Birtedalen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Birtedalen sett frå Bergstadfjell, omlag 1956.
Foto: Leif Sølyst
Vegviser ved fylkesveg 401 inn til Kvipt gjestegard.
Foto: Siri Johannessen (2017).
Telefonkiosken fekk nytt liv som bomkasse i Øvre Birtedalen.
Foto: Siri Johannessen (2017).

Birtedalen er ei lita fjellgrend heilt sør-vest i Fyresdal og ligg omlag 600 meter over havet. Der finst to teoriar om kva opphavet til namnet er, den eine er at det kjem frå ordet "Bjart", som tyder lyst og fagert. Den andre teorien er at etter svartedauden, fanst det bare att ei jente i dalen, og ho heitte Birte. Birtedalen har ei særs lang historie, med funn av steinalderbuplassar, samt ein optimalt plass for yrande liv i tidleg mellomalder, med store vidder til jakt og fiske saman med gode heislåttar.

Gardar i Øvre Birtedalen

Fjalebu
Fjellheim
Haugen
Klauvås
Kvipt
Lyngstad
Nigard Kile
Austre Kile
Søgard Kile
Vestre Tovslid
Austre Tovslid

Gardar i Nedre Birtedalen

Øvre Berge
Nedre Berge
Buvik
Espelia
Kleivi
Kåsa
Midtgarden
Nesi
Sandvik
Vik i Birtedalen
Vinsnes

Tidleg soge

Arkeologar stadfestar kjensla av gamal busetjing i Birtedalen. Det er i det heile mange funn i Birtedalen, spenne, økser og diverse reidskap. Då Kjetil Fjellheim skulle bygge på våningshuset på Kvipt i 1944, kom ein hellegang for dagen. Arkeologar var å undersøkte, og gamle gjenstandar var funne inne i den lange hellegangen. 700 meter søraust for Kvipt, ligg det også 3 langhaugar. Her er slagg etter myrmalm og magne uthogne granittsteinar som må ha vore eit byggverk. Kjetil Fjellheim råka også å finne 2 gamle Fallossteinar, som var fruktbarhetsgudar i oldtida.

Lokale verksemder

Undervisning

Fyrst var det undervisning i dei forskjellige gardane. I 1922 var Skulestoga ferdig, og var i drift fram til 1968. Elevane vert då frakta med buss til Gimle skule, som i 2017, er einaste skulen i Fyresdal kommune. Skulebygninga i Birtedalen fungera som grendehus fram til samde fann ut at dei ville ha gamle Møbelfabrikken som samlingspunkt. Skulen vert då riven i mai 2017. Olav Kvipt tok vare på mykje av det gamle inventaret, som til dømes, den gamle etasjeovnen, dørar, vindauge og panel som i si tid mest sannsynleg blei saga og høvla i Birtedalen.

Birtedølar

Kjelder

  • Marvik, Steinar. Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992.
  • Leif Sølyst