Smineset (Fedje gnr 169 bnr 19)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Smineset
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 169
Bnr: 19
Adresse: Mulevegen 83

Smineset er ein tidlegare husmannsplass, no bustadeigedom, i Fedje kommune.

1. Bertel Eriksen f. 1839 Smiholmen (1e) d. 1918 g. 1863 m. Elsa Larsd f. 1833 Eide (gnr 168 bnr 15-15a) d. 1922. Dei hadde ei stove på Smineset utan jord, han var fiskar. I 1875 hadde dei to sauer.

Born: a. Erik Bertelsen f. 1864 d. 1914, neste brukar (2). b. Lars Bertelsen f. 1866 d. 1926 g. 1893 m. Berta Johannesd f. 1861 Byrknes, Gulen d. 1950, budde på Husa gnr 168 bnr 62-1. c. Katrina Bertelsd f. 1868 d. 1914 (tub.), fekk med Martin Olai Steffensen f. 1865 Øksneset, Austrheim d. 1937 (sjå Austrheimb. II s 332 og III s 493) dottera ca. Martine Olina Martinsd f. 1890 d. 1957, vaks opp på Moldøyna gnr 170 bnr 3-21, g. 1913 m. Mikal Jensen f. 1890 Rognsvågen (gnr 167 bnr 2-5b) d. 1980, budde der (7). Katrina g. 1898 Stavanger m. em. Trond Larsen f. 1860 Nodland, Karmøy d. 1939 (Karmøyb./Avaldsnes II s 290), budde i Stavanger, han var kolportør (seljar). d. Vilken Bertelsen f. 1871 d. 1877. e. Andreas Martin Bertelsen f. 1874 d. 1876.

2. Erik Bertelsen f. 1864 på denne plassen (la) d. 1914 g. 1889 m. Rakel Engelsd f. 1866 Muren (gnr 168 bnr 18-14f) d. 1944. Dei sette opp det noverande huset om lag 1898. Han var fiskehandlar. Enkja Rakel flytta til Bergen midt på 1930-talet, døydde der.

Born: a. Vilhelmina Andrea Eriksd f. 1889 d. 1955 g. 1912 Herøy m. Johannes Peter Olaisen Sævik f. 1891 Remøy, HerøySunnmøre d. 1964, fiskeskipper, budde der (sjå Herøyb. I s 313), hadde m.a. sønene aa. John Sævik f. 1915, sjå Sulo gnr 169 bnr 72-lb, og ab. Trygve Sævik f. 1920, sjå Rognsvågen gnr 167 bnr 8-la. b. Ingeborg Eriksd f. 1890 d. 1963 g. 1914 m. Olai Martin Olsen Sæthre f. 1891 Austrheim d. 1938 (jf Austrheimb. II s 38), budde i Bergen. c. Eilert Bertin Eriksen f. 1892 d. 1957, neste brukar (3). d. Ragna Elida Eriksd f. 1894 d. 1963 g. 1916 m. Mikkel Olai Nilsen Fjæreide f. 1892 Fjell d. 1972 (jf Fjellb. III s 573), arb. BMV, budde i Bergen. e. Engel Bertin Eriksen f. 1897 d. 1948 g. 1916 m. Johanna Olsd f. 1890 Langedalen (gnr 169 bnr 5-7a) d. 1973, budde i Sulo (gnr 169 bnr 72-1).

3. Eilert Eriksen Smines f. 1892 på denne plassen (2c) d. 1957 g.l.g. 1915 m. Sanna Elmina Paulsd Kleppestø f. 1892 Askøy d. 1925 (dotter av Paul Johan Olsen f. 1847 og Johanna Serina Larsd f. 1866). Sanna var søster til Ragnhild Husa gnr 168 bnr 12-8 og Johanna Husa gnr 168 bnr 48-1. Skøyte 1924 for 500 kr på denne plassen (bnr 19), sjøhustomt (bnr 20) og nausttomt (bnr 21), alle utskilde frå Kremmarholmen gnr 169 bnr 1 . Eilert var fiskehandlar.

Born: a. Einar Bertin Eilertsen f. 1915 d. 1970 g. 1952 m. Solveig Steinsøy f. 1912 Solund d. 2006, bygde i Sulo gnr 169 bnr 43, fekk i 1959 skøyte på halve bnr 21. b. Herman Bertin Eilertsen Smines f. 1917 d. 2002 g. 1941 m. Andrea Ophaug f. 1917 Kopper (gnr 168 bnr 294-le) d. 2005, bygde der (gnr 168 bnr 89). c. Solveig Eilertsd Smines f. 1919 d. 1999, sjå nr 4. d. Peder Erling Eilertsen Smines f. 1921 d. 2004 g. 1944 m. Elen Rognsvåg f. 1923 (gnr 167 bnr 6-la) d. 2013, bygde på Svena (gnr 168 bnr 131). Herman og Peder fekk i 1959 skøyte på bnr 20.

Enkjemannen Eilert Smines g.2.g. 1926 m. Kaja Mikkelsd f. 1885 Kvalvåg, Lygra i Lindås d. 1972, ho var enkje etter Ludvik Nilsen, Sulo (gnr 169 bnr 56-2) d. 1910, sjå der.

Frå venstre Marit Andreassen, Solfrid Karlsen og Annemor Mongstad på Holmekaien en søndag i 1960 før dei skal reisa til Bergen på arbeid.

4. Solveig Smines f. 1919 på dette bruket (3c) d. 1999 g. 1938 m. Konrad Karlsen f. 1907 Muleide (gnr 169 bnr 7-4d) d. 1978. Han var fiskeoppkjøpar, pendla til Bergen etter krigen, garnbindar. Dei budde dels her og dels på Muleide (gnr 169 bnr 7-5). Solveig flytta til Norheimsund, Kvam etter at mannen døydde.

Born: a. Karl Ingemund Karlsen f. 1939, mekanikar, g. 1964 m. Jorun Nellie Harriet Hansen f. 1943 Stræte i Skånland, Troms, bustad Harstad. Karl fekk skøyte på bnr 19 og halve bnr 21 etter morfaren i 1959, og på halve bnr 21 av tanta Solveig Eilertsen (3a) i 1977. b. Solfrid Else Karlsen f. 1944, fabrikkarb., g. 1967 m. Rolf Olsen f. 1927 Stræte i Skånland d. 1993, montasjeleiar Statkraft, bustad Norheimsund, Kvam.

5. Johnny Kongestøl f. 1955 Hesthaugen (gnr 169 bnr 75-2a), elektronikar, var samb.m. Jane Seter, Austevoll f. 1960. Skøyte i 1993 på bnr 19 og 21. Hennar bustad Manger på Radøy, Alver kommune. Han overtok heimehuset.

Barn: a. Anne Linn Seter Kongestøl f. 1992 var samb.m. Håvard Nistad Eriksen f. 1991 Kvinnherad, busette der. Jane sine born i ekteskapet med Kåre Inge Sandø f. 1949 Sund, bustad Bergen (jf Sundb. IV s 580): b. Jan Kåre Sandø f. 1982, seinare Jan Petter Seter, bustad Åsane i Bergen. c. Ingrid Irene Sandø f. 1985, bustad Bergen, seinare Florvåg på Askøy.

6. Trond Walderhaug f. 1965 Sulo (gnr 169 bnr 101-la), sjømann, var g.m. Angelica Concepcion Gonzalez Cabral f. 1980 Argentina. Han kjøpte eigedomen i 1997. Ho flytta til Oslo.

Barn: a. Laura Walderhaug f. 2004.


Fedje komm.svg Smineset (Fedje gnr 169 bnr 19) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Smineset • Neste bolk: Bergly (Fedje gnr 169 bnr 37)