Muren (Fedje)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Muren er ein av dei eldre gardane i Fedje kommune.

Muren er nemnd første gong i dei skriftlege kjeldene i 1590, det vart då skrive Myren. Seinare er den vanlege skrivemåten for det meste rett fram Muren, i samsvar med uttalen. Me finn av og til Muhren og Muuren, når skrivaren har hatt trong for å leggja til ein ekstra bokstav. Muren ligg mellom Eide på den eine sida og Stuberg og Grenda på den andre, i sjølve hjartet av Fedje. Tomta som kyrkja ligg på, er frå dette bruket, og i seinare tid har det gjeve plass til fryseri og post mv. Det har heile tida vore eitt bruk på Muren, før det vart skilt ut tomter etter 1900. Den gamle landskylda for bruket var først 2 pund fisk, og seinare ½ våg fisk.


Fedje komm.svg Muren (Fedje) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Flattun (Fedje gnr 168 bnr 216) • Neste bolk: Muren (Fedje gnr 168 bnr 18)