Skansen (Fedje gnr 168 bnr 48)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Skansen
S136.168.48.CD 06 010.jpg
Huset til bnr 48 framme, Smineset og Sulo bak.
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 48
Adresse: Mulevegen 76

Skansen er eit tidlegare småbruk, no fritidseigedom, i Fedje kommune.

1. Johan Olsen Husa f. 1902 (gnr 168 bnr 11-8b) d. 1998 g. 1923 m. Johanna Mathilde Paulsd Kleppestø f. 1903 Askøy d. 1979. Ho var søster til Ragnhild Husa (gnr 168 bnr 12-8) og Sanna Smines (gnr 169 bnr 19-3), sjå der. Skøyte 1926 på tomt frådelt gnr 168 bnr 11 same året. Dei sette opp hus i 1926. I 1953 delte Johan heimejorda (gnr 168 bnr 11) med broren Anders, Johan sin halvpart fekk nytt bnr 125. Johan var fiskar, m.a. medeigar M/S «Feieøy». Då dei fekk jord, hadde dei to kyr og sauer.

Born: a. Osvald Johannes Husa f. 1924 d. 2008 g. 1954 m. Britt Irene Pedersen f. 1927 Sandnessjøen i Alstahaug, Nordland, bustad Arna i Bergen, begge fabrikkarb. b. Signe Henriette Husa f. 1926 d. 1988 g. 1952 m. Jan Kaare Gundersen f. 1931 Bergen d. 2022, maskinarb., busette der. Jan flytta til Askøy i 1994 og seinare til Kopper (gnr 168 bnr 194). c. Aase Husa f. 1931 d. 2015 g. 1960 m. Karl Storhaug f. 1935 Nygård (gnr 172 bnr 36-1c) d. 2008, busette der (gnr 172 bnr 116). d. Johanna Paula Husa f. 1938 g. 1960 m. Otto Gunnar Solend f. 1938 Bergen, murar, lærar, busette der. e. Morris Husa f. 1942 d. 2022, matros, overtok huset. Han fekk skøyte på jorda bnr 125 i 1982, og på huset (bnr 48) i 2009. Garasje vart bygd i 1995. Morris flytta til Åsane i Bergen.

2. Marit Thomassen f. 1972 Kopper (gnr 168 bnr 189-1d), cand.mag., g. 2002 m. Kolbjørn Liland f. 1973 Bergen, bustad Brattholmen i Fjell, Øygarden kommune. Skøyte 2020 på huset (bnr 48) og jorda (bnr 125), som vert brukt som fritidseigedom.

           Born: a. Aron Park Liland f. 2002. b. Liam Park Liland f. 2004. c. Stella Park Liland f. 2006.

Fedje komm.svg Skansen (Fedje gnr 168 bnr 48) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Husmenn på Husa • Neste bolk: Solstrand (Fedje gnr 168 bnr 50)