Andreas Haukland

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Andreas Haukland. Faksimile frå omtale i Fjell-Ljom 12. desember 1933.

Andreas Elias Haukland (fødd 1. oktober 1873 i Mosjøen, død 9. oktober 1933 i Italia) var forfattar, ein av landets fyrste proletar- og rallardiktare, mellom anna kjend for den sjølvbiografiske romanserien om Ol-Jørgen.

Familie

Andreas Haukland var son av den svenske skreddaren Sven Erik Davidsen og sypike Elen Antonsdatter (f. 1844). Han gifta seg i 1913 med Elisabeth Hessler frå Tyskland. Dei hadde sonen Hauk, som døydde i ei ulukke i 1930, 11 år gammal.

Liv

Andreas Haukland vart fødd utanfor ekteskap og hadde ikkje kontakt med faren. 8 år gammal vart han satt bort til gården Haukland ved Mosjøen. Etter konfirmasjonen levde han eit vandrerliv som kramkar og anleggsarbeidar, fyrst på Helgeland, seinare i Sør-Noreg og i Sverige.

Etter at Haukland i 1913 gifta seg med Elisabeth Hessler slo ekteparet seg ned på Austlandet. Haukland var gardbrukar, men gjekk konkurs i 1922. Etter eit opphold i Tyskland busatte ekteparet seg på Capri i Italia.

Den eigentlege debuten til Haukland som forfattar kom i 1902 med novellesamlinga Bonsaks fortællinger. Historier fra Nordland. I 1902 kom óg fyrste band av den sjølbiografiske romanserien om Ol-Jørgen. I alt utgav Haukland fire bøker om Ol-Jørgen, som reknast som houvedverket hans.

Haukland gav óg ut naturlyriske bøker, som i sin eigen tid vart godt teken imot blant kritikare og lesare, men som kanskje ikkje har tåla tidens tann like godt som den øvrige produksjonen hans. Han gjorde óg forsøk som samtidsdiktar.

Han døydde av eit illebefinnende under ein tur til Napoli frå sin bostad på Capri.

Den etterlatte boksamlinga til Haukland, samen med manuskripter, er oppbevart på folkebiblioteket i Mosjøen.

Kilder