Leif Sølyst

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Leif Sølyst ved brygga i Fyresdal, 1941.
Foto: Per Sølyst.

Leif Sølyst (født 11. april 1923 i Brunlanes, død 15. september 2019 i Fyresdal) var rutebileigar og -sjåfør.

Sølyst flytta til Birtedalen i Fyresdal i 1941. Her gifta han seg med Signe Tovslid.

Han overtok busskøyringa etter Olav Sandvik, og stifta verksemda Birtedalen Rutebil. I tillegg køyrde han skolerute og var landpostbud.

Saman med kona etablerte Sølyst også landhandel, som det i stor grad var ho som dreiv.

Leif og kona heldt i fleire år søndagsskole for borna i Birtedalen og Breivik. Han var også med i fleire nemnder og utval i Fyresdal kommune.

Kjelder