne ville betala det som rett var, og lensmannen Lars Husa skulle avgjera storleiken på skatten, slik at ingen skulle lida urett. Same året måtte han betala 2 mark sølv fordi han hadde unnlate pliktig skyss av futen sin fullmektig Lars Valter. Denne hadde måtta leiga Håkon Opphaugen (gnr 168 bnr 13-6) for å komma frå Fedje til Lygra (i Lindås), og Johannes vart dømd til å betala Håkon 1 mark for skyssen. Johannes er oppført på skattelistene frå 1664. Matrikkelen 1665 syner at ein kan fø to naut, utsåd er ikkje nemnt. Landskylda er ½ våg fisk. Johannes er nemnd siste gongen i 1668. Utsegner frå nr 6 her syner at Johannes var død seinast i 1672, for då vart enkja gift opp att. Ho hadde då vore på bruket i sju år. Johannes hadde i eit tidlegare gifte sonen a. Anders Johannessen, nemnd i ei sak i tingboka 1653, sjå Eide gnr 168 bnr 15-2.

6. Ola Olsen f. 1654 Opphaugen (gnr 168 bnr 13-7a) er den neste brukaren her. Av eit vitneprov på tinget i 1682 (sjå Kremmarholmen 2) går det fram at han kom på bruket i 1672, då han vart gift med enkja etter nr 5. Han vart g.2.g. m. Ragnhild, som må vera mor til dei to yngste sønene. På vårtinget 1686 klaga han saman med oppsitjarane i Tangen, Holmen og Børo på dei altfor høge skattane dei måtte betala. Dommen var at saka måtte venta til futen og sorenskrivaren hadde vore på staden og vurdert tilhøva. Ola er oppført i skattelistene frå 1691 til 1694, og i manntalet 1701, då saman med to søner Johannes og Kristian. I skoskatten 1711 betalte Ola 1 ort 2 skilling for seg, kona og eit barn. Ola er nemnd siste gongen i skattelista for 1713.

Born: a. Johannes Olsen f. 1679 d. 1738, brukar på Berge (gnr 168 bnr 21-2). ?b. Ola Olsen f. 1690 d. 1751, sjå Holmen (11). c. Kristian Olsen f. 1697, seinare brukar (8).

7. Lars fekk ei dotter her i 1714, og har truleg teke over bruket etter Ola. Men i skattelistene for tida 1715 til 1719 er det ikkje oppført nokon brukar på Muren, så Lars døydde truleg straks dottera var fødd.

Barn: a. Marta Larsd f. 1714, truleg g.m. Jens Jensen f. 1713 Eide (gnr 168 bnr 15-6a) d. 1782, brukarar på Stuberg (gnr 168 bnr 19-9). Marta vaks kan hende opp her hjå nr 8, ho kalla den eldste sonen sin Kristian i 1739, som kan vera oppattkalling etter Kristian Olsen, som då var død.

8. Kristian Olsen f. 1697 på dette bruket (6c) d. før 1738 g.m. Synneva Johannesd f. 1690 (etter alder ved død) d. 1749. Kristian var brukar frå 1720 til om lag 1736, og fekk tinglyst bygselbrev i 1721 frå Dankert Dankertsen. Han var død ved broren Johannes Berge sitt skifte i 1738. Matrikkelen frå 1723 gjev desse opplysningane om Muren: Brukar Kristian, landskyld ½ våg fisk som før. Utsådet var på ⅛ tn havre og avlinga ¼ tn, altså berre to foll. Dyretalet var på 2 kyr, som dels måtte fôrast med tang og tare. Fisket etter torsk, sild, sei og lange var det viktigaste næringsgrunnlaget.

Born: a. Ragnhild Kristiansd f. 1722 g. 1749 m. Mikkel Steffensen f. 1725 Nordre Njøta, Austrheim d. 1775, sjå Midt-Tangen (gnr 168 bnr 26-10). b. Synneva Kristiansd f. 1725 d. 1753 g. 1752 m. Halvor Johannessen f. 1727 Kårdalen, Lindås d. 1770, brukarar på Moldøyna (gnr 170 bnr 3-10). c. Kari Kristiansd f. 1728, nemnd 1740, seinare lagnad ukjend. d. Ola Kristiansen f. 1733, flytta til Bergen ifølgje ei militær rulle.

9. Enkja Synneva Johannesd (8) g.2.g. m. Hans Olsen f. 1707 d. 1786 (begge årstala ifølgje militær rulle). Hans fekk tinglyst bygselsetel frå fru Gjertrud Dankertsen i 1738, og hadde bruket til han døydde. Han var los.

10. Enkjemannen Hans Olsen (9) g.2.g. 1750 Gulen m. Anna Johannesd frå Sande i Gulen d. 1784. Dei fekk ei dødfødd dotter i 1751. Dei hadde truleg to fosterdøtre: a. Kari Askildsd f. 1759 d. 1794 g. 1780 m. Kristian Nilsen f. 1754 Midt‑Tangen (gnr 168 bnr 26-11d) d. 1831, brukarar på Nedst-Tangen (gnr 168 bnr 27-10). b. Anna Olsd f. 1768, ho vart konfirmert i 1786, det er alt me veit om henne.

Ved skiftet etter Anna i 1784 visste ikkje enkjemannen kven eller kor arvingane hennar var. Buet kom til kort med 55 rdl, så det vart same kva ingen arv på dei. Hovudårsaka til det var eit krav frå jordeigaren Dankert Dankertsen Heiberg på 61 rdl for landskyld og vedlikehald på husa, samt eit krav frå tenestejenta Kari Kristensd Vågen (Ertsholmen 5b) på 10 rdl for lønn for heile 12 år. Lausøyren vart seld på auksjon og gav nesten 26 rdl. Dette vart ikkje selt: ein navar, to gryter, to kister, ein vasstamp, fire små bøtter, fire ambrar, fem mjølkekoller, to ølskåler, ein spinnrokk, eit skap i stova, tre vårsildegarn og to småsildegarn, til saman verdsett til vel 6 rdl.

11. Barbra Jakobsd f. 1754 Nord-Tangen (gnr 168 bnr 25-10c) d. 1832 g. 1785 m. Mikkel Nilsen f. 1760 Åråsvågen, Austrheim d. 1831 (son av Nils Hansen f. 1729 d. 1787 og Marta Mikkelsd, jf Austrheimb. II s 328). Mikkel var farbror til Rognald Rognaldsen Moldøyna (gnr 170 bnr 5-13). Bygsel frå Dankert Dankertsen Heiberg i 1786. I folketeljinga 1801 budde Barbra og Mikkel her med fire born. Ved takseringa i samband med jordavgifta 1802 går det fram at garden hadde eit utsåd på ¼ tn korn med same eller inga avling. Ein kunne fø to storfe. Fiskeria var hovudnæringa. Verdien av bruket vart sett til 75 rdl.

Born: a. Jakob Mikkelsen f. 1786 d. 1862 g. 1820 m. enkja Anna Johannesd f. 1770 Bergsvika, Austrheim d. 1834, budde i Rognsvågen (gnr 167 bnr 2-2). b. Ola Mikkelsen f. 1789 d. 1811 g. 1810 m. Turi Knutsd f. 1788 Kopper (gnr 168 bnr 4-2d) d. 1870, brukarar på Kopper (gnr 168 bnr 1b-1). c. Martinus Mikkelsen f. 1792 d. 4 veker gl. d. dødfødd son f. 1793. e. Ragnhild Mikkelsd f. 1795 d. 1856 g. 1816 m. Thomas Jonsen f. 1794 Husa (gnr 168 bnr 10-1g) d. 1851, busette der (3). f. Brita Mikkelsd f. 1798 d. 1860, neste brukar (12).

Mikkel fekk med Ingeborg Olsd f. 1796 Vika (gnr 168 bnr 28-10f) d. 1849 dottera g. Magdeli Mikkelsd f. 1829 d. 1891 g. 1862 m. Martinus Ivarsen f. 1828 Sulo (9a) d. 1897, budde der (10).

Det var skifte etter Mikkel i 1831. Arvingane var enkja Barbra og dei fire borna med henne. Det var eit krav frå Klement Sjursen Moldøyna (gnr 170 bnr 2-13) for oppfostring av Mikkel si dotter Magdeli (g), så ho vaks truleg opp der. Det var lausøyre for 21 spd i buet, men då gjeld og skiftekostnader kom opp i 39 spd, vart det eit underskotsbu. Dei hadde m.a. ei øks, ein navar, ein hammar, ein høvel, ei gryte, to kister med lås, to levertønner, fire leverhalvtønner, tre sildetønner og ein sildefjerding. Husdyra talde to kyr og ein sau med lam. Av sjøreiskapar hadde dei tre vårsildegarn, eit småsildegarn, ei sildenot, ein vad, eit fiskesnøre med jernstein, ein blystein, ein seksåra båt utan segl, ein fireåra båt utan segl og eit gammalt færingssegl. Dei hadde noko så uvanleg som to bøker, ei om «åndelig tidsfordriv» og ei om evangeliet, så dei åndelege interessene var byrja å vakna.

12. Brita Mikkelsd f. 1798 på dette bruket (11f) d. 1860 g.1.g. 1820 m. Rasmus Jonasen f. 1791 Uthaugen (gnr 168 bnr 20-1c) d. 1820. Rasmus er nemnd matros ved giftarmålet, så truleg har han vore til sjøs. Han fekk eit kort liv her på Muren: vart gift i januar, fekk ein son i mars og døydde i juli, medan sonen døydde i desember.

Barn: a. Jonas Rasmussen f. 1820 d. 8 md gl.

I skiftet 1820 etter Rasmus er enkja Brita og sonen, som enno levde, oppførte som arvingar. Buet eigde m.a. tre høvlar, ein kniv, ei kiste med lås, ein del fiskesnøre med anglar, ⅛-part i ei jekt, utanom begge sine gangklede. Dette vart i alt vel 20 spd, medan gjelda og skiftekostnadene var på vel 11 spd, slik at det vart 9 spd til arvingane.

13. Enkja Brita Mikkelsd (12) g.2.g. 1821 m. Hans Engelsen f. 1788 Kvalvågen, Austrheim d. 1863 (son av Engel Olsen Frøyset, Masfjorden f. 1748 d. 1822 og Brita Hansd f. 1758, sjå Masfjordb. I s 165 og Austrheimb. II s 272, familien budde først i Kvalvågen). Bygselbrev frå Kristoffer Kahrs i 1821. Brita og Hans sat med bruket til 1853, då dei vart kårfolk. I 1835 hadde dei 2 storfe og 3 sauer, og sådde ¼ tn av både havre og potet. I 1845 var dyretalet gått ned til 1 storfe og 2 sauer, og utsådet til ⅛ tn av kvart slag. Matrikkelen 1838 syner at ny skyld for Muren var 1 ort 3 skilling.

Born: a. Rasmus Hansen f. 1822, flytta i 1844 til Straumen, Solund i Sogn for å tena, omkom på sjøen i 1847 saman med to andre (sjå Solundb. II s 557). b. Engel Hansen f. 1825 d. 1901, neste brukar (14). c. Brita Hansd f. 1828 d. 1887, ugift, tenar. d. Barbra Hansd f. 1831 d. 9 veker gl. e. Kari Hansd f. 1832 d. 1844. f. Ola Hansen f. 1835 d. 1844. g. Mikkel Hansen f. 1838, ikkje konfirmert, truleg død som liten.

14. Engel Hansen f. 1825 på dette bruket (13b) d. 1901 g. 1850 m. Ingeborg Bertelsd f.1823 Husa (gnr 168 bnr 9-5b) d. 1909. Bygselbrev 1853 frå Kristoffer og Arnold Kahrs. Ingeborg var hjelpekone ved fødslar. Ho og Engel dreiv med fiske og jordbruk. Dei hadde i 1855 2 storfe og 5 sauer, i 1865 3 storfe og 1 sau, og i 1875 1 ku, 1 kvige og 3 sauer. Dei sådde i 1855 ⅛ tn havre og det same med potet, i 1865 ⅜ tn havre og ½ tn potet, og i 1875 ⅓ tn havre og 1 tn potet, så poteta kom stadig meir i bruk. Ved matrikkelforarbeidet i 1863 var buskapen oppgjeven til 1 kyrlag og utsådet ⅛ tn havre og ¼ tn potet. Avlinga var på ½ tn havre, 1½ tn potet og 62 våger høy. Det var 0,9 mål dyrka åker og eng, og 5 mål naturleg eng. Beitemarka låg fint til, var i dårleg stand, men tilstrekkeleg til buskapen. Likevel vart det nytta lyng og tare som tilleggsfôr. Garden hadde nok med torv til brensel. Den var lettdriven og godt dyrka. Engel og Ingeborg fekk kår i 1879.

Born: a. Rasmus Engelsen f. 1851 d. 1924, hadde med Udna Ivarsd f. 1830 Brotet (gnr 168 bnr 16-12c) d. 1901 dottera aa. Martina Rasmusd f. 1871 d. 4 md gl. Rasmus g. 1879 m. Marta Trulsd f. 1857 Byrknes, Gulen d. 1947, brukarar på Moldøyna (gnr 170 bnr 5-16). b. Bertel Engelsen f. 1853 d. 1938 g. 1876 m. Olina Rasmusd f. 1853 Moldøyna (gnr 170 bnr 5-15b) d. 1944, budde på Børhaugen (gnr 168 bnr 137-1). c. Hans Engelsen f. 1856 d. 1943, neste brukar (15). d. Katrina Engelsd f. 1859 d. 1914 g. 1879 m. Martinus Rasmussen f. 1856 Moldøyna (gnr 170 bnr 5-15c) d. 1925, sjå Moldøyna husmenn 3 og Muren husmenn 2. e. Martinus Engelsen f. 1861 d. 1864. f. Rakel Engelsd f. 1866 d. 1944 g. 1889 m. Erik Bertelsen f. 1864 Smineset (gnr 169 bnr 19-1a) d. 1914, budde der (2).

15. Hans Engelsen Muren f. 1856 på dette bruket (14c) d. 1943 g. 1879 m. Elen Anna Andersd f. 1856 Hellesund, Øygarden d. 1933 (dotter av Anders Olsen f. 1820 og Karolina Knutsd f. 1831 d. 1864, dei hadde òg sonen Olai Andersen f. 1854, sjå Opphaugen gnr 168 bnr 13-18g). Skøyte på Muren i 1879 for 700 kr frå Fedje Torvkompagni. Ny matrikkelskyld ifølgje matrikkelen i 1890 er på 0 mark og 31 øre. Hans og Elen sette opp det noverande huset på Muren. Næringa var fiske, fiskehandel og jordbruk.

Born: a. Karolina Andrea Hansd f. 1880 d. 1966 g. 1901 m. Gabriel Gullaksen f. 1879 Grenda (gnr 168 bnr 17-15d) d. 1935, budde på Muren gnr 168 bnr 82. b. Edvard Martin Hansen f. 1882 d. 1972 g. 1.g. 1902 m. Hansina Ivarsd f. 1881 Byrknes, Gulen d. 1943, bygde på Muren (gnr 168 bnr 47-1), han var òg neste eigar her (16). c. Bertina Hansd f. 1885 d. 1960 g. 1913 m. em. Ole Peder Kristian Pedersen f. 1861 Tromsø d. 1947, murar, hamnearbeidar, budde på Møhlenpris i Bergen. d. Ingvald Hansen f. 1888 d. 1966 g. 1914 m. Anna Hansd f. 1878 Ragnhildstveit, Fusa d. 1954, fekk frådelt huset på dette bruket, sjå gnr 168 bnr 80-1. e. Hertelius Hansen f. 1890 d. 1978 g. 1915 m. Pernille Petersd Haugland f. 1887 Radøy d. 1976, bygde på frådelt tomt (gnr 168 bnr 42-1). f. Gullak Hansen f. 1893 d. 1969 g. 1916 m. Antonie Magdalena Jakobsd Kaland f. 1896 Austrheim d. 1975, dreiv landhandel der (sjå Austrheimb. I s 174). g. Hans Hansen Muren f. 1896 d. 1968 g. 1917 m. Karina Martinusd Bergsvik f. 1894 Austrheim d. 1927 (sjå Stuberg husmenn 4ba, og Austrheimb. III s 258), budde ei stund her på Muren, born: ga. Håkon Kristoffer Muren f. 1917 d. 2000 g. 1959 m. Ester Marie Larsson f. 1914 Oslo d. 1990, og gb. Norvald Hansen Muren f. 1920 d. 2013. Hans reiste til Oslo som enkjemann, arb. hotell. Dei to gutane vaks opp hjå slektningar i Austrheim, flytta sidan til Oslo. h. Emelius Hansen f. 1899 d. 1904 (drukna utanfor brygga). i. dødfødd son f. 1899 (tvilling til h.). j. Magnus Olai Hansen f. 1901 d. 1903 (engelsk sykje). k. Margit Olina Hansd f. 1904 d. 1992 g. 1923 m. Ole Jensen Rognsvåg f. 1899 (gnr 167 bnr 2-5f) d. 1988, budde der (gnr 167 bnr 6-1).

16. Edvard Hansen f. 1882 på dette bruket (15b) d. 1972 fekk skøyte her i 1936 for 1500 kr frå faren. I 1942 vart våningshuset frådelt med nytt gnr 168 bnr 80, slik at det berre er jorda igjen på bnr 18. Edvard sin familie er ført på Muren gnr 168 bnr 47-1.

17. Fedje kommune fekk skøyte på dette bruket i 1983 av buet etter Anfine Hansen, enkja til nr 16 (sjå gnr 168 bnr 47-1). Det omfattar område rundt kyrkja (gnr 168 bnr 117) og teigar i Storemarka og Austra Slissøyna.


Fedje komm.svg Muren (Fedje gnr 168 bnr 18) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Muren (Fedje) • Neste bolk: Husmenn på Muren