Bergen township (Nelson Co. ND)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
«Plat map» over Bergen township ca. 1900

Bergen er eit township i Nelson County i delstaten Nord-Dakota i USA. Townshipet ligger heilt sør i Nelson og har sørgrense mot Griggs County. I det nordvestre hjørnet av townshipet renn Sheyenne-elva i noko som vi i Noreg ville kalle eit lite dalsøkk.

Bergen twn. vart etablert i 1884 ved at 26 nybyggjarar søkte countyforsamlinga for Nelson om løyve til å etablere eit nytt township «149 North Range 60 West of the 5th Meridian» (sjå township). Countyforsamlinga gav løyve i møte 7. april dette året, og baud sheriffen om å kalle inn til town-møte 25. april.

Bergen var eit township med betydeleg norsk busetjing. Ein av dei 26 som søkte om å få etablert townshipet var Lars O. Bue, den einaste som vart nemnt med namn i referatet frå countyforsamlinga. Han vart «clerk» (sekretær) for townshipet, og Ingebret I. Raaen vart konstabel.

Skular i Bergen twn.

Året etter Bergen var etablert, vart skuledistriktet oppretta, og første skuleperioden gjekk frå 18. januar til 16. april 1886 med same Lars O. Bue som lærer med ei løn på 25 US$ pr månad. Av 34 namn på elevar i protokollen er nesten 30 norske.

Frå historikken i NCH 1 s. 723-25 ser det ut til at det har vore fire skulehus i townshipet.

Sheyenne Lutheran Church

Sheyenne Lutheran Church i Bergen Township - truleg den første.

Alt før Bergen vart etablert - 7. februar 1882 - organiserte 12 norske nybyggjarar, som hadde kome til Sheyennedalen året før si eiga kyrkje og gav ho namn etter elva. Dei var: Iver O. Raaen, Ole Bjorlie, Peder O. Enstad, Knut Enstad, Halvor Holden, Ole Moen, Lars O. Bue, Ole I. Raaen, Torger Brekken, A. P. Bjorlie, Soren Evenstad og Sivert Bjorlie.

Den første presten var pastor Ibrahim L. Lundeby, som vart kalla 4. desember 1883.

Det første kyrkjehuset var eit tømrahus på 16 x 20 fot. Det vart oppsett året etter og teke i bruk første gongen 23. desember 1884. Berre to år seinare vart det utvida første gongen, og seinare vart kyrkja påbygd fleire gonger. I 1943 gjorde ein storm så stor skade på kyrkja at det vart vedteke å byggje ei ny. Ho stod ferdig til påskegudsteneste i 1946.

Kvar nokre av dei norske nybyggjarane i Bergen kom frå

Gjeld dei som har oppgjeve annan heim- eller fødestad enn berre Noreg i NCH. Merk at fødselsår og namneformer er frå NCH:

  • Sogn: Ragnhild Lysne og Knute Anderson
  • Gudbrandsdalen: Anne Snokhol f. 1826 og Thore Arlien f. 1815
  • Lesja: Kari Dalen og Amund Bjorlie f. 1858, Ole Bjorlie f. 1850, Sever H. Bjorlie f. 1854, Knute Enstad f. 1847, Ole J. Enstad f. 1851, Mary Enstad f. 1853, Jonas H. Enebo f. 1877
  • «Bergen stift»: Lars O. Bue f. 1860.
  • Romsdalen: Anne Broste f. 1852
  • Trøndelag: Petronilla f. 1830 g. m. Soren Evenstad f. 1832

Kjelder