Granittvegen (Kviteseid)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Granittvegen sett sørover.
Foto: Roy Olsen (2022).

Granittvegen er ein hytteveg i Vrådal i Kviteseid kommune som går sørover frå Kviteseidvegen, gjer ein U-sving nordover og endar blindt ved nr. 68 nær Dalsåi heilt nord i feltet. Han er 772 meter lang.

Vegen har namn etter bergarten Granitt og vart namnsett i 2016. Dei fire vegane i Vrådal hyttegrend har namn etter bergartar. Om namnevalet skriv Kviteseid kommune:

I mangel av klare alternativ basert på lokal namnetradisjon i området, har utvalet vald å fylgje ønskja frå utbyggar, m.a. vil han unngå namn med æ, ø og å.

Kilder

  • Statens vegvesen: Granittvegen
  • Kviteseid kommunestyre, sak 071/16, 20.10.16 (PDF)


Koordinater: 59.30770° N 8.51770° Ø