Frydenlund (Fedje gnr 168 bnr 103)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Frydenlund
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 103
Adresse: Muren 2

Frydenlund er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Hilda Hansen f. 1922 Muren (gnr 168 bnr 42-le) d. 2006 g. 1947 m. Rolf Andreas Bruland f. 1916 Førde d. 1989 (sjå Førdeb. II s 387), sjåfør på Fedje. Skøyte i 1947 på denne tomta frådelt gnr 168 bnr 18 same året. Huset vart bygd i 1949, dei budde først hjå foreldra hennar.

Born: a. Norvald Arne Bruland f. 1948, ingeniør i Oslo, flytta til Bergen, var g. 1980 m. Heidi Wold f. Strømmen i Skedsmo. b. Eva Bruland f. 1952 var g. 1975 m. Terje Holberg Johannessen f. Bergen, busette der.

Dei to borna fekk skøyte her i 1984.

Leigebuarar:

2. Sverre Malvin Sæbø f. 1924 Kvinnherad d. 2007 (jf Kvinnheradb. V s 168) g. 1953 m. Torbjørg Møllerhaug f. 1933 Vikebygd i Vindafjord leigde i 1. etasje nokre år frå 1953. Seinare budde dei i Holmen (gnr 169 bnr 6). Han var styrar på Bjelland frå oppstarten og til 1959. Sidan var dei på Karmøy og i Onsøy, Fredrikstad, seinare Porsgrunn.

Born: a. Åse Sæbø f. 1954 d. 1955. b. Geir Møllerhaug Sæbø f. 1955, bustad Bodø, seinare Sandnes og så Bodø igjen. c. Steinar Møllerhaug Sæbø f. 1959, bustad Porsgrunn, flytta til Kristiansand.

3. Jorunn Charlotte Nicolaysen f. 1957 d. 2017, bustad Bergen, fekk skøyte i 2007 og brukte huset som fritidsbustad. Jorunn g. 1978 m. Willy Johan Eltvik Honningsvåg f. 1949 Bergen, busett der. Ekteskapet oppløyst.

Barn: a. Anne Cecilie Honningsvåg f. 1979, bustad Bergen.

Jorunn var samb.m. Gunnar Andreas Danielsen f. 1953, bustad Breistein, Åsane i Bergen.

Barn: b. Louise Danielsen f. 1984, bustad Breistein.

4. Paul Husa f. 1965 Uthaugen (gnr 168 bnr 67-4d), rekneskapsleiar, økonomirådgjevar. Skøyte i 2012.


Fedje komm.svg Frydenlund (Fedje gnr 168 bnr 103) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Strandly (Fedje gnr 168 bnr 82) • Neste bolk: Kyrkjetomta (Fedje gnr 168 bnr 117)